Ei god bok for hyklarar

4 days ago 4



BOK: «Jordbane» er ein roman som gir deg den fine kjensla av å vera høgt heva over alle andre.

Samantha Harvey vann den prestisjetunge, britiske Bookerprisen i 2024 for «Jordbane», som på engelsk har tittelen «Orbital». Foto: Alberto Pezzali / AP / NTB

Publisert: Publisert:

For mindre enn 30 minutter siden

 3 out of 6

Samantha Harvey: Jordbane. Roman. 175 sider. Omsett av Kirsti Vogt. Gursli Berg Forlag.

Av og til kjennest det som om ein er komen på feil klode. Som når ein snakkar med unge klima- og miljøentusiastar på venstresida, som nærast brenn opp av internasjonalt engasjement og solidaritet. Heilt til nokon utanforståande ymtar om kva dei sjølve har tenkt å gjera, særleg når det gjeld eige forbruk. Gjera noko sjølv? Eige forbruk? Noko slikt vil dei ikkje høyra snakk om. Nei, styresmaktene får finna opp miljøsmart teknologi som gjer det mogleg for dei å halda fram med Høgre-livsstil i MDG-losjen. Eg følgjer så lite med i språkpolitikken, så eg veit ikkje kva slikt blir kalla i dag, men før i tida gjekk slik framferd under nemninga «hykleri».

Så dei hadde nok likt denne romanen, desse unge håpefulle, om seks astronautar frå ulike land som bruker uhorvelege mengder ikkje-fornybare ressursar på å skyta seg opp i verdsrommet, sirkla rundt jordkloden 16 gonger og konkludera med at planeten me bur på er vakker. I alle fall sett frå veldig langt hald …

«Jordbane» kiler kjenslevart og ømt på dei rette katastrofestrengane og gir lesaren den gode kjensle av å vera høgt heva over alle andre. Ei barnebok som kan tilrådast for sjølvmedvitne klima-kids i alle aldrar.

Boka har fått ein pris i utlandet, så dermed er det trygt å lesa den, for du slepp å gjera deg opp di eiga meining, noko eg veit enkelte synest er slitsamt.

Romanen treng likevel ikkje dømmast på ideologisk grunnlag, den kan gjerne (ned) vurderast på estetisk grunnlag også. Kva med ei liste på tre punkt, for dei som helst vil ha KI-genererte lettles-oppsummeringar:

1. «Jordbane» behandlar lesaren som om han var ein unge. Me skjønnar at jordkula som er skildra har metaforisk potensial som «Moder jord» allereie på side ni, utan at forteljaren treng å forklara det som ei høgtlesande barnehagetante på side 15.

2. «Jordbane» inneheld ei klissete underhistorie om ein fiskar og ein astronaut, som er så søtlåten og idealisert inkluderande at sjølv ein manusforfattar i Hollywood ville synst det knasa for mykje av sukker i tennene.

3. «Jordbane» sin forfattar blir så forelska i sin eigen ide (som er god, eg innrømmer det) om eit sirklande, monotont perspektiv at ho tar så mange av dei same rundane ho tar så mange av dei same rundane ho tar så mange av dei same rundane at lesaren til slutt keiar seg så sakte i hel at vedkomande heller hadde føretrekt på meir humant vis å bli brent til døde i fri flukt ned gjennom stratosfæren.

Så har Samantha Harvey nokre gode formuleringar, eg likte til dømes denne: «alt menneskene noen gang var og gjorde, [vil] være et kortlivet lys som slås på og av igjen én dag midt på året, og ingenting kommer til å huske det.» Synd at ho ser seg nøydd til å kauka ut slike bodskap med ropert i klartekst, i staden for å la dei spela seg ut gjennom ei form for handling. Men slik blir det når Harvey driv det litterære prosjektet sitt med anti-plott lengre enn godt er.

Dét er likevel ikkje det verste. Det verste er at «Jordbane» appellerer til politisk korrekte instinkt på ein så skamlaus måte at romanen blir kunstnarisk uinteressant. Omtrent som plasseringa av den der elefanten framfor domkyrkja. Elefanten i rommet.

Publisert:

Publisert: 7. juli 2025 17:03

Read Entire Article