Drap på ukrainske krigsfangar: – Det betyr jo at det ikkje er rom for å overgi seg

2 hours ago 4



Fleire ukrainske krigsfangar blir stilte opp på ei rekke og skotne mot på nært hald. Dei fell om på bakken.

Så blir dei skotne ein gong til, enda nærare.

SVT har verifisert dronevideoen som viser avrettingar av til saman ti ukrainske krigsfangar.

Seks kroppar ligg i nærleiken. Truleg har også dei blitt avretta av russiske soldatar.

I strid med krigens reglar

– Soldatar har rett på beskyttelse frå dei overgir seg eller sluttar å slåst. Og poenget med å ta soldatar til fange, er at motparten ikkje treng å slåst mot dei.

Det seier Camilla Cooper, professor i operasjonell rett ved Forsvarets høgskule.

Ho fortel at fangar skal behandlast på ein human måte, heilt fram til krigen er over og dei kan sendast heim att, eller at dei blir utveksla med fangar frå motparten.

Russlands president Vladimir Putin sa i juni at landet har tatt til fange meir enn 6400 ukrainarar, medan vel 1300 russarar sit i ukrainsk fangenskap.

soldater i en buss

FANGEUTVEKSLING: I september blei 103 fangar lauslatne på kvar side. Biletet viser nokre av dei russiske krigsfangane.

Foto: Russian Defence Ministry / via Reuters

– Ikkje rom for å overgi seg

Videoen skal vere filma 30. september i Pokrovsk i Donetsk, og føyer seg inn i ei rekke videoar som viser drap på ukrainske soldatar.

Cooper ser på det som særs alvorleg at uvæpna soldatar blir drepne.

– Dette betyr jo at det ikkje er rom for å overgi seg. Då finst ikkje det alternativet lenger, og det gjer at krigen kan vare mykje lengre, seier Cooper.

– Då må ein jo slåst til det siste.

Tidlegare denne veka publiserte avisa Kyiv Independent ein video som viser tre uvæpna ukrainske soldatar blir skotne på nært hald i byen Niu-York i Donetsk.

Det var den ukrainske Azov-bataljonen som først publiserte opptaket.

Videoen er publisert av ukrainske styrkar og er ikkje uavhengig vertifisert.

Den vesle byen var under hardt skyts i slutten av august, og Russland hevda sjølv at dei hadde tatt kontroll over byen.

I september seier Azov-bataljonen at dei har tatt tilbake kontrollen.

Soldatar med faklar står på rekke og rad.

DEMONSTRASJON: Soldatar frå Azov-bataljonen viste solidaritet med ukrainske fangar i russiske fengsel i ein demontrasjon i juli.

Foto: Efrem Lukatsky / AP

Brutalitet i krigføringa

Videoen som viser drapet på dei ti fangane er filma i nærleiken av den ukrainske frontbyen Pokrovsk, der det har vore harde bakkekampar.

– Kva er poenget med å drepe dei?

– Dette er i eit område som nyleg har blitt okkupert av russiske styrkar. Vi ser at når russiske styrkar tar kontroll over nye område, utviser dei ein valdsam brutalitet. Også mot sivile.

Det seier forskar ved Forsvarets høgskule Tobias Sæther.

Han seier at videoane delvis viser eit strukturelt problem i dei russiske styrkane, og at dei delvis reflekterer det russiske samfunnet.

– Krigen eskalerte i 2022, så leiinga i Russland har hatt tid til å korrigere åtferda til dei russiske soldatane. Det har ikkje skjedd, seier han.

Sæther fryktar at valden derfor kan vere ein intensjon frå øvre hald i det russiske militæret og frå politisk hald.

Cooper seier at ein har sett liknande videoar på ukrainsk side òg, men at dette har blitt slått hardt ned på.

Fanger i blå uniform går på rekke og rad med hendene bak ryggen i eit fengsel.

RUSSISKE FANGAR: Russiske fangar i ein ukrainsk interneringsleir. Nyheitsbyrået AP fekk besøke ein avgrensa del av området i april 2024.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP

– Skyt alle

Dei fleste videoane av avrettingar som NRK har sett, blir fanga opp av ukrainske dronar og publisert på pro-ukrainske Telegram-kanalar.

Men ein video som Human Rights Watch (HRW) har verifisert og analysert, er filma frå ein russisk drone og publisert på ein prorussisk kanal.

Der kan ein høyre ei stemme bak skjermen, som gir kommandoar i sanntid til fire russiske soldatar.

Dei drep to ukrainske soldatar som kravlar ut frå ei skyttargrav og ser ut til å overgi seg.

– Ikkje ta nokon fangar, skyt alle, seier kommandogivaren, og:

– Folkens, skyt alle, han andre er såra, skyt han ovanfrå, skyt han, ikkje ta nokon fangar.

Eit skjermbilete frå ein video som viser ein skog med tre utan bladar, og to soldatar. Den eine soldaten står vend mot ei skyttergrav som den andre soldaten kjem ut frå. Tekst over biletet med forklaring frå HRW.

HRW har analysert ein video frå Donetsk-regionen, fanga opp av ein russisk drone. Skjermbiletet er henta frå Telegram-kanalen atadoneck, medan teksten over eg lagt på av HRW.

Foto: Human Rights Watch / HRW, Telegram-kanalen atodoneck

Publisert 09.10.2024, kl. 18.33

Read Entire Article