Dommar avbraut avhøyr – no er beviset stoppa

3 days ago 5



Eit heilt avgjerande og sentralt bevis mot storebroren i Ullensvang-saka er førebels avskjært av lagmannsretten.

 Robert Reinlund / TV 2
VANN FRAM: Advokatane Aleksander Sele og Ingvill Gjerstad representerer storebroren i den omfattande overgrepssaka. Foto: Robert Reinlund / TV 2

Publisert 03.10.2024 10:28

I februar 2023 gjekk ein då 15 år gamal gut inn på Barnehuset i Bergen for å forklare seg om seksuelle overgrep frå sin storebror.

Vel eitt år seinare vart faren, mora og storebroren hans dømde for å ha valdteke både han og søstera gjennom fleire år

Saka er omtala som den verste overgrepssaka i nyare norsk historie. Alle nektar straffskuld.

Onsdag denne veka vart det aktuelle avhøyret frå 2023 vist fram i ankesaka i Gulating lagmannsrett. Brått vart det stoppa av ein av lagdommarane. Det oppstod diskusjon om det kunne ha skjedd ein feil i avhøyret.

No kan det viktigaste beviset mot storebroren falla. 

For torsdag avgjorde lagmannsretten at dette avhøyret, og eitt til, førebels skal avskjerast som bevis i retten.

Det er ei dramatisk utvikling i den omfattande overgrepssaka frå eit nabolag i Ullensvang kommune i Vestland.

Tre barn i same nabolag skal ha blitt valdtekne av foreldre og bror

Må inn i nytt avhøyr

For i det konkrete avhøyret frå 2023 fortel guten for første gang at også storebroren hans var med på dei grove valdtektene saman med mor og far.

Ein time inn i avhøyret får storebroren hans status som sikta, på grunn av det 15-åringen fortel.

Forklaringa er heilt sentral for at det blei tatt ut tiltale mot storebroren. No risikerer påtalemakta å miste dette beviset.

Lagmannsretten meiner likevel at beviset «kan reparerast». 

Det skjer ved at guten blir innkalla til eit nytt tilrettelagd avhøyr på Barnehuset.

Saken oppsummert

Ankeforhandlingane etter overgrepssaka i Ullensvang pågår i Gulating lagmannsrett denne hausten.

Eitt foreldrepar og deira eldste son vart i tingretten dømde for valdtekter av dei to yngste barna i familien. Tingretten meinte foreldra etablerte eit regime der overgrep var kvardagen.

Nabomannen til familien vart også dømd for valdtekter av nabojenta og sin eigen son. Retten meinte han opptredde som om han var forelska i jenta og utnytta hennar sårbarheit.

Alle nektar straffskuld. Lagmannsretten har oppnemnd ein vitnepsykolog som sakkunnig, som skal vurdere samtalane barna har hatt med barnevernstilsette.

Oppsummeringen er laget med kunstig intelligens (KI) fra OpenAI. Innholdet er kvalitetssikret av TV 2s journalister.

Brot på orienteringsplikta

Årsaka til at beviset er avskjært, handlar om det som blir kalla «forklaringsplikt» og «orienteringsplikt» i straffeprosesslova.

Eit vitne kan velje å ikkje forklara seg om til dømes ein far, mor eller eitt søsken risikerer straff

Denne retten meiner forsvararane at avhøyrer ikkje opplyste 15-åringen om før avhøyret om påståtte overgrep frå storebroren starta i februar 2023.

– Vi meiner avhøyrer unnlét å fortelje at han har rett til å ikkje forklare seg i det heile tatt. Det er brot på orienteringsplikta, prosederte storebrorens forsvarar, Ingvill Gjerstad, til lagmannsretten torsdag morgon.

Så bad ho retten avskjera både den forklaringa og ei anna forklaring som bevis i ankesaka. Alle forsvararane stilte seg bak forslaget. Og fekk altså medhald.

 Robert Reinlund / TV 2
FORSVARET: Bak frå venstre står Robert Fonn, Alexander Sele, Ingvill Gjerstad, Astrid Aksnes, Kim Villanger, Jan Henrik Høines og Helene K. Hjelmaas. Kai-Inge Gavle var ikkje tilstades då biletet vart teke. Foto: Robert Reinlund / TV 2

Treng ikkje gi nytt avhøyr

Politiadvokat Inger-Lise Høyland argumenterte på vegner av påtalemakta, som meinte at beviset kunne førast og at orienteringsplikta var godt varetatt i avhøyret.

– Han var på førehand godt informert om at avhøyret nettopp skal handle om storebror. På dette tidspunktet var mor og far allereie tiltalt i saka, så han var klar over kva konsekvensane av forklaringa hans kunne vera for storebroren. 

Lagmannsretten meiner likevel at den prosessuelle feilen i det aktuelle avhøyret kan reparerast. Det skjer ved at påtalemakta innkallar guten til nytt tilrettelagd avhøyr, der han blir korrekt orientert om retten til å ikkje forklara seg.

– Og så rekker det å spørje om han står ved forklaringane han har gitt i desse to avhøyra. Vi treng ikkje eit nytt avhøyr, sa lagdommaren då han grunngav avgjerda om å avskjera beviset.

Men om guten då skulle velja å trekke forklaringane sine, kan altså hovedbeviset mot storebroren falla.

– Påverknad

Guten, som i dag har fylt 17 år, har fortald om massive overgrep frå far og mor gjennom fleire tilrettelagde avhøyr forut for februar 2023.

Det er til tider snakk om overgrepsskildringar som tingretten omtalte som «fullstendig grenselause». 

Også søstera hans, som i dag er 12 år, er offer i saka. I ei separat sak, men som blir ført i same rettsforhandling, er også ein nabomann tiltalt for valdtekter mot jenta og sin eigen son.

Alle dei fire nektar straffskuld og seier barna er påverka av barnevern og politi til å fortelje om overgrep som aldri har skjedd.

Saka held torsdag fram med avspeling av tilrettelagde avhøyr av den fornærma jenta i saka.

 Helge Birk Knudsen / TV 2
DOMMEN: Dette er dei tiltalte og dommen dei fekk i Hordaland tingrett i vinter. Grafikk: Helge Birk Knudsen / TV 2
Read Entire Article