Dobla prisen over natta

5 hours ago 3



Då Herde kjøpte den fyrste brokkolien kosta han 14,90,-. Dagen etter kosta han 28,90,-

To dagar seinare endra dei prisen til 24,90,-. Og denne veka er prisen tilbake til 14,90,-

Av og til kan ein få inntrykk av at butikkane prøvar å forvirre folk, seier Olav Kasland i Forbrukarrådet.

Forbrukarrådet er kritiske til korleis butikkane prisar maten. Tidlegare i år klaga dei fleire kjeder inn til Forbrukartilsynet.

– Det er svært, svært, vanskeleg å orientere seg. Her er det jo fint at det har vore ein kampanje, men merkinga er ikkje god nok, seier Kasland.

Glad i brokkoli

Historia om brokkolien startar då Markus Herde handla hos sin lokale butikk ein torsdag ettermiddag.

Då kjøpte han ein brokkoli til 14,90,-

Herde er glad i brokkoli, så allereie fredag føremiddag var han tilbake og kjøpte éin til.

– Eg sjekka ikkje prisen då. Det var under eit døgn sidan eg handla der sist, og det såg ikkje ut som dei hadde fylt på hylla. Då følte meg sikker på at prisen ville vere den same, seier Herde.

Markus Herde føler seg lurt av at Kiwi dobla prisen på brokkoli over natta

Dei digitale prislappane er festa slik at Herde må ta på seg brillene og gå ned på eitt kne for å lese prisane på det som står i nedste hylle.

Foto: Per-Ivar Kvalsvik / NRK

Då han kom heim og sjekka kvitteringa fekk han seg ei overrasking.

Brokkoli 28,90,-

Ein prisauke på 94 prosent i løpet av 20 timar.

– Eg blei veldig overraska. Plutseleg, pang! Så hadde han auka så mykje.

En kvittering fra Kiwi. På den første kvitteringen fra 4.september koster brokkolien 14,90, men på den andre kvitteringen fra 5.september kostet brokkolien 28,90.

På den første kvitteringen fra 4.september koster brokkolien 14,90, men på den andre kvitteringen fra 5.september kostet brokkolien 28,90.

Foto: Aurora Ytreberg Meløe / NRK

– Eg synest dei lurer kundane. Du kan sjølvsagt seie at eg burde sett på prisen igjen, men eg orka ikkje bøye meg ned. Eg tenkte eg hadde oversikt sidan eg hadde kjøpt det same dagen før, seier han.

– Heilt vanleg kampanje

Kiwi opplyser at prisane på frukt og grønt kan variere meir enn andre varer.

– Kvifor auka prisen på brokkoli så mykje over natta?

– Vi hadde ein heilt vanleg kampanje på brokkoli. Den varte i fire veker. Då kampanjen var over gjekk prisen tilbake til 28,90,- same pris som før, seier kommunikasjonsdirektør Kristine Aakvaag Arvin.

– Dersom dette var eit tilbod, kvifor kan ikkje vi sjå rabatten på kvitteringa?

– Vi viser ikkje at det er ein kampanje på kvitteringar. Rabatt på kvitteringa viser vi berre på varer som er sett ned i pris fordi dei snart går ut på dato, seier ho.

– Er det vanleg å avslutte kampanjar på torsdagar?

– Kampanjane våre sluttar ikkje på faste dagar. Det er ein del av konkurransen at prisane ikkje er føreseielege.

Kristine Aakvaag Arvin

Kristine Aakvaag Arvin er kommunikasjonsdirektør i Kiwi, landets største daglegvarekjede.

Foto: Kiwi

Ho forklarer vidare at den første kampanjen varte litt lenger enn planlagt, på grunn av konkurranse i marknaden.

– Kva vil du seie til kundar som meiner prisane svingar mykje på Kiwi?

– Vi kan godt forstå at oppgangen blir opplevd som stor over natta. Men det viser berre at det var ein god kampanje. Det var like stor nedgang då vi innførte kampanjen.

At prisen gjekk ned to gonger til, forklarer Kiwi med følgjande:

– Vi oppdaga ein kampanjepris på 24,90 i marknaden. Vi sjekkar prisar kvar dag for å vere billegast, og vi skal vere den billegaste lågpriskjeda, seier Arvin.

Det siste priskuttet til 14,90,- skuldast eit priskutt på produkt som passar til kylling som òg er sett ned i pris, opplyser Kiwi.

– Prisane på frukt og grønt svingar meir enn på andre varer, fordi dei blir påverka av sesong, tilgong og kampanjar i marknaden, sier Arvin.

– Kan det vere forvirrande for kundane?

– Vi forstår sjølvsagt at hyppige prisendringar kan forvirre. Det er eit resultat av tøff konkurranse mellom kjedene. For kundane har det ført til at vi har hatt ekstra låge prisar på brokkoli store delar av hausten, og vi håper det har bidratt til at mange har ete meir grønsaker, seier Arvin.

Markus Herde føler seg lurt av at Kiwi dobla prisen på brokkoli over natta

Både reporter og kunde måtte ned på kne for å sjekke prisen.

Foto: Per-Ivar Kvalsvik / NRK

– Merkinga i butikken er slik at kunden må gå ned på kne for å sjå prisen. Er det god nok merking?

– Vi er opptatt av ærleg prising, så det innspelet tek vi sjølvsagt med vidare og vil sjå på, seier Arvin.

Herde seier han ikkje fekk med seg informasjon om at det var ein kampanje.

– Det er ikkje veldig godt merka og det kjem heller ikkje fram på kvitteringa. Eg synest det er heilt urimeleg med nesten 100 prosent prisauke frå torsdag ettermiddag for fredag morgon, seier Herde.

Milliardbøter

I starten av september bestilte også regjeringa ein rapport som skal granske prisar og bonusprogram.

Norgesgruppen, Reitan Retail og Coop har tidlegare fått gebyr for ulovleg prissamarbeid.

Då fekk dei bøter på 4,9 milliardar kroner.

Konkurranseklagenemnda stadfesta bøtene, men kjedene har anka saka på ny.

Etter eit stort prishopp i juli, gjekk matprisane litt ned frå juli til august, viser tal frå SSB.

Men trenden over tid viser at prisane har auka meir enn det dei fleste får i lønnsauke.

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

Publisert 16.09.2025, kl. 06.40

Read Entire Article