– Eg er oppskaka, men har fått roa meg litt no. Eg ser at vi har vore veldig heldige.
Det seier tobarnsmora Ingeborg Børve Helland kort tid etter brannhendinga søndag morgon.
Det byrja å brenne i eit køyretøy i Modalen i Vestland, som så var i ferd med å spreie seg til ein einebustad.
I bustaden bur normalt familien på fire, men tilfeldigvis var dei bortreist denne helga og overnatta like i nærleiken.
– Eg var veldig forvirra, for eg fekk alarm på kamera om at det var noko som skjedde utanfor huset. At det var aktivitet.
SJELEGLAD: Ingeborg Børve Helland er glad for at familien ikkje var heime då brannen braut ut.
Foto: PrivatHo har kopla overvakingskamera frå huset til mobilen.
– Så såg eg brått at det var brann.
Då hadde brann og politi alt fått varsel av ein av naboane, Thomas Brügger Brekkhus.
– Eg gjekk tur med hunden og så kjende eg røyklukt. Eg tenkte ikkje så mykje over det før eg nærma meg, då såg eg røyk. Då såg det ut som om det var eit hus som brann, men det viste seg å vere ein bil. Eg såg ein stor flamme ut av panseret på høgresida.
Brannmannskap frå Modalen var raskt på staden og klarte å hindre full spreiing.
Foto: PrivatEldre dieselbil
Bilen er ein eldre dieselbil som familien nyleg hadde kjøpt brukt, ein Suzuki Grand Vitara.
Bilen hadde ikkje vore i bruk på eit par dagar, difor kom brannen så overraskande.
– Dette var ikkje noko vi hadde tenkt kunne skje.
På eit tidspunkt byrja bilen også å trille enda nærare husveggen.
– Det er veldig ekkelt. Eg er sjeleglad for at vi ikkje var heime og at det ikkje skjedde på natta.
Modalen ligg i Vestland kommune
Brannvarslarane inne i huset skrudde seg på, men ho er usikker på kva tidspunkt det skjedde.
Etter brannen har ho snakka med ungane om det som skjedde. Det var viktig for dei å sjå at huset stod slik som det pleier.
I dag vil Helland rette ein stor takk til brannmannskapet som var raskt på staden.
Dieselbilen er ein eldre Suzuki Grand Vitara.
Foto: PrivatLike før full spreiing
Mange trur at dei fleste bilbrannane skjer med elbil, men det er langt frå tilfelle.
I 2023 vart det registrert 33 elbilbrannar, mot 704 brannar i bensin- og dieselbilar.
Innsatsleiar Nils Medaas i Nordhordland seier det var like før brannen spreidde seg.
– Det var på hengande håret. Bilen stod tett inntil og det var stor varme i husets ytre flater. Hadde det vara i fem til ti minutt lenger, så hadde det nok smitta over ja.
Han trur det kan vere snakk om ei kortslutning som har lege og gnaga, og at det så har gått varme i det før leidningane har smelta.
Men dette blir no ei politisak.
Innsatsleiar Nils Medaas var ein av dei første som var på staden.
Foto: PRIVATPublisert 02.03.2025, kl. 17.32 Oppdatert 02.03.2025, kl. 18.29