Bodø/Glimt førebur seg nå til Europaliga-semifinale mot Tottenham i London.
Det er langt frå den enorme banen i Nord-London til Aspmyra i Bodø – og enda lengre til dei mindre kunstgrasbanane i og utanfor Bodø by.
Bodø/Glimt har fått spele to cupkampar heime på Aspmyra, medan fleire av dei andre eliteserielaga har spelt på slitne banar og har reist langt.
– Dei er heldige. Eg skulle gjerne ha gjort det same, seier Brynes trenar Kevin Knappen til NRK.
«Farlege» banar
I dei første rundane til cupen møter eliteklubbane lag frå lågare divisjonar.
På lågare nivå får ikkje gras- og kunstgrasbanane like mykje kjærleik. Banane er ikkje like gode som eliteserieklubbane er vande til.
– Å få spele heime er ein kjempefordel. Du slepp å flytte på deg, og det er mindre belastande enn andre lag som må ut på tur, seier NRKs ekspert Åge Hareide.
Eit eksempel var Sarpsborg 08, som møtte Gamle Oslo til kamp på ei sliten kunstgrasmatte i Valhall.
– Det er tørt. Ein sit fast. Det kan vere farleg for anklane, seier Sarpsborg 08-spelar Magnar Ødegaard til NRK.
TØRT GRAS: Magnar Ødegaard (til høgre) i aksjon i cupkampen mot Gamle Oslo på tørt kunstgras i Valhall. Her er han i duell med Gamle Oslos Fredrik Graham Hansen.
Foto: Javad Parsa / NTBI tillegg blir fleire lag sende ut på større reiser. «Verst» gjekk det utover 1.-divisjonsklubben Skeid, som reiste litt over 1700 kilometer frå Oslo til Alta – éin veg.
Til samanlikning har Bodø/Glimt reist null kilometer dei to første kampane sine.
– Eg kunne tenke meg heimekamp, eg òg, seier Sarpsborg 08s trenar Christian Michelsen.
– Eg har hatt Bryne i åtte cupkampar og har framleis ikkje spelt heime, seier Bryne-trenar Kevin Knappen.
Flytta kampar
I dei to første rundane møtte Bodø/Glimt Innstranda og Junkeren. Begge laga er frå Bodø, så motstanden baud ikkje på all verda til reiseavstand for Kjetil Knutsens menn.
Kampen mot Innstranda blei flytta på grunn av mangel på undervarme på banen deira.
Junkeren ønskte å flytte kampen til Aspmyra for å legge til rette for Bodø/Glimts førebuingar til semifinalen i Europaligaen.
Molde prøvde å få til det same i sin kamp mot Træff, men fekk nei. Åge Hareide etterlyser tydelege reglar, men skjønar at dei mindre laga vil spele på større banar for å skape ei betre ramme rundt kampane.
– Då blir det plass til fleire, seier NRK-ekspert Hareide.
Magnar Ødegaard i Sarpsborg 08 synest det er urettferdig.
– Det er ikkje sånn det skal vere. Eg synest eliteserielaga skal spele borte. Det skal vere ein fest for lokalfotballen, det synest eg er gøy, seier Ødegaard til NRK.
HEIMEBANE: Bodø/Glimt-spelarane har hatt mange flotte stunder heime på Aspmyra. Her avbilda frå kampen mot Lazio.
Foto: Lise Åserud / NTBPublisert 30.04.2025, kl. 05.26