Dette seier militærparaden om Kinas militære

5 days ago 2



Store missil, jagarfly og tanks blei vist fram under militærparaden framfor den himmelske freds plass i Beijing i dag.

Av dei var det høgteknologiske våpen som omverda aldri har fått sett før.

Atommissil med fengande namn som HHQ-16C, DF-61 og DF-31BJ viser at Kina ynskjer å ligge heilt fram i skoen når det gjeld moderne krigføring.

Men ekspertane åtvarar om å ikkje la seg rive med.

Dette viste dei fram

Det kinesiske forsvaret fekk vist fram nesten heile breidda i sitt arsenal.

Hypersoniske missil var av våpena som fekk glansa seg i den kinesiske solsteika, som missilet DF-17. Dette er våpen som kan få veldig høg fart og blir brukt på skip og er montert på køyretøy på land. Kinesarane jobbar også med å plassere dei på fly.

En stor gruppe kjøretøy er parkert på en parkeringsplass

Jagarfly og missil var av våpena vist fram under militærparaden natt til onsdag norsk tid.

Foto: Liu Xu / AP / NTB

Også laservåpen, til bruk på land og på skip, blei vist fram som eit symbol på at Kina vil drive moderne krigføring. Slike våpen kan bli brukt til å kunne skyte ned fly og trugande missil. Dei er også billege i drift.

Fleire dronar blei også vist fram. Mange med avanserte og delvis sjølvstendige styringssystem.

Samstundes var det oppsiktsvekkande at der var soldatar frå våpengreinene cyberforsvaret og romforsvaret. Dei marsjerte for første gong i paraden sidan begge desse greiene blei oppretta i fjor.

Det ein ikkje såg

Øystein Tunsjø er professor ved Senter for asiatiske sikkerheitsstudium ved Institutt for forsvarsstudium. Han bit seg merke også i det som ein ikkje fekk sjå under paraden.

Øystein Tunsjø, professor, Forsvarets høgskole

Øystein Tunsjø er professor ved Forsvarets høgskule. Han ser både på det som blei, og ikkje blei, vist på paraden.

Foto: Inger Kristine Lee

For eksempel var Kina sin marine ikkje å sjå. Dei siste åra har diktaturet opparbeida seg verdas største marine, med meir enn 100 krigsskip.

I tillegg har dei investert formidable summar i cyberforsvaret og romforsvaret, men utstyret frå desse greinene er vanskelege å vise fram i formatet av ein militærparade.

Tunsjø understrekar at ein parade ... berre er ein parade.

– Ein militærparade seier ingenting om korleis desse våpensystema kjem til å fungere i krig, seier Tunsjø.

En gruppe fly som flyr på himmelen

«Rettferd vil sigre» står det på eitt av bannera under eitt av mange fly som var ein del av militærparaden.

Foto: Rafiq Maqbool / AP / NTB

Han dreg fram eksempelet om at Russland har hatt militærparadar på Den raude plassen i Moskva i mange år. Likevel har dei ikkje klart å vinne krigen mot Ukraina.

Kina har ikkje vore i krig sidan 1979, så ein veit difor veldig lite om den reelle militære kapasiteten til Kina.

– Kina må gjerne ha tusenvis av militærparadar, men om dei har ei formidabel militærmakt, det veit vi ikkje før dei vinn ein krig, som for eksempel mot Taiwan, seie Tunsjø.

Den reelle militære kapasiteten til Kina blir difor oftare målt gjennom militærøvingar rundt Taiwan, som for eksempel øvingane som har fått namna Joint Swords og Strait Thunder.

Desse øvingane har vist at Kina ikkje berre er interessert i å vise evna til krigføring, men at dei også kan.

Gaku Shibasaki et al. i militæruniformer som holder våpen

Tusenvis av soldatar frå folkets frigjeringshær tok del i militærparaden onsdag.

Foto: PEDRO PARDO / AFP / NTB

Særleg er Kina sine nye sjødronar noko som militæranalytikarar og militære leiarar i USA, Japan og Sør-Korea følger spesielt med på. Dei kan endre spelet i krig og til havs.

I maktubalanse

Tunsjø peikar på at Kina har eitt spesielt land i tankane medan dei utviklar forsvaret sitt.

– Det er jo først og fremst USA som Kina førebur seg å møte i krig, seier Tunsjø.

en militær lastebil på en vei med en folkemengde som ser på

Nokre av våpena som blei vist under paraden.

Foto: Maxim Shemetov / Reuters / NTB

Tunsjø peikar på at Kina skremmer USA, men det er ikkje på grunn av paraden.

– Men den militære oppbygginga som Kina har hatt, den skremmer nok amerikanarane. Det gjer den, avsluttar Tunsjø.

Også leiar for senter for internasjonal trygging ved Institutt for forsvarsstudium, Henrik Stålhane Hiim, er einig i dette.

Henrik Hiim

Henrik Stålhane Hiim er leiar for senter for internasjonal trygging ved Institutt for forsvarsstudium.

– Det sender eit signal til USA om at dei må vere varsame med å nærme seg Kina.

Han peikar særleg på at dei raske hypersoniske missila har lang rekkevidd og kan få veldig høg fart.

– Så maktbalansen har i og for seg endra seg, og dette vil gjere at maktbalansen skyv seg endå meir, når ein har den type våpen, seier Hiim.

Er du interessert i det som skjer i verda? Då kan du høyre podkasten Urix her:

Publisert 03.09.2025, kl. 20.07

Read Entire Article