Dette kan hjelpe med samlivsproblem

5 days ago 9



Skrantar forholdet? Ta det opp med fastlegen!

 Sara Johannessen Meek
NY STUDIE: No lærer fastlegane meir om å handtere samlivsproblem, etter ny studie. Foto: Sara Johannessen Meek

Publisert 01.10.2024 13:01

– Vi veit at korleis ein har det i nære relasjonar har mykje å seie for helsa. Det er på nivå med røyking, fysisk aktivitet og kosthald, seier Siri Dalsmo Berge. 

Ho er stipendiat ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin ved Universitetet i Bergen. Ho har også gitt ut fleire bøker om parforholdet. 

No har ho forska på kva rolle fastlegen har når det gjeld samlivsproblem. Funna overraska henne. 

– Å snakke med fastlegen om parforholdet er meir vanleg enn vi trudde, seier forskaren. 

 Agnes Mogstad / God morgen Norge
Firebarnsmor, lege og forskar Siri Dalsmo Berge meiner fastlegen kan spele ei viktig rolle i å handtere samlivsproblem, og slik betre generell fysisk helse. Foto: Agnes Mogstad / God morgen Norge

Les terapeuten sine beste tips for å redde eit skrantande forhold lenger nede i saka.

1 av 4 gjer dette

Dalsmo Berge sin studie viser at ein av fire pasientar tar opp parforhold og samlivsproblem med fastlegen sin. 

Av desse er det 77 prosent som seier dei opplevde at samtalane var nyttige. 

– Det er einsamt å ha problem i parforholdet, fordi det er så mykje skam knytt til det, seier Dalsmo Berg, 

– For mange kan det hjelpe å høyre at det er mange som strever med det same, og å få eit blikk utanfrå og tips til korleis ein kan handtere utfordringane.

Kan påverke fysisk helse

Dalsmo Berge meiner studien gir viktig kunnskap når det gjeld korleis ein kan jobbe meir effektivt for å betre folk si generelle helse.

Ho seier samlivsproblem kan ha direkte effekt på fysisk helse, og at spørsmål om parforhold og situasjonen på heimebane bør bli eit naturleg spørsmål på legekontoret.  

– Det er ikkje eit mål at fastlegar skal bli parterapeutar, men å stille nokre få spørsmål om dette som ein del av ei heilskapeleg kartlegging, kan bidra til å redusere overdiagnostikk og overbehandling.

 Tor Henning Flaatten / TV 2
KAN HJELPE: Studien viser at mange opplever det som nyttig å snakke med fastlegen om samlivsproblem. Foto: Tor Henning Flaatten / TV 2

– Er dette ein del av legeutdanninga? 

– Det har blitt det no, fordi eg har byrja å undervise om det. Mange fastlegar seier dei har fått lite utdanning i å snakke om relasjonar og etterlyser verktøy for dette. 

Slik merkar du om forholdet skrantar

Tida etter feriar er for høgsesong å rekne når det gjeld samlivsbrot. Etter sommarferiar og juleferiar ser ein gjerne fleire skilsmisser og større pågang hos parterapeutar. 

– Kva er teikna på at ein bør ta opp parforholdet med fastlegen sin? 

– Viss du tenker det er noko i parforholdet som du strevar med, eller som du opplever som vanskeleg, så kan du ta det opp med fastlegen. Det er ikkje verre enn det.

 Sara Johannessen / NTB
Å ta samlivsproblem opp med fastlegen kan vere eit lågterkskel-grep for å snu utviklinga før det er for seint. Foto: Sara Johannessen / NTB

Vidare har ho T.R.E. tips til kva som er viktig for å redde eit skrantande forhold. 

1. Tilgjengelegheit

Det første tipset handlar om at ein må vere tilgjengeleg for kvarandre i eit forhold. 

– Det handlar ikkje berre om å vere fysisk tilgjengeleg, men også emosjonelt tilgjengeleg. Ein må klare å ta i mot sårbarheit når den andre viser det, og det er viktig å bytte på kven som lener seg på kven.

2. Respons

Det andre tipset handlar om å gi kvarandre respons, på små og store gestar.  

Ho seier at sjølv ein enkel respons kan skilje ut gode immunstoff, og rett og slett vere med å booste immunforsvaret. Motsett, viss ein er taus, så vil det kunne svekke immunforsvaret.

– Det kan vere eit kjærleg klaps på rumpa eller å lytte til bekymringar. Det handlar om å føle seg sett.    

3. Engasjement

Men det er meir enn berre snakk og prat som skal til for å få eit forhold til å fungere. Det er også viktig å ha det gøy saman.  

– Det handlar også om vennskap, og om å vere nysgjerrige på kvarandre. Engasjement og vennskap handlar om å gjere ting saman. Mange gløymer å ha det gøy når kvardagen tar dei. 

Read Entire Article