Desse boksane får du ikkje panta

4 weeks ago 13



Ho held ein flatklemd boks i handa. Panteautomaten tutar og glimtar raudt når ho prøver å skyve han inn.

– På reklamane seier dei jo «pant alt, alltid». Så kvifor kan ein ikkje pante øydelagde flasker og boksar, seier Linn Beate Mathiassen.

Hunden Ice var på luftetur da matmor og matfar fant mange bokser og flasker

Linn Beate Mathiassen og Thomas Aakermann opplevde at det ikkje var så lett å rydde opp i naturen som dei hadde trudd.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

Helga før sto ho framfor ein lik panteautomat i Bø. Da hadde ho eitt lass øydelagde boksar og flasker med seg.

På tur med hunden hadde ho og kjærasten Thomas Aakermann funne strødd eit drøss med tomflasker og boksar i skogholtet frå ein forlaten fest.

Paret frå Larvik bestemte seg for å rydde opp. Pantegodset tok dei med seg til ein matbutikk.

Pant-bøelva-100924-VE

ETTERLATEN FEST: Ved denne rasteplassen langs Bøelva fant Thomas og Linn Beate tomflasker, boksar og glasflasker strødd då dei gjekk på tur med hunden Ice.

Flaske etter flaske blei skyvd inn i holet i veggen.

Men panteautomaten avviste. Dei øydelagde flaskene og boksane gjekk ikkje gjennom.

Thomas tel 48 øydelagde eller flatklemte panteflasker og boksar, som måtte leggjast tilbake i posen.

Panteautomaten nekter å ta i mot ødelagte bokser

FUNKAR IKKJE: Flatklemte boksar sendast ut igjen av panteautomaten.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

– Så eg tok kontakt med personalet og spurte om de kunne skrive panten inn manuelt. Det gjekk heller ikkje.

Paret tok kontakt med Infinitum, som lagar pantesystema i Noreg.

Svaret var at paret ikkje kunne få pengar tilbake for den øydelagde panten.

Pant (nesten) alt, alltid

Informasjon og marknadsdirektør i Infinitum, Randi Haavik Varberg heidrar paret for å plukke panten.

Ho bekreftar at butikken kunne tatt i mot panten manuelt, slik Aakermann foreslo.

– Men, berre dersom strekkoden var intakt. Syntest ikkje strekkoden på flaskene og boksane lengre kan dei ikkje pantast. Da får ein heller ikkje pengar for panten.

– Så ein kan ikkje pante alt, alltid?

– Ein kan pante alt, så lenge strekkoden syntest, seier Varberg.

Randi Haavik Varberg, INFINITUM

STRENGT SYSTEM: – Vi har eit veldig strengt godkjenningssystem for å vite kva vi resirkulerer, seier informasjon og marknadsdirektør i Infinitum, Randi Haavik Varberg.

Foto: INFINITUM

Varberg kjem med eitt eksempel til på «pant som ikkje kan pantast».

Flatklemte boksar.

– Når panten går ned i panteautomaten blir den klemt heilt paddeflat. For å unngå svindel og at den same boksen pantast på nytt kan ein derfor ikkje pante heilt flate boksar.

– Ei prinsippsak

Aakermann og Mathiassen sat til slutt igjen posen med øydelagd pant i butikken.

Dei er tydelege på at det ikkje er det at dei ikkje fekk pantepengar som er problemet.

– Det handlar om prinsippsaka, at ein ikkje får kjeldesortert, seier Mathiassen.

Thomas nikkar.

– Eg tenkjer ikkje på 50 kroner. Men dei seier jo at ein skal «pante alt», og ein skal jo få pengane tilbake dersom ein panter?

Thomas Aakermann og Linn Beate Djupvik

Linn Beate Mathiassen og Thomas Aakermann.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

Paret trur det kan svekke motivasjonen til å rydde opp etter andre dersom ein ikkje får pengar for øydelagt pant.

– Det er jo fleire som plukkar pant for å tene litt på det. Ein plukkar jo ikkje dei flate og øydelagde boksane dersom ein ikkje får pantepengane, trur Thomas.

Varberg seier at øydelagd pant kan sorterast i metall- og plastgjenvinning.

Ho skjønar at det er kjipt for dei som plukkar øydelagde og flatklemte boksar at dei ikkje får pantepengar for innsatsen.

– Men skal eg vere ærleg trur eg ikkje dette minskar motivasjonen for folk å plukke øydelagt pant i naturen. Det er ei større utfordring at folk ikkje gidd å pante i det heile tatt, seier ho.

– Ikkje perfekt system

John Harald Sand er fagansvarleg for landsforsøpling og kartlegging i miljøorganisasjonen Hold Noreg Rent.

Han trur motivasjonen for å plukke øydelagt pant for dei fleste er at avfallet ikkje skal bli liggande i naturen. Ikkje at ein skal tene pengar på det.

– Det er sjølvsagt synd at ein ikkje får pengane for å pante når ein har gjort ein god jobb. Men det viktigaste meiner eg sjølvsagt er at det ikkje blir liggjande søppel i naturen.

John Harald Sand, prosjektleder i Hold Norge Rent

DUGNAD: – Sjølv med ei god panteordning kjem flasker på avvege og hamner i naturen viser våre tal. Dei har vi ein innsats å leggje inn for å plukke, seier John Harald Sand frå Hold Noreg Rent.

Foto: Hold Norge Rent

Tal frå Infinitum viser at over 90 av boksane og flaskene i Noreg pantast, og alt resirkulerast.

– Også er jo ikkje systemet perfekt. Men det fungerer i veldig høg grad og så må resten berre fungere på litt dugnadsinnsats for å unngå forsøpling i naturen, seier Sand.

Publisert 15.09.2024, kl. 08.19 Oppdatert 15.09.2024, kl. 08.26

Read Entire Article