Derfor ser dopet slik ut

1 month ago 19



MDMA er på frammarsj igjen, meiner Kripos.

 Frode Sunde / TV 2
SNAPCHAT: Det ser kanskje ut som godteri, men dette er MDMA-tablettar med Snapchat-logo. Det lokkar unge brukarar, meiner rusforskarar. Foto: Frode Sunde / TV 2

Publisert 26.08.2024 09:33

Ein trend er i ferd med å snu, melder Kripos i sin oppsummering av narkotikabeslaga til no i 2024.

Etter nedgang i MDMA-beslaga under pandemien, er ein så langt i år tilbake mot gamle nivå. 

Sjølv om det er beskjedne tal samanlikna med åra etter 2000, er fargerike MDMA-piller på frammarsj, meiner Kripos.

– Talet på MDMA-beslag har auka med 47 prosent det siste året. Dei beslaglagde mengdene er over dobbelt så store som i fjor og relativt store sett i eit tiårsperspektiv. Tablettane har også høg styrke, seier seksjonsleiar Kari Solvik i Kripos.

– Ser ut som godteri

Men dette er altså det politiet og tollvesenet avslører. Det seier lite om sjølve bruken av MDMA i Noreg. 

Ulike spørjeundersøkingar og statistikk frå rusakuttar ved sjukehus tyder likevel på at MDMA vart stadig meir populært utover 2010-talet.

Ein detalj er kanskje med å bidra til det; ulike typar MDMA-tablettar dukkar stadig opp i ulike fargar og med ulike logoar.

– Måten rusmiddelet ser ut og blir omtalt som, kan ha stor betydning for opplevinga av å bruke dei, seier sosiolog og forskar Marit Edland-Gryt i Folkehelseinstituttet til TV 2.

– Det ser ikkje ut som narkotika, det liknar meir på godteri med fancy merkevarelogoar og fine fargar, har senioringeniør Elisabeth Drange i Kripos tidlegare sagt til VG.

 Frode Sunde / TV 2
FARGERIKT: Nei, det er ikkje spelbrikker til Ludo, men ulike typar MDMA-tablettar som Kripos har beslaglagd dei siste åra Foto: Frode Sunde / TV 2

– Urovekkande

Poenget er altså at det skal appellere til dei unge. 

Då TV 2 vitja Kripos i Oslo tidlegare i august, viste dei fram fleire beslag av narkotika dei har gjort dei siste åra.

Det var både rosa, grøne, gule og raude MDMA-tablettar. 

Ecstasy/MDMA

MDMA (3,4-metylendioksymetamfetamin) er et syntetisk rusmiddel med sentralstimulerende virkninger og som selges under gatenavnet «Ecstasy». I likhet med amfetamin og metamfetamin stimulerer MDMA psykiske funksjoner og demper tretthet og sultfølelse. Brukt i lave doser gir MDMA økt våkenhet. Rusgivende dose gir en rusopplevelse preget av sterk følelse av belønning og viktighet, samtidig som man får nedsatt kritisk sans og feilkontroll og blir mer impulsiv og ukonsentrert enn vanlig.

Kilde: Oslo universitetssykehus

Dei gule hadde Snapchat-logoen på seg, medan andre tablettar hadde logoen frå kjærleik-på-pinne-produsenten Chupa Chups.

Det er slik produsenten av det illegale rusmiddelet marknadsfører, eller «brander», produktet sitt. 

Tidlegare er det gjort beslag av MDMA-piller med Tesla-logo, så produsentane er opptekne av å følgje trendane som ellers treff unge vaksne.

– Det er sjølvsagt urovekkande at tablettar som kan innehalda ulike illegale rusmiddel ser ut til å bli designa for å «freiste» unge, seier Edland-Gryt.

– På lik line med at ein i andre land har sett at det har blitt selt gummibjørnar som inneheldt cannabis. Det kan vera skummelt for unge, som til dømes kan få i seg ting ved ein feiltakelse, påpeiker ho.

 Frode Sunde / TV 2
IKKJE SNOP: Dette er heller ikkje snop, men narkotika merka med kjærleik-på-pinne-produsenten Chupa Chups. Foto: Frode Sunde / TV 2

Viktigast at det er tryggast mogleg

Ho har forska på forskjellar i bruk av ecstasy og MDMA i Oslo. 

Hovudverkestoffet i ecstasy er som kjent nettopp MDMA, men likevel fant Edland-Gryt at unge vaksne som brukte MDMA gjerne distanserer seg frå ecstasy-bruk.

– Mange argumenterte for at MDMA ikkje var like farleg som ecstasy. Dei ønskjer å distansere seg frå dei som er ecstasy-brukarar. Og då kan ein «rebranding» av rusmiddelet vera viktig. For at det skal stå fram som «stovereint».

– Men er det viktig at tablettane skal sjå «kule» ut?

– Dei eg har snakka med var likevel meir oppteken av at det skal vera trygt. Sidan det er snakk om eit illegalt rusmiddel, er det viktig at ein kan stole på dei ein kjøper frå, seier Edland-Gryt.

Ho legg til at dei ikkje har ny forsking i Norge som seier noko om korleis unge tenker rundt utsjånaden på ulike rusmiddel.

Det er uansett ikkje uvanleg å forsøke å vende seg til unge. E-sigarettar er eit anna eksempel, der «vape»-produkt kan sjå ut som ein gamal Game Boy.

Bekymret for svart «vape-marked»: – Unge utnyttes på det groveste

Read Entire Article