Denne familien får bu gratis i Geiranger

1 month ago 43



– Vi fekk inn så utruleg mange gode søknader. Det var ei litt for stor moglegheit som gjekk forbi oss om vi berre tok inn enn éin eller to, seier direktør i Geirangerfjorden verdsarv, Katrin Blomvik Bakken.

Geiranger er stille og fredeleg om vinteren.

FOTO: Øyvind Sandnes

Vil skape meir liv

Gjennom stipendet Arctig Digital Nomads Stipend kan folk ta med seg jobben sin, og prøvebu bygdene gratis i inntil tre månader.

Sterk sentralisering gjer at mange bygdesamfunn døyr ut.

Fleire land i Europa jobbar difor med å tiltrekke seg folk som kan ta med seg arbeidet kvar som helst – digitale nomadar.

Katrin Blomvik Bakken, direktør Geirangerfjorden verdsarv

Katrin Blomvik Bakken er direktør i Geirangerfjorden verdsarv.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

I Geiranger yrer det av turistar om sommaren.

Katrin Blomvik Bakken har eit brennande ønske om å skape meir liv og få ny kompetanse til heimbygda også om vinteren.

Og kanskje vil nokre av dei digitale nomadane slå seg til ro her?

– Det er draumen, seier ho.

Mona Vergote og Robyn Vergote i Geiranger

Mona Vergote og Robyn Vergote likar seg godt i Geiranger.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

16 digitale nomadar

Heile 16 digitale nomadar blei plukka ut til å bu i Geiranger og nabobygdene Eidsdal og Norddal denne vinteren.

Nomadane kjem frå Italia, Island, Belgia, Tyskland og Noreg.

Fire av dei er Twyla Mergan (38), Wouter Vergote (44) og døtrene Mona Vergote (10) og Robyn Vergote (7).

– Det er som å vere i eit fly, seier Twyla Mergan om utsikta frå leilegheita dei bur i no.

Utsikta frå huset der familien frå Belgia bur i Geiranger, digitale nomadar

Utsikta frå leilegheita familien frå Belgia får bu i i Geiranger.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Foreldra har hatt eit sterkt ønske om å bryte ut av rammene dei lever i, i byen Leuven, like ved Brussel i Belgia.

– Men det er vanskeleg. Gjennom dette stipendet er alt lagt til rette for at vi kan teste ut noko anna. Du treng ikkje endre heile livet ditt for å få det til, sidan du bur gratis og har folk som kan hjelpe deg med å bli ein del av samfunnet, seier dei.

Twyla Mergan, digital nomade, Geiranger

Twyla Mergan dokumenterer opphaldet i Geiranger.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

På jakt etter meir natur

Familien meiner det meste av natur i Belgia er nedbygd eller kontrollert, og dei synest det er frigjerande å ha vill og vakker natur rundt seg i Geiranger.

– Vi vil vise jentene at verda er meir enn byen dei vaks opp i, seier Twyla Mergan.

I første omgang skal familien bu i sunnmørsbygda til midten av april.

Jentene skal ha belgisk heimeskule, men dei får også gå på norsk skule i Geiranger.

Foreldra er designarar, og kan gjere jobben kvar som helst.

Mona Vergote (10), Robyn Vergote (7) og Nora Blomvik Bakken leikar i Geiranger.

Jentene Mona Vergote (10) og Robyn Vergote (7) er alt blitt venner med Nora Blomvik Bakken (8) Geiranger.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Ny sjanse neste år

Direktør i Geirangerfjorden verdsarv, Katrin Blomvik Bakken, har verkeleg trua på at prosjektet vil skape meir liv i bygdene om vinteren.

– Eg sit med ei sterk kjensle av at i alle fall nokre av dei kjem til å hamne enten her, eller i eit anna lite bygdesamfunn i Noreg, så vi gjer definitivt noko bra for distriktet.

Digitale nomadar i Geiranger

Fleire av dei digitale nomadane samla til italiensk lunsj på Norsk Fjordsenter i Geiranger.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Og no skal dei digitale nomadane hjelpe til med å gjere prosjektet enklare å administrere til neste utlysing.

For det kjem ein ny sjanse til å få bu gratis i Geiranger neste år.

– Det gjer det absolutt, lovar Katrin Blomvik Bakken.

Nora Blomvik Bakken leikar i Geiranger

Nora Blomvik Bakken er kjempeglad for at ho har fått seg nye leikekameratar.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Publisert 04.03.2025, kl. 20.43

Read Entire Article