Den israelske ambassadøren i harnisk over kunstverket i Ålesund

1 month ago 18



– Det var ein amerikansk turist som kom inn og stod å brølte og spytta meg i ansiktet. Eg hadde ei som skulle kjøpe eit bilde som berre måtte gå ut, fordi situasjonen var så ekstrem.

Slik beskriv kunstnar Rune Furelid ein av reaksjonane han har fått på kunstverket han har stilt ut i galleriet sitt i Ålesund.

I vindauget ut mot ei av dei travlaste turistgatene i byen står nemleg Israels statsminister, Benjamin Netanyahu, framstilt som Adolf Hitler.

Måla i naziuniform med ein liten mørk bart.

Ved sidan av står teksta:

«Do unto others as others do unto you»

Rune Furelid sitt kunstverk som syner Benjamin Netanyahu som Adolf Hitler

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

– Dårleg inntrykk av Noreg

Og det er ikkje berre forbipasserande som har reagert. Spesielt ei melding på X har vekt oppsikt.

Meldinga kjem frå den israelske ambassadøren i Noreg, Avi Nir- Feldklein.

Saman med eit bilde av måleriet til Furelid, skriv ambassadøren at han er sjokkert over forvrenginga av holocaust, mangelen på respekt, og måten måleriet gjer narr av 7. oktober massakren.

Han skriv vidare at dette skjer i eit land som har sendt den jødiske befolkninga til konsentrasjonsleirar.

Ambassadøren skriv at han har fått meldingar frå mange israelske turistar, og nordmenn, som har reagert på måleriet.

Skjermbilde av Israel sin ambassadør i Noreg, Avi Nir-Feldklein, si melding på x om Rune Furelid sitt måleri.

Foto: NRK

Foto: NRK

NRK har vore i kontakt med den israelske ambassadøren. I ein e-post til NRK skriv ambassadøren at han er skuffa over måleriet.

– Eg har sagt dette mange gongar. Ein må gjerne kritisere Israel, men det er ikkje det dette bilete handlar om. Dette bildet er Holocaust-forvrenging og det er skammeleg.

Han meiner også at måleriet skadar omdømmet til Noreg.

NRK har stilt spørsmål om kvifor ambassadøren la ut denne meldinga, og om det ikkje er viktig å verne om den kunstnariske fridomen. Dette ville ikkje ambassaden svare på.

Ikkje overraska

Kunstnaren sjølv hadde ikkje sett denne meldinga. Det var ein kunde som gjorde han merksam på uttalelsen.

Det er mange som har mykje å seie om dette verket og han har også rett til å seie si meining. Men eg vil rette ein peikefinger og presisere at eg er anti-krig, ikkje antisemitt, seier Furelid.

– Å seie nei til folkemord og ulovleg okkupasjon er ikkje jødehat. Bildet mitt går etter Netanyahu ikkje jødane som folk.

Men han veit at kunsten hans kan skape reaksjonar.

Rune Furelid

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

– Eg skjønar at bildet kan vere provoserande for nokon. Men eg brukar stemma mi som kunstnar til å sette fokus på noko som eg meiner er viktig.

Kunne du ha gjort det på ein meir skånsam måte?

Kunne responsen til Netanyahu etter terrorangrepet 7. oktober vore gjort på ein meir skånsam måte? Er 40.000 palestinarar derav halvparten barn og sivile ein skånsam respons på eit terrorangrep som tok livet av 1200 israelarar? spør Furelid tilbake.

Turist

Tusenvis av turistar og lokale passerer måleriet kvar dag. Ein av dei er Christine Ongogo frå Kenya. Ho forstår at måleriet kan vere provoserande.

– Eg forstår kvifor han blir sint, på grunn av historia. Måleriet er politisk. Det seier meir enn tusen ord.

Christine Ongogo frå Kenya er turist i Ålesund. Ho står framom utstillingsvinduet til eit galleri, der det står eit måleri av Israels statsminister framstilt som Adolf Hitler.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Vanvitig respons

Ikkje alle turistar og forbipasserande nøyer seg med å betrakte måleriet frå gata. Furelid har hatt fleire ubehagelege opplevingar inne i galleriet.

– Det er nokre turistar spesielt frå USA som kan vere heilt ekstreme. Som brøler at dei hatar meg, og ber meg ryke og reise. Som seier eg er jødehatar, noko eg ikkje er. Og at eg støttar Hamas, noko eg ikkje gjer.

Kunstnaren har fått reaksjonar frå folk frå heile verda.

– Det har vore vanvitig. Mykje e-postar og meldingar. Men mesteparten er positive støttemeldingar.

Rune Furelid ser på sitt kunstverk som syner Benjamin Netanyahu som Adolf Hitler

Rune Furelid seier han kvar dag får reaksjonar på kunstverket som står utstilt like ut mot ei av dei travlaste gatene i turistbyen Ålesund.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Ikkje til sals

Trass stor merksemd, er måleriet framleis ikkje selt.

– Fleire har henvendt seg og har lyst å kjøpe det, men bildet har ikkje vore til sals. Eg vurderar å auksjonere det bort og gi alle pengane til Leger utan grenser for den heroiske innsatsen dei gjer i Gaza.

Publisert 24.08.2024, kl. 19.29

Read Entire Article