Dei eg er ueinig med, det er fine folk!

1 month ago 21



Eg får litt vondt i magen. Det politiske ordskiftet i USA har utvikla seg til kallenamn og nedsetjande ord. Før var ein ueinig. No tar ein utgangspunkt i at motstandaren lyg.

 Thomas Nilsson / VG DON’T LOOK TO AMERICA: – Eg håpar vi kan ta vare på det norske ordskiftet vårt, slik at det ikkje glir over mot den amerikanske retorikken, skriv Torbjørn Vereide. Foto: Thomas Nilsson / VG
fredag 11. oktober kl. 10:32
Bilde av TORBJØRN VEREIDETORBJØRN VEREIDE

stortingsrepresentant (Ap)

Nyleg hadde eg besøk til Stortinget frå Eikefjord barne- og ungdomsskule.

Av alle ting eg kunne fortelje dei, så var dette det viktigaste: Dei eg er ueinig med, det er fine folk! Vi står i debattar, og vi er ueinige, men dei bryr seg også om å gjere kvardagen betre for andre.

Like etter skulebesøket blir kontrasten diverre veldig stor. Erna Solberg sitt bodskap i debatten går overraskande langt i ei forteljing om kor fælt landet vårt har blitt, og at dei som er ueinige med ho, berre bløffar og lyg.

Eg blir litt lei meg.

KVIFOR SÅ HARD, ERNA? – Eg blir litt lei meg, skriv Aps Torbjørn Vereide.   Foto: Javad Parsa / NTBKVIFOR SÅ HARD, ERNA? – Eg blir litt lei meg, skriv Aps Torbjørn Vereide. Foto: Javad Parsa / NTB

Likevel vil eg fortelje deg dette Erna: Eg vil fortsette å snakke godt om deg.

Når folk spør meg på tomannshand kva eg eigentleg meiner om deg, vil eg seie kva politiske saker vi er ueinige om, men eg vil òg fortelje dei at mennesket er bra.

Og at du er god på alt av detaljar.

Barn og ungdom ser oss. Og dei lærer av måten vi pratar om andre.

Difor skulle eg ønske at du heller ville fortelje kva du sjølv vil gjere i ditt eige budsjett, i staden for å bruke tida di til å så tvil om oppriktigheten til dei andre partia.

Hva tenker du?Bør politikerne dempe retorikken? aJa, det er for mye skittkasting og svartmaling.bNei, et skarpt språk får frem de reelle motsetningene mellom partiene.cKlarer aldri å få med meg hva politikerne sier.

Eg er glad i ein frisk debatt. Gjerne med knallharde argument, litt albue og med glimt i auge. Men eg er redd for den utviklinga vi ser rundt oss.

Difor håpar eg vi kan ta vare på det norske ordskiftet vårt, slik at det ikkje glir over mot den amerikanske retorikken.

Slik at vi kan vere ueinig om saka, men på same tid klarer å huske at dei vi er ueinige med, i botn og grunn er fine folk.

Dette er en kronikk. Kronikken gir uttrykk for skribentens holdning. Du kan sende inn kronikker og debattinnlegg til debatt@vg.no.
Read Entire Article