Dansk trugselvurdering: Risiko for storskalakrig i Europa innan fem år

4 weeks ago 34



I si ferske trusselvurdering skriv dansk etterretningsteneste at Russland kan vere klare for ein storskalakrig i Europa innan fem år, dersom ikkje Nato rustar opp. Det skriv DR.

Dei skriv også at den militære trugselen frå Russland vil auke dei neste åra, men understrekar at dei ikkje kjenner til nokon konkrete truslar om militært angrep på Danmark.

Ifølgje rapporten har Russland målet sitt endra karakter gjennom 2024. I tillegg til militær opprusting, har Russland no sett seg eit mål om krig mot Nato. Russland kan allereie i dag frigje ressursar til opprusting til ein krig mot Nato.

Då den norske etterretningstenesta (E-tenesta) la fram si trugselvurdering førre veke, brukte dei ikkje slike formuleringar om fare for storskalakrig retta mot Nato.

Dei vil prøve å endre politikken i nabolanda sine, helst utan bruk av militærmakt. Det betyr påverknadsoperasjonar, kanskje sabotasjeaksjonar, valpåverknad og ein god del slike mekanismar. Så vil dei kunne true med eller bruke militærmakt, først og fremst er det eventuelt mot statar som ikkje er medlem av Nato.

Det sa Nils Andreas Stensønes, sjef for Etterretningstenesta i Noreg, til NRK i førre veke.

PST trekte likevel fram at det er sannsynleg med russiske sabotasjeaksjonar i Noreg i åra framover. E-tenesta siger også at dei har sett at Russland rekrutterer kriminelle til sabotasjeaksjonar.

Den russiske ambassaden har avvist utsegnene.

Minnesmerke i Kyiv førre veike med danske, ukrainske, amerikanske og britiske flagg.

Foto: AFP

Rapporten peikar på at parallelt med krigen i Ukraina har Russland har hatt «ein større gjenoppbygging og reform av dei militære styrkane til landet».

Publisert 11.02.2025, kl. 11.07 Oppdatert 11.02.2025, kl. 11.28

Read Entire Article