Bawer Abbasi frå Akershus blei plukka ut som ein av ti deltakarar i Bakemesterskapet sesong to.
Før innspeling måtte dei sende inn 16 oppskrifter med nye smakar og utsjånad.
Men prøvebakinga hamna midt i ramadan, når Bawer fastar frå soloppgang til solnedgang.
– Eg kunne ikkje bake på dagtid, for då kunne eg ikkje smake meg fram.
Kunst eller bakverk? Dette er Bawers «Vakker focaccia»-oppgåve.
Foto: Lars Kristian Steen / NRK- Desse skal konkurrere om å bli Noregs beste hobbybakar: Møt dei ti deltakarane i sesong to av Bakemesterskapet.
Sjølvkontroll
Ramadan er den niande månaden i den islamske kalenderen, og fastemånad for truande muslimar.
Etter solnedgang samlast storfamilien og bryt fasta med eit godt måltid.
Ramadan betyr mykje for Bawers familie.
Foto: Bawer Abbasi / Privat– Vi inviterer også venner, kollegaer og naboar heim i løpet av ramadan. Ei veldig koseleg tid, fortel Bawer.
Han forklarar at meininga med den religiøse skikken er å lære seg sjølvkontroll og vise omsorg for andre.
Hektisk tid
Løysinga for Bawer blei altså å bake om natta.
Foto: Anna Sørmarken Vestly / NRKSjølv når solnedgangen kjem tidleg, er ramadan ei svært hektisk tid. For då er det høgsesong for konditoriet «Kakehuset» i Strømmen, som familien driv saman.
I tillegg driv Bawer sitt eige eventbyrå, og arrangerer bryllaup og forlovingsfestar.
Attpå alt tek han også bachelor i journalistikk på universitetet. Og bur saman med familien sin på sju.
– Først ved midnatt blei det roleg på kjøkkenet, og tid for meg til å bake.
Nattleg ringerunde
Det største problemet med nattbaking var stengde butikkar.
Foto: Anna Sørmarken Vestly / NRKOm han måtte bake om igjen, eller teste andre smakar, mangla han plutseleg ingrediensar.
– Det hendte eg måtte ringe tanter og onklar midt på natta og spørje etter egg og smør, eller køyre eit stykke til døgnopen butikk.
Gjennom heile ramadan stod tidsfristane i kø.
– Det kjendest som eksamen kvar gong eg sende inn ei oppskrift, smiler han.
Vil ikkje kritisere
På spørsmål om han synest NRK burde lagt prøvebakinga utanom ramadan, ser han overraska ut.
– Nei, vi har alle ulike feiringar og ulike liv. Eg fekk den hjelpa av NRK som eg bad om undervegs, så alt i alt var det veldig gøy.
NRK gav Bawer ekstra tid til nokre av oppgåvene.
Foto: Anna Sørmarken Vestly / NRKLikevel: Om det ikkje hadde vore ramadan, ville han begynt å bake rundt klokka 19. Det hadde vore ideelt.
Ei utfordring
Prosjektleiaren for Bakemesterskapet, Lise-May Spissøy i NRK, forstår problemet.
– I øvingstida kan det skje mykje i liva til deltakarane, som jul, ramadan og anna. Livet skjer, så rettferdig blir det aldri. Men ramadan er ei ekstra utfordring, det er ikkje til å komme forbi, seier Spissøy.
Lise-May Spissøy er prosjektleiar for Bakemesterskapet.
Foto: Laurita Fure Briceno / NRKDermed kan nokon komme i same situasjon som Bawer seinare. Spissøy håpar likevel at det ikkje vil skremme folk frå å søke.
– Eg har beundra innsatsen til Bawer enormt, både i forkant og i baketeltet.
Programleiar Ulrikke Brandstorp er også imponert over Bawer.
Foto: Lars Kristian Steen / NRKBlitt tryggare
Bawer sjølv er full av lovord om deltakinga i Bakemesterskapet, og seier det har endra han som person.
– Eg har blitt så mykje tryggare på bakinga mi enn før. No kjenner eg betre mine sterke og svake sider.
For første gong blir Bawer bedømt som bakar.
Foto: Lars Kristian Steen / NRKKorleis det går vidare kan du sjå i Bakemesterskapet på NRK TV:
Hva er Ulrikkes favorittbakverk? 00:34
Publisert 12.03.2025, kl. 21.08