Då skulen blei mobilfri, oppstod eit nytt problem

1 month ago 26



Elevane var uroa for at dei ikkje skulle rekke timen etter at skulen blei mobilfri. Dei kunne nemleg ikkje klokka.

 Mathias Moen / TV 2
UTFORDRING: Denne typen klokker skapar utfordringar for ungdommar Foto: Mathias Moen / TV 2

Publisert 17.01.2025 16:23

For eitt år sidan blei Kungshögskolan i Ljungby i Småland mobilfri. 

Då oppstod eit noko uventa problem. 

Ifølgje den svenske bransjeavisa Vi Larare, uttrykte elevane nemleg uro for at dei ville komme for seint til timane, fordi dei ikkje forstod klokkene som var i korridorane. 

Måtte ta grep

– Det er ikkje berre eit problem ved Kungshögskolan, seier rektor Petra Skogsborn til det svenske magasinet. 

 Aleksander Myklebust / TV 2
ANALOG: I følgje rektoren i Sverige, er dagens barn og unge så lite kjende med analoge klokker, at fleire har problem med å forstå dei. Foto: Aleksander Myklebust / TV 2

Ho viser til at barn i dagens samfunn veks opp med digitale klokker på både datamaskin, mobil og TV. 

Skulen måtte ta grep. Lærarane oppdaga nemleg at elevane var usikre på korleis analoge klokker fungerer.

Som et supplement til dei analoge klokkene som hang i korridorane, måtte dei rett og slett henge opp digitale klokker i tillegg. 

Også tendens i Noreg

Ein liknande historie kan ein få fortalt ved Fyllingsdalen VGS i Bergen. 

Då skulen innførte mobilforbod i undervisninga hausten 2023, kjøpte dei inn analoge veggklokker til alle klasseromma. 

– Då oppdaga vi raskt at ein del elevar ikkje hadde kunnskap om analoge klokker, seier Trond Botnen, rektor ved Fyllingsdalen VGS i Bergen. 

 Eva Frimanslund / TV 2
KLAR TENDENS: – Det er heilt klart ein tendens at norske ungdommar ikkje har tilstrekkeleg kunnskap om analoge klokker, seier Trond Botnen, rektor ved Fyllingsdalen VGS. Foto: Eva Frimanslund / TV 2

Han meiner unge sine klokkeferdigheiter er nok eit døme på kvifor mobilfri skule er bra. 

– No har mobilforbodet i undervisninga ført til at elevane og kan klokka analogt. 

– Trist utvikling

Botnen meiner ikkje det er overraskande at ungdommars kunnskapar om analoge klokker minskar. 

– Ungdommar i dag nyttar seg stort sett berre av den digitale klokka på mobilen. Sjølv treningsklokker har hovudsakeleg digitale tal. 

Han meiner likevel det er ei trist utvikling. 

 Eva Frimanslund / TV 2
MOBILFRI: Fyllingsdalen VGS seier dei har hatt stor suksess med mobilfri undervisning. Foto: Eva Frimanslund / TV 2

– Det er ikkje eit problem i seg sjølv, men det er jo trist at ungdommen ikkje har blitt opplært av sine foreldre til å forstå analoge klokker. 

Han har trua på at det vil snu, etter kvart som fleire skular innfører mobilforbod. 

– Då må elevane og lære seg den analoge klokka. 

Read Entire Article