Camilla (32) støttar KrFU-leiaren: – Folk er redde for å seie det

3 hours ago 1



Camilla Rozina meiner eit ufødd barn har ein ukrenkeleg rett til liv uansett korleis det blir unnfanga. Men ho trur mange vegra seg for seie det høgt, i frykt for reaksjonane.

 Sorosh Sadat / TV 2
ENGASJERT: Camilla Rozina er engasjert i abort-debatten, og er det ho sjølv kallar «Pro-Life». Foto: Sorosh Sadat / TV 2

Publisert 30.10.2025 12:10 Sist oppdatert 22 minutter siden

Debatten har rasa etter at KrFU-leiar Ingrid Olina Hovland sa ho meiner kvinner bør bere fram barnet sjølv om graviditen er som følgje av valdtekt

– Det er Handmaid's tale-tendensar i KrFU no, uttalte MDG-politikar Frøya Skjold Sjursæther etter utsegnet blei kjent. 

– Heilt sinnssjukt at ei kvinne på 20 år har slike haldningar, sa influensar Kristin Gjelsvik. 

Over 35.000 personar har signert ei underskriftskampanje som krev av Hovland må gå av. 

 Sorosh Sadat / TV 2
ROM FOR DEBATT: – Det må vere rom for å meine noko annleis enn ein sjølv, også om abortspørsmålet, seier Camilla Rozina. Foto: Sorosh Sadat / TV 2

Men ikkje alle reagerer på utsegnet til KrFU-leiaren. Nokon reagerer meir på reaksjonane. 

– Det gir ikkje rom for sakleg debatt når ein fullstendig kansellerer ein person som uttalar seg ærleg i ein podkast, med sine personlege meiningar, seier Camilla Rozina (32). 

Redde for å uttale seg

Camilla Rozina er trebarnsmor, busett i Bergen og jobbar som barnepastor. 

Ho er sjølv svært engasjert i abortdebatten, og meiner, som Hovland, at barnet har ein ukrenkeleg rett til liv frå unnfangelse, uansett korleis det er blitt unnfanga.  

 Sorosh Sadat / TV 2
GLAD I BARN: Camilla Rozina jobbar som barnepastor, og er opptatt av barns rett til liv. Foto: Sorosh Sadat / TV 2

– Det å ha eit standpunkt som er for livet, både inni og utanfor magen, er ikkje eit uvanleg synspunkt. Men det er ikkje det synet som får mest plass i media. 

Rozina meiner dette mellom anna skuldast at folk er redde for å fremje synet i debatten, av frykt for reaksjonar. 

– Eg trur generelt folk vegra seg for å ta i dette temaet med abort fordi dei er redde for å tråkke feil, dei er redde for å støte nokon, og dei er redde for å få ein reaksjon som Hovland har fått no. 

Sjølv kvir ho seg ikkje for å ytre synspunktet sitt: at også et ufødd barn har rett til liv, på lik linje som mor. 

– Eg tenker det fint burde vere rom for å snakke om menneskeverd. Eg er kvinne sjølv, og er sjølvsagt opptatt av våre rettar. Samstundes er det to personar inne i bildet, og eg meiner barnet er like viktig som mor. 

Sterke kjensler

Det var i Jenny Huse sin podkast, «Brutalt ærlig», at Ingrid Olina Hovland sa at kvinner bør bere fram barn sjølv om graviditeten er eit resultat av valdtekt. 

– Eg meiner at man burde gjere det. Rett og slett. Dette er eit veldig vanskeleg spørsmål, og det er ikkje med lett hjarte eg seier det, men eg trur det er det beste, sa ho i podkasten. 

I etterkant gjekk KrF ut og sa at dette synet ikkje er ein del av KrF sin politikk. 

Hovland har også presisert at ho uttalte seg om kva ho sjølv håpar ho hadde gjort dersom ho var i denne situasjonen. 

Leiinga i KrF seier dei framleis har tillit til Hovland som ungdomspartileiar. 

 Thomas Fure / NTB
I HARDT VÊR: Det har storma rundt KrFU-leiaren etter at ho var med i Jenny Huse sin podkast Brutalt Ærlig. Foto: Thomas Fure / NTB

Men det er ingen tvil om at Hovland sin utsegn har ført til sterke kjensler, og mange har tatt til orde for kvinners rett til sjølvbestemt abort. 

Ei av dei, er 41 år gamle Camilla Ulsund. Tysdag fortalde ho at ho sjølv er eit resultat av eit overgrep, og at ho blei adoptert då ho var eit halvt år gammal. 

– Eg, som er eit resultat av dette, skal vere den første til å forsvare kvinners rettar til abort. Eg gjer det for alle kvinner som er eller blir gravide etter valdtekt, sa ho til TV 2.

Vil ha ein sunn debatt

Rozina seier ho forstår at det er sterke kjensler knytt til diskusjonen om abort, særleg når han blir sett opp mot valdtekt. 

Ho meiner derimot ein må skilje mellom debatten om abort og debatt om valdtekt, og ikkje sette dei opp mot kvarandre for å skape følelsar. 

 Sorosh Sadat / TV 2
RESPEKT: Camilla Rozina meiner det må vere rom for å ha ulike meiningar og at folk må vise respekt for dette. Foto: Sorosh Sadat / TV 2

– Eg opplever ikkje Hovland sitt bodskap som eit forsøk på å nedtone den enorme uretten som blir gjort ved valdtekt, men heller få fram at det ikkje er det ufødde barnet som er skuldig i den uretten som er gjort. 

– Forstår du at folk reagerer? 

– Eg forstår at utsegna isolert sett framstår provoserande. Men eg tenker det er fornuftig å sjå heilskapen av kva Hovland prøver å seie, og la det vere tydeleg at dette er ei personleg meining, og ikkje ein politisk bodskap, seier Rozina. 

Ho håpar det kan bli større rom for å diskutere barnets rett til liv, og at folk kan vise respekt for kvarandre sine synspunkt. 

– Om vi kan møte ueinighet med saklege argument, i staden for merkelappar og hets, så vil vi nok få ein sunn debatt. 

Read Entire Article