– Kommunane i Noreg ville ikkje ha stått i den økonomiske krisen vi gjer, om vi hadde fått pengene staten faktisk hadde førespegla og lovd oss, seier finansbyråd Jacob Mæhle (H) til NRK.
Onsdag føremiddag la han fram neste års budsjett for bystyret i Bergen.
- Byrådet foreslår kutt, effektivisering og inntektsendringar på totalt 532 millionar kroner.
- Likevel blir netto driftsresultat på minus 478 millionar kroner.
Allereie i 2024 kan Noregs nest største kommune gå 900 millionar kroner i minus, ifølgje byrådet.
Etter fleire år med gode driftsresultat under tidlegare byråd, var det tidleg i år klart at Noregs nest største by måtte fram med sparekniven allereie i årets budsjett.
Finansbyråden ba byrådsavdelingane om å kutte fleire millionar kroner, noko dei har slite med å få til.
Særleg pengeproblem i skule og barnehagar har vekt stor merksemd og demonstrasjonar i år.
Etterlyser meir frå regjeringa
Eigentleg skulle budsjettet for 2025 ha blitt lagt fram 2. oktober, men blei utsett fordi byrådet ville sjå statsbudsjettet til regjeringa først.
Det vart finansbyråden skuffa over.
– Det er ein vanskeleg balansegang når ein ikkje får dei pengane ein skulle hatt frå staten, når vi blir trefte av renter og høge straumprisar og veldig mange økonomiske nedgangstrekk samtidig, seier Mæhle til NRK.
Finansbyråden peikar også på «landsdekkande skattesvikt» som årsak til at kommunar landet rundt må kutte i budsjetta sine.
– Vi har ikkje fått dei pengane vi skulle fått frå statens side over mange år. No sit vi litt i same båt som resten av Kommune-Noreg. Og det er hyggeleg å sitte i samme båt, men det hjelper jo ikkje når båtene lek, seier Mæhle til NRK.
Snakkar ned tidlegare budsjett
I finanstalen til bystyret onsdag, langar han også ut mot tidlegare byråd.
Han seier at neste års budsjett er «sunnare enn dei foregåande».
– I 2022 brukte Bergen 1 milliard kroner meir enn vi hadde råd til, seier han.
Lovar å bygge sjukeheimar i heile kommunen
– Det er framleis eit budsjett som kjem til å gi massevis med aktivitet og gode tilbod i Bergen kommune, understrekar han.
Mellom anna lovar byråden å bygge sjukeheimar og idrettsanlegg over heile byen.
Publisert 30.10.2024, kl. 09.51 Oppdatert 30.10.2024, kl. 10.29