Brennande skip med 1 million oljefat: No får rednings­mannskap endeleg sleppe til

1 month ago 24



Det greskeigde skipet Sounion er lasta med 1 million fat – 150.000 tonn – med råolje.

Dei siste dagane har det vore motstridande meldingar om oljelekkasjar frå skipet.

Mannskap har prøvd å nærme seg skipet for å slepe det vekk, men har blitt angripne av Houthi-militsen. Det sa Pentagon på tysdag, då dei prøvde å sende ein tredjepart ut for å hente inn Sounion.

Fleire internasjonale aktørar har bede houthiane sleppe til redningsbåtar før skipet byrjar å lekke olje ut i sjøen.

Inga våpenkvile

Det var den væpna Houthi-militsen som angreip skipet utanfor hamnebyen Hodeidah torsdag førre veke.

All mannskap greidde å evakuere skipet før flammane braut ut.

Biletet viser oljeskipet med store flammar på dekk og ei stor, svart røyksky som stigg opp frå flammane.

23. august sende houthianes mediebyrå, Ansarullah, ein video av det greskeigde tankskipet i flammar.

Foto: - / AFP

No har houthiane gått med på å legge ned våpena i ein kort periode, slik at slepe- og redningsbåtar får sleppe til. Det fortalde Iran sin FN-utsending til New York natt til fredag norsk tid, skriv Reuters.

– Av omsyn til humanitære bekymringar og bekymringar for miljøet, har houthiane gått med på førespurnaden frå fleire land om ei mellombels våpenkvile, sa han.

Talsperson for houthiane, Mohammed Abdulsalam, sa likevel til Reuters at det ikkje er snakk om noko våpenkvile, og at gruppa berre har gått med på at skipet skal bli slept i land.

Støtteerklæring

Houthiane er ei væpna opprørsgruppe med støtte frå Iran.

Militsen kontrollerer dei mest folkerike regionane i Jemen og raudehavskysten utanfor. Her har fleire skip blitt angripne av houthiane sidan november i fjor.

Newly recruited Houthi fighters parade to show solidarity with Palestinians, in Sanaa

Houthiane støttar Hamas i krigen på Gazastripa, og har angripe over 70 skip som er involvert i handel med Israel.

Foto: Khaled Abdullah / Reuters

Houthiane har nemleg lansert ein «kampanje» imot all handel med Israel som skjer sjøvegen. I tillegg til å sende missil over til Israel, har dei angripe fleire skip med dronar og missil.

To skip har sokke, eitt har blitt kapra og minst tre mannskap har blitt drepne i dei over 70 angrepa.

Saman med Iran støttar houthiane Hamas i krigen mot Israel på Gazastripa, og hevdar at angrepa er for å støtte palestinarane i krigen.

Militsen seier at angrepet på Sounion er ein del av denne no ti månadar lange kampanjen.

Publisert 29.08.2024, kl. 07.38

Read Entire Article