Bekreftet: Sveitsisk midtbanestjerne gjør comeback i Premier League

23 hours ago 3



Ullevaal stadion må så nytt gras på nasjonalanlegget etter dei to konsertane til artisten Ed Sheeran i helga.

Leiar for fotball i Ullevaal stadion, Carl Bernhard Svenke, seier at det heile var planlagt på førehand.

– Vi tok av graset før konsertane slik at det ikkje skulle råtne under platene som blei lagt over. Vi startar å så ny matte denne veka, seier Svenke til NRK.

Ed Sheeran spelte for ein stappfull stadion to dagar på rad. 74.000 billettar blei til saman selt til konsertane.

Spørsmålet er no om bana er klar til Noregs viktige VM-kvalifiseringskamp mot Moldova i september.

– Tidslinja vår er at bana blir klar til trening her for landslaget den 3. september, dagen før privatkampen mot Finland. Vi treng den tida, seier Svenke.

9. september møter landslaget Moldova i VM-kvaliken i Oslo. På spørsmål om Ullevaal stadion vil arrangere liknande konsertar i framtida svarar Svenke:

– Sidan vi la ny matte i fjor, og at dette er første gang, kan eg svare om to-tre månader. Vår intensjon er at det skal passe i kalenderen til fotballen, og at det er rett artist. Vi sit alle igjen med eit positivt inntrykk, men det er fotballen som er premissgjevar her, seier Svenke.

Read Entire Article