Fleire selskap har trekt seg ut av Russland dei siste åra. Den tidlegare fotballstjerna sitt selskap har derimot nyleg fått løyve til å selje produkt i landet under Beckham sitt namn.

Publisert 13.02.2025 17:30
Beckham sitt selskap, DB Ventures, sende søknaden i fjor sommar. Den har no blitt godkjent.
Produkt med Beckham sitt namn på, mellom anna sengetøy, gardiner, toalettseter og yogamatter, kan dermed seljast i Russland, ifølge The Telegraph.
Fleire har trekt seg ut
Då Russland invaderte Ukraina i 2022, trakk fleire vestlege selskap seg ut av Russland. Blant desse var Ikea, McDonalds og Starbucks. Liknande selskap har blitt starta opp i landet under nye namn.
Også fleire britiske selskap trakk seg ut av landet på grunn av risikoen for juridiske konsekvensar, etter at Storbritannia avgrensa britiske verksemder sine moglegheiter til å samhandle med russiske personar og selskap som er underlagt sanksjonar.
Framleis er det fleire hundre utanlandske selskap som driv verksemder i landet.
Beckham sitt selskap har ikkje brote nokre reglar med å etablere seg i Russland, ifølge The Telegraph. Beckham selde 55 prosent av DB Ventures til det amerikanske selskapet Authentic Brands Group i 2022.
Briten blir likevel brukt som eit trekkplaster for selskapet, og han er framleis ein av fleire direktørar.
Markerte støtte til Ukraina
Beckham og familien hans markerte støtte til Ukraina etter at invasjonen starta i februar for snart tre år sidan.
Kort tid etter invasjonen lét Beckham ein ukrainsk lege i Kharkiv styre Instagram-kontoen hans. Innlegg som viste legar sin innsats i krigen blei sendt ut til Beckham sine 71 millionar følgarar.
Ifølge The Telegraph seier Authentic Brands Group at registrering av varmemerker er ein rutinemessig del av prosessen for å «beskytte våre merker og åndsverk i land over hele verda».