Bakenga etter India-overgang: – Eg er ein eventyrar

1 month ago 29



– Det verka mykje morosamare å dra hit enn til andre plassar eg fekk tilbod frå, seier han.

Sist måndag blei det klart at Mushaga Bakenga signerte for den indiske toppserieklubben Punjab FC.

Her får eg oppleve noko nytt som eg aldri ville ha opplevd elles, seier 32-åringen.

Mushaga Bakenga sitter på en café sammen med sin agent.

Bakenga er på plass i Punjab. Sist sesong enda klubben på åttandeplass i den indiske serien.

Foto: Skjermdump Instagram 8. august 2024

Eit eventyr

Mange fotballspelarar håvar inn store summar på livet som utanlandsproff.

Bakenga seier det var andre grunnar som gjorde at valet no falt på indisk toppfotball.

– Eg er ein eventyrar. Eg vil bruke åra eg har igjen til å oppleve ting.

Sidan trønderen slo gjennom for Rosenborg i 2009 har han spelt for klubbar i Belgia, Tyskland, Danmark, Japan og Kypros.

Etter berre seks kaotiske månader i kypriotiske Apollon Limassol, går turen no til Punjab FC heilt nord i India.

Han fortel om intens varme på den første treningsøkta han deltok i for klubben.

– Luftfukta og varmen er intens. Det er heilt ekstremt, seier Bakenga.

Mushaga Bakenga presentert som Punjab FC spiller på instagram

Tidlegare denne veka blei Bakenga presentert som Punjab FC-spelar på klubben sin instagramkonto.

Foto: Instagram/Punjab FC

– Vi hadde ei veldig roleg økt, men eg gjekk ned fire kilo på 50 minutt, sjølv om eg drakk vann heile vegen.

– Varmen er ekstrem, men ein blir vel vand med det.

Føler seg velkommen

Spissen fortel at både spelarar, trenaren og tilsette i klubben var godt førebudd da han kom.

– Dei har googla seg i hel og funnet ut mykje om meg som menneske.

At dei var interessert i meir enn berre korleis han er på fotballbanen sett Bakenga pris på.

Bakenga

«Mush» har spelt for mange klubbar. Mellom anna Stabæk.

Foto: NTB

– Dei visste meir om meg som menneske enn som spelar, slike ting er eg svak for. Da blir det så mykje enklare å bli med på noko.

– Mellom anna blei eg spurt om kva «årets trønder» er for noko.

Mushaga Bakenga blei i fjor kåra til «årets trønder». Kåringa er eit samarbeid mellom NRK Trøndelag og Adresseavisen.

Språkbarriere

Samstundes seier Bakenga at overgangen til eit heilt nytt land og ein ny kultur krev omstilling.

– Eg sa til lagkameratane mine at eg gleder meg til å lære litt indisk. Da begynte dei berre å le.

– «Det er ingenting som heiter indisk», lo dei.

Bakenga fortel at India har over 200 språk. Berre på laget har dei 17 ulike språk, der fleire av lagkameratane ikkje forstår kvarandre i det heile tatt, fortel han.

Dermed må han berre velje eit språk og begynne å lære.

– Eg skal ta det enklaste, så tek vi det derifrå.

Mange ulike grunner til å spele fotball

NRK sin fotballekspert Kristoffer Løkberg trur det er fleire enn Bakenga som drøymer om eventyr.

– Det er nok fleire enn ein trur som tenker på det, men som heller vel det kjente og kjære i Noreg eller i Skandinavia, seier Løkberg.

Han trur val av klubb alltid blir gjort basert på fleire ulike omsyn.

– Det er nok ei avveging mellom det sportslege, det økonomiske og ting som det kulturelle eller eventyret i det.

Kristoffer Løkberg

– Fotballspelarar er ulike. Det er ulike ting som inspirerer og motiverer kvar enkelt, seier fotballekspert Kristoffer Løkberg

Han er trygg på at Bakenga har landa på det som gav den beste totalpakka for han.

I ein fotballgarderobe så finn du tusen ulike grunner til at ein speler fotball.

At «Mush» har blitt ein klubbnomade trur han har både positive og negative sider.

– Han sit med masse erfaringar og opplevingar frå ulike garderobar, klubbar og land.

Samstundes trur han det å vere i ein klubb over lenger tid og bygge opp noko, gir ei anna type erfaring.

– Det er fordelar og ulemper med begge delar. Der er fotballspelarar forskjellige.

Høyr heile intervjuet med Mushaga Bakenga her:

Publisert 14.08.2024, kl. 05.05

Read Entire Article