Ba elev halde vakt – så forgreip lærlingen seg på venninna

1 week ago 10



Mann (19) er dømd for å ha utnytta ungdomsskulejente til seksuell omgang.

 Frode Sunde / TV 2
TINGRETTEN: Tinghuset i Haugesund, her i forbindelse med ei anna sak. Foto: Frode Sunde / TV 2

Publisert 11.11.2024 14:40

Hausten 2023 starta den då 18 år gamle mannen som lærling på ein ungdomsskule på Haugalandet i Rogaland.

Oppgåva hans, som lærling i barne- og ungdomsarbeidarfaget, var å følge opp elevar som trengde ekstra hjelp og støtte.

I slutten av november i fjort vart mannen pågripen. No er han dømd til eitt år og to månadar i fengsel.

Haugaland og Sunnhordland tingrett meiner mannen har utnytta rolla sin til å skaffe seg seksuell omgang med eit barn mellom 14 og 16 år.

Rektor gav beskjed

Den fornærma ungdomsskulejenta fylte 14 år like før skuleåret starta hausten 2023.

Ganske raskt skal ho og den dømde fått kontakt med kvarandre. 

Kontakten held fram også på fritida, noko mora hennar var uroa for. Ho kontakta skulen fleire gonger, kjem det fram i dommen.

Men sjølv om rektor ved ungdomsskulen fleire gonger bad lærlingen om å ikkje ha kontakt med jenta på fritida, skjedde det likevel.

I november starta den seksuelle omgangen mellom dei to. Nokre av episodane skjedde på skulen, i skuletida.

I den ferske dommen skriv dommarane at dei ikkje er i tvil om at mannen, som no har fylt 19 år, misbrukte stillinga si og utnytta ei jente i ein sårbar livssituasjon til å skaffe seg seksuell omgang med henne.

– Ho fekk raskt tillit til tiltalte, fordi han fortalde at også han hadde slite med liknande utfordringar som henne, samanfattar retten.

– Bad elev halde vakt

Sjølv om mannen i ein kort periode var fengsla og måtte slutte i lærlingjobben før jul i fjor, heldt kontakten mellom han og jenta fram i vinter.

Retten viser til at jenta har ført logg over den seksuelle omgangen dei to hadde utover vinteren. 

Det er tale om minst 29 loggføringar mellom jul 2023 og april 2024.

– Sjølv om aldersforskjellen mellom dei er fire år, har han i kraft av sin alder, erfaring og stilling klart vore i eit overmaktsforhold. Det er skjerpande at den seksuelle omgangen har funnen stad i sjølve skulebygget, i skuletida, der også ein annan elev vart involvert for å halde vakt, skriv dommarane.

 Kristian Myhre / TV 2
TILSTOD: Mannen erkjente i store trekk straffskuld for det han var tiltalt for. Foto: Kristian Myhre / TV 2

Filma jenta

I fleire tilfelle har også mannen filma og tatt bilete den seksuelle omgangen med jenta. I straffelova vår heiter dette å «produsere» framstilling av seksuelle overgrep mot barn.

Han fekk også jenta til å sende bilete og filmar til han. Dette, saman med bilete av ei anna ungdomsskulejente, fann politiet på telefonen hans.

Retten meiner oppførselen hans i kontakten med jenta på mellom anna Snapchat har vore seksuelt krenkande. Han må tole at både mobiltelefonen hans og Snapchat-brukaren hans blir inndratt.

Tilstod

I retten tilstod mannen i stor grad det han var tiltalt for. 

Tilståinga får han strafferabatt for, slik at den endelege dommen er på 14 månadar fengsel.

Han er også dømd til å betale jenta 130.000 kroner i erstatning.

I alt blei han dømd for brot på fire paragrafar: 295 (misbruk av stilling for å skaffe seksuell omgang), 302 (seksuell omgang med barn mellom 14 og 16 år), 311 (produsert framstilling av overgrep mot barn) og 305 (seksuelt krenkande åtferd ovanfor barn under 16 år.)

Read Entire Article