Noreg og Andøya jobbar framleis for å bli dei første i historia til å skyte opp satellittar frå det europeiske kontinentet.
I dag gav Nærings- og fiskeridepartementet grønt lys for at USA kan skyte opp rakettar frå Noreg.
– Dette er ein veldig viktig avtale for Andøya Spaceport, seier næringsminister Cecilie Myrseth (Ap) til NRK.
Med dette opnar ein heilt ny marknad for Noregs einaste romhavn, som ligg heilt nord i Nordland.
Slik meiner Andøya Spaceport sjølv at oppskytinga kjem til å sjå ut i framtida.
ISAR AerospaceAndøya Spaceport fekk det første løyvet av sitt slag i Noreg, då dei fekk lov til å drifte den nye romhamna som opna 2. november 2023.
Alt ligg til rette
Dagleg leiar Ingun Berget ved Andøya Spaceport seier til NRK at dei allereie har hatt besøk av representantar frå det amerikanske forsvaret.
Alt ligg til rette for eit produktivt samarbeid med amerikanske romfartsaktørar, meiner ho.
– Det er jo godt tilrettelagt med at vi har hatt samarbeid med blant andre Nasa på forskingssida, altså for vitskapelege rakettar, i mange, mange år.
Ho trekker også fram flystasjonen på Andøya som eit viktig punkt i infrastrukturen.
– Den brukast jo også militært. Så på romhamna er det første byggetrinn som er ferdig. Vår «initial operating capability» er no ferdigstilt med ISAR Airspace, og det neste byggetrinnet vil jo no med denne avtalen kunne legge til rette for amerikansk nærvær.
Fryktar ikkje gnissingar med Russland
I august fekk Andøya Spaceport tildelt den nødvendige LSO-lisensen frå Nærings- og fiskeridepartementet, som gav dei formell status som romhavnoperatør.
Lisensen opna opp for at det kan bli gjennomført 30 oppskytingar i året.
– Vi har jo allereie tyske rakettar som skal skytast opp der, men no er det den største satellittmarknaden i verda som opnast opp for Noreg og for Andøya Spaceport, seier næringsminister Cecilie Myrseth.
Men no blir det altså moglegheiter for amerikanske aktørar å samarbeide med Noregs einaste romhamn. Det gjeld også det amerikanske forsvaret.
Næringsminister Cecilie Myrseth er svært fornøgd med at ein samarbeidsavtale mellom USA og Noreg er på plass.
Foto: Aurora Ytreberg Meløe / NRK– Noreg er ein del av Nato, og samarbeidet med våre allierte er viktig. At det no blir opna opp for denne marknaden også på Andøya er ei viktig utvikling, seier ministeren.
– Er de redde for at det kan skape gnissingar med Russland?
– Nei, vi er opptekne av å utvikle denne næringa. Vi styrkar forsvaret i Noreg på mange område. Så det at vi no får til dette på Andøya, det er eg fornøgd med.
Berget sier at rommet blir stadig viktigare for forsvarssamarbeidet, og viser til forsvarsminister Bjørn Arild Gram.
– Vi veit at Andøya Spaceport har ein stor verdi for både nasjonal eigenevne, og for den evna ein snakkar om med rask oppskyting for dei allierte.
Størst i verda
Berget er svært fornøgd med at ein avtale mellom Noreg og USA no er på plass.
Ho fortel at dei lenge har vore i dialog med potensielle amerikanske partnarar, både på bererakett- og satellittsida.
– Men ein treng ein sånn land-til-land-avtale for å gå i detalj på teknologi og dele meir informasjon, seier Berget, og legg til at ho ser fram til ytterlegare samarbeid.
Dagleg leiar i Andøya Spaceport, Ingun Berget. Her fotografert framfor anlegget i Andøy.
Foto: Andøya SpaceportBerget er tydeleg på at denne avtalen ikkje berre er viktig for Andøya, men også resten av landet.
– Næringsministeren seier at vi prøver å få Andøya Spaceport til å stå fram som ei av dei mest attraktive romhavnane i verda. Amerikanarane har dei mest avanserte bererakettene og verdas største satellittmarknad. Vi veit at dei har vore interesserte i Andøya Spaceport lenge.
NRK-journalist og romfartsekspert Hallvard Sandberg seier at den nye avtalen kan vere bra for norsk romverksemd.
– Vi knytast nærmare den suverene romfartsnasjonen i verda. Andøya er ein veldig bra utskytingsplass, fordi du kan skyte i nesten alle retningar. Det er ikkje alle som kan tilby ei sånn fridom for kor man kan skyte frå.
Andøya Spaceport ligg idyllisk plassert heilt nord i Vesterålen.
Foto: Andøya SpaceportIkkje minst vil samarbeidet vere bra for å auke den allereie sterke kompetansen på romhavna.
– Dei som er på Andøya og driv spaceporten er proffe folk. All erfaring dei kan få med seg gjer jo Andøya til eit meir kompetent stad, så det er jo ein fordel, forklarar Sandberg.
Slik infrastrukturen er i dag er det ifølgje Sandberg ikkje truleg at nokre amerikanske rakettar skytes opp frå norsk jord med det første.
– Det er langt fram i tid før at noko eventuelt kan skje, verker det som. Det må byggjast ny oppskytnignsplattform, sidan den som allereie er der er leid ut til tyskarane.
Publisert 16.01.2025, kl. 20.48 Oppdatert 16.01.2025, kl. 20.56