Magnhild Meltveit Kleppa
Hjelmeland
Publisert: Publisert:
For mindre enn 20 minutter siden
Debatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.
DEBATT: Aftenbladet er for mange ei hovudkjelde til nyheitsoppdatering. Eg er overraska over kor arrogant Stavanger Aftenblad har takla ei historisk omlegging og nedgradering av avisleveringa i Hjelmeland, ein time med bil frå Stavanger.
Måndag 1. september, veka før valet, var postkassane fri for aviser. Tysdag 2. september hende det same. Onsdag kom det tre aviser, torsdag ingen, fredag to og laurdag ei, rett nok desse to dagane seinare enn vanleg.
Det viste seg etter kvart at det var kome ein e-post frå Aftenbladet 20. august.
Der står det under overskrifta «Kjære abonnent», at på grunn av redusert tilbod frå distribusjonsselskapet vil det bli endringar i leveringa, i sum slik at avisa vert levert annankvar måndag, men elles kvar dag.
Då avisa ikkje kom tysdagen vart det stor pågang på kundesenteret, dei hadde ikkje svar og skulle undersøkja nærare. Og svara kom etter mange telefonar og mykje venting i kø.
Aftenbladet vil no bli levert onsdag, fredag og laurdag. Det viser seg at distribusjonen også gjeld alle andre aviser.
Det er lett å skjønna at mange blei forarga og sa opp avisa straks. Det er og forståeleg at kostnadene har auka, og at fleire vel digital løysing. Men her ser me plutseleg eit nytt utslag av Distrikts-Noreg. Må me bu i ein by for å lesa papiravis kvar dag?
Sjølv fekk eg fornøyeleg nok frå kompetent hald i Aftenbladet følgjande spørsmål: Har du prøvd den digitale utgåva? Eg er i den fasen at eg over lang tid har lese altfor mange aviser digitalt og no av omsyn til auge og aksler prøver å redusera telefonmysinga.
Eg kjenner fleire som ikkje har noko val. Dei har verken kjennskap til internett eller utstyr til det. Mange er i kategorien eldre. Dei gleder seg over kaffi og morgonavis, ein eineståande god start på dagen. Nokre er åleine. Andre er heldige og har nokon å samtala med om dette og hint som står i avisene. Avislevering er rett og slett god eldreomsorg. Over natta er ei god teneste fjerna av eit feigt mediehus som skjuler seg bak ein e-post 20. august og gjer noko langt meir dramatisk den 1. september.
Aftenbladet løftar med rette fram mykje som er skakt og skeivt. Sjølv har dei verken mot eller omtanke til å skriva i avisa om dei vala dei sjølv gjer. For all del: Kall oss ikkje lenger «kjære abonnentar»!
Publisert:
Publisert: 9. september 2025 18:19