Auklands Northug-melding: – Om han var svensk, hadde han stått på startstreken i VM

1 month ago 60



– Planen utover, sjølv om eg skal gå langløpskonkurransar på rulleski, er å trene meir allround, seier Petter Northug til NRK.

Fem år etter at Northug la opp i 2018, returnerte han som langrennsløpar i langløpssirkuset sesongen 2022/2023. Sidan den gongen har han trena målretta mot langløp i Ski Classics.

Men no legg han altså om treninga inn mot den kommande VM-sesongen. Fram mot jul er målet å kvalifisere seg til å gå Skandinavisk Cup.

– Eg trur eg har godt av å trene litt meir tradisjonelt, litt meir fart, hurtigheit og spenst. Ting eg kjenner kroppen manglar på grunn av alderen, seier Northug, og understrekar at han for det meste har trena staking og lange økter dei siste åra.

Therese Johaug har allereie bekrefta at ho gjer comeback inn mot VM i Trondheim. Spørsmåla rundt eit eventuelt VM-comeback for Northug har også hagla.

Men det verkeleg store spørsmålet er:

Har 38-åringen den kapasiteten som skal til for å kvalifisere seg?

Kampen mot den biologiske klokka

For som Northug påpeikar er han ikkje 20 år lenger.

– Du kjenner at du har blitt eldre, korleis kjenner du det på kroppen?

– Nei, det er jo heilt for jævlig, då. Du kjenner deg ròten, gamal og treig. Rørslemønsteret ditt, som du veit og har kjent på i midten av 20-åra, hugsar ein diverre ikkje. Og når ein hugsar det, så kjennast alt i dag ordentleg ræva.

Skal Northug kunne hevde seg i allround-renn, kvalifisere seg til Skandinavisk Cup, og deretter augne håp om VM-deltaking, må han dermed gjere harde prioriteringar framover.

Nettopp det er planen når alderen ikkje speler på same lag.

– Det er vanskeleg. Du må rett og slett vere nøktern i dei selektive hardøktene. Du vel dei treningsøktene du treng. Så må ein jo sørge for at ein hentar seg inn, som etter tøffe konkurransar som Toppidrettsveka, seier Northug.

– Og så må ein vere flink til å legge bort andre ting i treningsperiodar, slik at ein får kvile mellom øktene og får gode netter med søvn. Det kjenner eg er viktig når eg skal trene ein del.

– Jobbar du litt mot den biologiske klokka når det gjeld det å gå allround og kvalifisere seg til VM?

– Åh, alle perimeter jobbar mot meg.

Hevdar sjansane auka

Northug meiner likevel at han dobla sjansane sine for eit VM på heimebane, frå éin til 2,2 prosent, etter langløpet på Aure under Toppidrettsveka. Der imponerte han stort, men blei litt over fem sekund bak vinnaren etter eit stavbrekk.

Landslagstrenar Eirik Myhr Nossum var derimot mindre optimistisk på Northug sine vegner. Nossum poengterer at Northug truleg både må kvalifisere seg til verdscupen og gå inn til fleire pallplassar der om han skal ha ei VM-moglegheit.

Men la det ikkje vere noko tvil – Northug ligg ikkje på latsida.

Det understreka far John ovanfor NRK, sjølv om han trur det blir svært vanskeleg å kvalifisere seg.

– Vi er vel einige alle saman om at sjansane er minimale, kontrar sonen.

Likevel kan alt vere mogleg, under den føresetnaden at det verkeleg er Northug sin indre draum, påpeika John Northug vidare.

– Han trenar seriøst, slår pappa John fast.

«Hadde fått VM-plass om han var svensk»

Anders Aukland kan seiast å vere Noregs best trena 50-åring. Han påpeikar at det maksimale oksygenopptaket søkk frå den alderen Northug er i no. Det igjen påverkar kapasiteten.

– Når det går litt ned, får du meir problem med kortare distansar, seier Aukland og held fram:

– Men du kan klare å motarbeide det med god trening.

Anders Aukland portrett

SPREK: Anders Aukland la først opp som langrennsløpar som 50-åring.

Foto: Daniel Sandland / Nordisk Banijay/NRK

For Northug kan trene både mindre og smartare ettersom han har god grunntrening, påpeikar Aukland.

Også han trur Northug kan få problem med å kvalifisere seg.

– Det at Petter er norsk og ikkje ein del av landslaget, gjer at nålauget for å komme til VM blir realistisk sett veldig vanskeleg, seier Aukland og fortset:

– Om han var svensk, hadde han stått på startstreken i VM.

Vil gå lagsprint med Klæbo

Både Anders Aukland, John Northug og Torgeir Bjørn er einige – Northug kan få trøbbel med kvalifiseringa.

Men NRK sin langrennsekspert meiner at ingenting er umogleg når det gjeld mosvikingen.

Torgeir Bjørn

EKSPERT: Torgeir Bjørn meiner ingenting er umogleg når det gjeld Petter Northug.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Han trur også at draumen til det norske skifolket er å sjå Northug og Johannes Høsflot Klæbo saman på ein lagsprint i VM.

– Eg går gjerne første etappe med Johannes (Høsflot Klæbo) her, ja. Eg kan melde meg klar eg, men det er mange om beinet og det er frykteleg mange sterke kandidatar til å gå med Johannes, seier Northug.

– Kva skal til for å vekke dei sprint-eigenskapane du har?

– Det er å vere litt meir i styrkerommet og aktivere meir dei raske fibrane – og ha litt meir punch på trening. Det som er automatisk i muskulaturen til du er 25, må ein jobbe med når ein er eldre. Det er det som må prioriterast.

– I alle fall om ein skal gå allround der det trengst meir punch og eksplosivitet.

Publisert 19.08.2024, kl. 11.08 Oppdatert 19.08.2024, kl. 11.29

Read Entire Article