Det stadfestar Bye sin forsvarar, Eirik Svingen Bjørgo, overfor NRK.
Bye har sete i varetekt i fengsel sidan rettssaka mot han blei avslutta i februar.
No gjer ei lovendring at Trøndelag tingrett har bestemt at Bye skal få sitte i varetekt heime i staden.
– Han er sjølvsagt letta over å få medhald, seier Eirik Svingen Bjørgo.
Påtalemakta har varsla at dei vil anke avgjerda frå tingretten. Bye får ikkje kome heim før anken er behandla.
– Så han er framleis avventande, fortel Bjørgo.
Bye har sete i varetekt sidan februar.
Foto: Tariq Alisubh / NRKBjørgo seier avgjerda frå tingretten er grundig og at spørsmålet har blitt vurdert nøye.
Forsvararen er klar over at det kan vekke reaksjonar at tingretten opnar for at Bye får kome heim.
– Eg tenker det er viktig å huske at varetekt ikkje er det same som straff. Varetekt skal ikkje vere straff, seier Bjørgo.
I varetekt på grunn av allmenta si rettskjensle
Påtalemakta meiner Bye må sitte i varetekt i fengselet på grunn av omsyn til allmenta si rettsfølelse.
Arne Bye og forsvararane ønsker derimot at han skal få mogelegheit til å førebu seg til ei mogeleg ankesak heime, i staden for i fengselet.
Forsvararane vil at Bye skal bli lauslaten, alternativt at han får gjennomføre varetekt med fotlenke heime.
I tillegg meiner Bye at sikkerheita hans ikkje blir ivaretatt i fengselet.
Bye sin forsvarar, Eirik Svingen Bjørgo, fortel at Bye er letta over avgjerda frå tingretten.
Foto: Bjarte M. Johannesen / NRKMen dette meiner aktor ikkje stemmer og at Bye argumenterer slik for å sleppe ut av fengselet.
– Dette ser påtalemakta som eit uttrykk for at han ikkje ønsker å vere der han er, sa aktor Ole Andreas Aftret i retten torsdag.
Tingretten presiserer i avgjerda at Bye ikkje vil vere på frifot.
Politiadvokaten vil at Bye skal haldast i varetekt i Trondheim fengsel fram til ei eventuell ankesak startar 27. oktober.
– Påtalemakta er ueinig i slutninga og anker avgjerda til Frostating lagmannsrett, skriv Aftret i ein tekstmelding til NRK måndag.
Varetekt med fotlenke
Frå 15. august i år kan varetektsfengsling gjennomførast med fotlenke, såkalla elektronisk kontroll.
Det betyr at ein i staden for å sitte i varetekt i fengselet, kan gjere dette heime med fotlenke.
Kriminalomsorgen konkluderte med at Bye er eigna for å sitte i denne typen varetekt.
– Kriminalomsorgen har vurdert om dei objektive vilkåra for å gjennomføre varetektsfengsling med elektronisk kontroll er til stades. Og det vurderer me at dei er.
Det sa eit vitne frå kriminalomsorga i retten.
Sidan lovverket er så nytt, er det få personar i Noreg som sit i varetekt heime med fotlenke.
Den 15 år gamle guten som er sikta etter bussbrannen i Nordre Follo er ein av dei første her i landet som sit i varetekt på denne måten.
Han gjennomfører no varetekt med elektronisk kontroll på ein institusjon.
Alarmen går viss vedkommande beveger seg vekk frå området som er bestemt.
Lovendring kan gje Bye lågare straff
6. juni blei den tidlegare kommuneoverlegen i Frosta dømt til 21 år i fengsel i Trøndelag tingrett.
Han blei funnen skyldig i mellom anna 70 tilfelle av valdtekt.
Bye anka dommen og vil ha ei ny vurdering av om kvinnene var i stand til å motsette seg det han gjorde med dei på legekontoret.
1. juli gjorde endringar i straffelova at ein av paragrafane Bye er blitt dømt for, ikkje lenger finst.
Påtalemakta ber lagmannsretten om å behandle spørsmålet om straffeutmåling.
Dersom lagmannsretten gjer dette, vil den nye strafferamma vere 16 år.
Arne Bye blei pågripen og køyrd til Trondheim fengsel dagen saka mot han var ferdig i tingretten.
Foto: Bjarte Johannesen / NRKDersom lagmannsretten også vil behandle spørsmålet om Bye er skuldig eller ikkje, vil påtalemakta vurdere om nokre av tiltalepunkta kan bli ramma av paragrafen om grov valdtekt.
Dersom det skjer, vil det gje ei strafferamme på 21 år.
Det er enno ikkje klart om lagmannsretten tar saka eller ikkje.
Lagmannsretten kan velje å berre ta inn spørsmålet om straffeutmåling eller dei kan i tillegg vurdere spørsmålet om Bye er skyldig eller ikkje.
Dersom anken blir behandla vil saka starte 27. oktober.
Publisert 08.09.2025, kl. 14.34 Oppdatert 08.09.2025, kl. 14.56