AP: Kennedy støttar Trump: – Eg byrja i politikken som demokrat

1 month ago 21



Det melder nyheitsbyrået AP.

Kennedys uavhengige kampanje ba også om at han blir fjerna frå stemmeseddelen i Pennsylvania, sjølv om det ikkje umiddelbart var stadfesta at han offisielt hadde trekt seg frå valkampen.

– Eg byrja i politikken som demokrat, slik som min far og familie.

Slik startar tala som Robert F. Kennedy Jr. held i ein pressekonferanse.

Fyrste del av tala hans dreier seg om at Det demokratiske partiet var eit viktig parti som gjorde mykje for det amerikanske folket, men at det no har endra seg til å handle om krig og pengar.

Han kritiserer vidare systemet og medium, som han seier står i vegen for han å vinne.

Omdiskutert figur

Den siste veka har Kennedy hatt rundt 5 prosent oppslutning, ifølgje Sofie Høgestøl, jurist og USA-ekspert.

Kennedy er mest kjend som vaksinemotstandar, fortel ho.

Han er utdanna til jurist og har vore ein miljøforkjempar.

Han har hatt ei rekkje utsegn som at han dumpa ein død bjørneunge i Central Park i New York for nokre år tilbake og at deler av hjernen hans var ete opp av parasittar.

Sofie Høgestøl

Sofie Høgestøl jurist og USA-ekspert.

Foto: Johanna Hauge

Onsdag denne veka, sende kampanjedirektøren hans ut ein e-post til dei tilsette og takka dei for innsatsen i kampanjen, ifølgje CBC News.

Ho skal i den same e-posten ha informert dei om at Kennedy vurderte å trekkje seg frå valkampen

– Det eg har høyrt frå venene mine i kampanjen, er at Bobby er i tvil. Eg trur til slutt at han vil støtte Trump, sa tidlegare seniorrådgjevar for valkampanjen til Kennedy, Link Lauren til CBS News.

Opnar opp for Kennedy i administrasjonen

Tysdag sa Trump til CNN at han vil vere open for at Kennedy får ei rolle i administrasjonen hans, viss han trekkjer seg og støttar han.

– Eg liker han, og eg respekterer han.

Han sa òg at han «elskar støtta» frå Kennedy.

I juli lekka ein video som viste ein telefonsamtale mellom Kennedy og Trump.

Donald Trump

Donald Trump har an

Foto: AP

Der forsøkte Trump å sikre seg støtta til Kennedy.

– Eg ville elska at du gjorde noko – og eg trur det ville vere veldig bra og stort for deg òg, seier Trump og viser til valkampen.

Vidare seier Trump:

– Vi kjem til å vinne.

Kennedy har seinare beklaga for at telefonsamtala vart lekka.

Kjem frå mektig familie

Kennedy er sonen til Robert F. Kennedy som var senator og justisminister. Han vart skoten under presidentvalkampen i 1968. Han stilte då som presidentkandidat for demokratane.

Nokre år i førevegen, vart onkelen hans John F. Kennedy skoten. Han var president i USA frå 1961 og fram til hans død i 1963. JFK var òg demokrat.

Ein annan onkel, Ted Kennedy var i fleire tiår ein demokratisk senator i staten Massachusetts, der familien har sine røter.

– Kennedy-namnet er eit namn alle i USA har eit forhold til, og ein knyter det til Det demokratiske partiet.

Jack Scholssberg

Jack Schlossberg tala under landsmøtet til demokratane denne veka.

Foto: AP

Familien har prega amerikansk politikk i mange tiår. Dei uttrykkjer framleis støtte til Det demokratiske partiet.

– Familien hans har teke sterk avstand frå han. Dei har komme med støtteerklæringar til demokratane, seier Høgestøl.

Jack Schlossberg som er barnebarnet til JFK, har tidlegare i år uttala mellom anna at presidentkandidaten «lyg til oss», der han viser til det amerikanske folket.

Publisert 23.08.2024, kl. 20.32 Oppdatert 23.08.2024, kl. 20.59

Read Entire Article