Anke i Frosta-saka: Vil ha ny vurdering av om kvinnene var ute av stand til å motsette seg

19 hours ago 5



Vi meiner at ein del av postane som omhandlar valdtekt må bli behandla på nytt, seier Frode Wisth til NRK.

Han er forsvarar for den tidlegare kommuneoverlegen i Frosta som blei dømt til 21 år i fengsel i tingretten.

Fredag leverte forsvararane eit støtteskriv til anken. Der spesifiserer dei kva dei ønsker behandla på nytt i lagmannsretten.

Og da er det uttrykket «ute av stand til å motsette seg» som vil vere gjenstand for drøfting.

Forsvarer Frode Wisth i fengslingsmøte 19. april 2024

Bye sin forsvarar, Frode Wisth, leverte fredag eit støtteskriv til Bye sin anke.

Foto: Kari Sørbø

– Det er ei rettsleg vurdering

I juni blei den tidlegare kommuneoverlegen i Frosta dømt til 21 år i fengsel i Trøndelag tingrett.

Bye stod tiltalt i tingretten for å ha misbrukt stillinga si for å oppnå seksuell omgang med 94 av sine pasientar. 87 av dei var han også tiltalt for å ha valdtatt.

Ifølge tiltalen skjedde mange av valdtektene under gynekologiske undersøkingar der kvinnene låg i ein gynekologstol eller på ein undersøkingsbenk og var «ute av stand til å motsette seg».

Det er dette forsvararane vil problematisere i ei eventuell ankesak.

– Det er ei rettsleg vurdering, seier Wisth.

Faktum er ein ikkje nødvendigvis så ueinige om.

Rettstegning av Arne Bye

Hovudforhandlingane i tingretten fann stad frå november til februar.

Foto: Arne Hem/NTB

Eirik Svingen Bjørgo, også han ein av Bye sine forsvararar, fortel at grensegangen mellom god medisinsk praksis og kva som er straffbart vil vere eit tema.

– Også er det gråsoneområdet der ein er utanfor god medisinsk praksis, men kanskje ikkje innafor straffeloven på den eine sida og det at det blir ramma av straffeloven på den andre.

Bjørgo fortel at dei saman med Bye har vurdert tilfella i dommen.

– Der har vi saman med Bye gjennomført ei siling der vi ikkje har anka på alle postane.

Forsvararane meiner også eit av punkta Bye er dømt for er forelda, fortel Wisth.

Advokat Eirik Svingen Bjørgo fra Advokatfirmaet Strand sitter ved en PC i en rettssal

Eirik Svingen Bjørgo er ein av Bye sine tre forsvararar.

Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK

Ankar ikkje på alt

– Eg anser meg som ikkje straffskyldig og eg har trekt alle tidlegare erkjenningar som er gjort, fortalde Bye da han bad om å bli lauslaten frå varetekt i starten av juli.

Under rettssaka erkjente Bye straffskyld for å ha valdtatt 21 kvinner og for 44 tilfelle av å ha misbrukt stillinga si.

At ein trekker ei erkjenning betyr ikkje nødvendigvis at ein går bort frå det ein har forklart, seier Wisth måndag.

Han peiker på at Bye blei dømt for både å ha valdtatt og misbrukt stillinga si overfor mange av dei fornærma kvinnene.

– Så ein kan i teorien bli dømt for misbruk av stilling, men bli frifunnen for valdtekt.

Han ønsker ikkje å talfeste kor mange av punkta Bye blei funnen skuldig i dei no ankar, men seier det ikkje er alle.

– Anken er omfattande utan at vi går ut med noko tal, seier Wisth måndag.

Legekontoret i Frosta kommune. Man ser toppen av inngangspartiet der det står "Legekontor". En fugl flyr over inngangspartiet.

Tingretten fann Bye skyldig i 70 tilfelle av valdtekt og 82 tilfelle av å ha misbrukt stillinga si for å oppnå seksuell omgang.

Foto: Vegard T. Blakstad / NRK

Sit i varetekt

Bye sat ikkje fengsla mens rettssaka mot han gjekk føre seg i Trøndelag tingrett i Steinkjer.

Etter siste dag i retten blei han pågripen og framstilt for varetektsfengsling. Han sit enno i varetekt.

Den tidlegare kommuneoverlegen har fleire gongar bedd om å bli lauslaten.

– Moglegheitene for å gå gjennom saka og gjere ankeførebuingar i fengselet er håplaus, sa Bye siste varetektsfengslinga blei forlenga.

I fengslingsmøte har han også fortald at opphaldet i fengsel går utover helsa og at han fryktar for sin eigen sikkerheit i fengsel.

– Forhalda er openbert litt komplisert, men vi sit ikkje og har fokus på det no. Vi har fått dei rammene vi har fått, seier Wisth.

Eventuell ankesak i oktober

Tove Røddesnes er koordinerande bistandsadvokat for dei fornærma kvinnene. Ho har ikkje ønskt å kommentere støtteskrivet eller kva Bye ankar.

Statsadvokat Eli Nessimo stadfestar at påtalemakta har mottatt støtteskrivet, men ønsker ikkje å kommentere innhaldet.

– Det er eit omfattande skriv som vi no skal lese før vi kjem med våre kommentarar.

en mann og en kvinne som sitter ved et skrivebord med en mikrofon

Statsadvokat Eli Nessimo vil lese støtteskrivet og kommentere før anken blir sendt vidare til lagmannsretten.

Foto: Bjarte M. Johannesen / Bjarte Johannesen/NRK

Påtalemakta vil sende sine kommentarar til ankeutvalet i Frostating lagmannsrett.

Lagmannsretten har moglegheit til å «ankesile», det vil seie at dei kan nekte å behandle ankesaka.

Dersom Frostating lagmannsrett vel å behandle ankesaka vil ho starte 28. oktober.

Retten har sette av 17 veker til å behandle ei eventuell ankesak.

Publisert 28.07.2025, kl. 16.33

Read Entire Article