– Det blir siger på overbevisande måte!
Det utbraut NRKs Ski Classics ekspert Simen Østensen då det blei klart at Anikken Gjerde Alnæs vann spurten i Ski Classics laurdag formiddag.
For det er nesten ein sensasjon at Alnæs kan stille seg på toppen av Ski Classics-pallen. For kneet hennar kan ikkje bøyast meir enn 90 grader.
På grunn av skarpt føre var ho ikkje sikker på ho i det heile kunne starte. Men på kjapt føre var det til slutt tre løparar i front, og det drog seg til mot spurt.
Der var det ikkje tvil om kven som var sterkast. Alnæs vann spurten på overbevisande måte og overtok med det samanlagtleiinga i Ski Classics.
No har ho vunne to av tre renn denne sesongen.
– Det er litt sånn når ein må trene alternativt, at ein trenar fram nye styrkar, seier Østensen.
– Då tenkte eg at eg er ferdig som skiløpar
For det er berre seks månader sidan ho var involvert i ei stygg ulykke. Ho kolliderte med ein bil på rulleskitur og var innlagd på sjukehus ei veke.
– Først hovudet, og så hendene – er det eg hugsar. Eg har blitt fortald etterpå at eg har knust ruta på bilen, og det har blitt ein kjempebulk på sida av bilen. Det forklarer også kvifor det kom glasskår ut av armen min nokre veker seinare, seier Alnæs til NRK.
– Då eg innsåg at det var noko gale med kneet, og ambulansepersonell fortalde meg at kneet er veldig stygt skadd ... då tenkte eg at eg er ferdig som skiløpar.
Alnes var ikkje særleg bekymra, det viktigaste var å «fungere som eit menneske».
KONTRAST: Gledestårer etter den fyrste sigeren og røntgen av den pulveriserte kneskåla.
Foto: SKI CLASSICS / PRIVAT– Lettare panikk
Ho fekk beskjed om at ho kanskje ikkje kunne gå på ski igjen.
– Eg kunne ikkje bevege det eine beinet mitt. Det var faktisk null respons. Då fekk eg lettare panikk.
Eit snautt halvår seinare var ho tilbake på startstreken i Ski Classics. Sjølv om legane har sagt at kneet ikkje er optimalt før minimum sommaren 2025.
«MASTER BEDROOM» : Sambuarparet Alnæs og Carl Fredrik Hagen har gjort om eit soverom til treningsrom.
Foto: Caroline Mitchell Larød / NRK– Det er ikkje 100 prosent bra enno, seier ho.
Og likevel vann ho eit Ski Classic-renn i Austerrike i desember. Ho er berre halvvegs i rehabiliteringa.
– Det er ein siger berre å stå på startstreken, seier Alnæs.
RØRT: Alnæs klarte ikke å holde følelsene tilbake etter målgang.
Då ho kryssa mållinja i Austerrike trilla tårene.
– Det er heilt uventa. Eg hadde ikkje i min villaste fantasi tenkt at ho skulle vinne dette, seier sambuar og tidlegare proffsyklist Carl Fredrik Hagen.
På det høgre kneet kan ein tydeleg sjå at noko ikkje er som det skal. Alnæs går med knebeskyttar under trikoten. Den gir eit tydeleg bilde på at sommaren og hausten har vore brutal.
Framleis kan ho verken springe eller sykle, så ho må tenke heilt nytt i treninga.
«Dette kom eg til å hate»
Hagen er Alnæs sin sambuar og har naturlegvis vore tett på heile rehabiliteringa. Framleis er det mykje igjen før Alnæs er heilt frisk, men det går mykje betre enn først venta.
– Det var ikkje sikkert at ho kom til å gå skirenn igjen nokon gong. Så kan du tenke deg at ho kjem tilbake og vinn skirennet, det første nokon gong. Det er ekstremt imponerande, seier Hagen.
SAMBUAR: Carl Fredrik Hagen er tidlegare proffsyklist og er Alnæs sin sambuar.
Foto: Heiko Junge / NTBHagen rosar henne for aldri å slurve med treninga, og for at ho har gått uortodokse vegar for å trene i ein vanskeleg situasjon.
– Ho har gått frå å vere i rullestol til rullator og så over i ein langrennskjelke, seier Carl Fredrik Hagen til NRK.
I tillegg har Alnæs stått timevis på stakemaskin i garasjen til foreldra.
– Eg hadde eigentleg sett for meg at «dette kom eg til å hate». Men jobben som er gjort har vore både hard og inspirerande, seier Alnæs sjølv.
– Skal ikkje vere mogleg
Sjølv om Alnæs vinn renn i Ski Classics er ho langt frå ferdig med opptreninga.
Kneet kan ikkje bøyast meir enn 90 grader. Det gjer at ho for eksempel ikkje kan gå ned trapper.
No er målet å følge opp den gode starten, men samtidig ikkje gape over for mykje.
– Det kan hende vi skal halde igjen litt og ta det steg for steg.
– Dette har vore ei reise som gjer at du tenker «dette skal ikkje vere mogleg», seier Carl Fredrik Hagen.
I løpet for herrar var det Kasper Stadaas som kunne juble høgast. Han slo samanlagtleiar Amund Riege i spurten av det 60 kilometer lange langløpet 3 Zinnen Ski Marathon i Italia laurdag. Riege vart seinare diskvalifisert for ulovleg skøyting.
– Du skjønner jo hvor fæl fyr han er! 01:14
Publisert 11.01.2025, kl. 12.10 Oppdatert 11.01.2025, kl. 12.55