Andreas (18) er Noregs ukjente friidrettshåp: – Eg dukka berre plutseleg opp

2 hours ago 1



Han representerer Sandnes IL, er nevø av Stavanger-artisten Thomas Dybdahl og heiter Andreas Dybdahl.

På utsida er det mykje som verkar norsk ved mannen som tok sølv på 1500 meter under U20-EM i Tammerfors førre helg. Men:

– Eg kan berre telje til ti, ler han overfor NRK.

For Dybdahl er fødd i Singapore, oppvakse på New Zealand, før han flytta til California i USA som tiåring. Der har han budd sidan.

Thomas Dybdahl spiller gitar

ONKEL: Artisten Thomas Dybdahl er bror til Andreas’ far.

Foto: Audun Braastad / NTB

18-åringen har newzealandsk mor og ein far frå Stavanger, men norskkunnskapane har det skorta på.

– Dessverre var eg nok ikkje flink nok til å lære han det norske språket da han var yngre, som eg eigentleg burde gjort, har pappa Sveinung uttalt til Stavanger Aftenblad.

– Sprø kjensle

Men på friidrettsbanen har talentet valt å representere heimlandet til faren og Sandnes-klubben. Med flagget på brystet kniva han om sigeren med «landsmannen» Håkon Moe Berg. Trass sølv bidrog resultatet til Noregs beste U20-EM nokosinne.

– Det var vanvitig med tilskodarane og alt. Å springe dei siste 100 meterane saman med Håkon, og å sikre dobbeltsiger for Noreg – det var ei heilt sprø kjensle, fortel Dybdahl med klingande California-dialekt.

Sjå spurten frå Dybdahls sølvløp i U20-EM:

– Kvifor valde du å representere Noreg?

– Eg har det norske blodet, og eg kjem alltid hit på sommaren nokre veker for å trene. Noreg kjennest som heimen min! Eg følte at eg måtte prøve å representere landet og er veldig glad for at eg kunne gjere det. Det betyr mykje, fortset 18-åringen.

Ny kjenning

For NRKs friidrettsekspert Vebjørn Rodal er Andreas Dybdahl framleis eit ferskt namn. Han har late seg imponere av det Dybdahl presterte i 1500-meterfinalen under U20-EM.

– Eg synest han bevegar seg godt. Han har ein fin rytme og fin teknikk. Eg ser ikkje så mykje avgrensingar i fysikken hans, seier Rodal.

Vebjørn Rodal

EKSPERT: Vebjørn Rodal synest det er ei anerkjenning for Noreg at Andreas Dybdahl har valt dei over fleire andre nasjonar.

Foto: Sigmund Sagberg Andersen

Dybdahl hadde berre delteke i amerikanske løp før han før blei teken ut til den nordiske U20-meisterskapen i juli. Der sikra han seg ein siger og ein andreplass på 1500 meter og 800 meter, før han fekk sjansen i U20-EM.

Der presenterte han seg altså verkeleg for det norske friidrettspublikummet med sølvet på 1500 meter. Heller ikkje gullvinnar Moe Berg hadde møtt Dybdahl tidlegare:

– Eg møtte han først nå då vi kom hit til Finland. Han er ein kjernekar, altså. Det er kjempeartig at han lukkast, siger Moe Berg til NRK.

Målgang i et langløp på en friidrettsstadion

TETT: Det blei jamt under målgang på 1500 meter, men Håkon Moe Berg vann føre Andreas Dybdahl.

Foto: Kristoffer Randall/Norges Friidrettsforbund

Dybdahls personlege rekord på 1500 meter er 3.42,52 og på engelsk mil er det 4.01,44. Foreløpig er 18-åringen Noregs åttande raskaste mann på 1500 meter under 20 år.

– Men det å ha litt fart og spurteigenskapar i botn er ein fantastisk viktig eigenskap når du skal springe mellomdistanse og har ein ambisjon om å lykkast i meisterskap. Det er nesten viktigast å sjå at han har dei kvalitetane, litt sånn naturgitt, seier Rodal.

Jakob Ingebrigtsen sprang 3.30,16 som 18-åring.

Dukka opp

Trass dei norske gena, var det først da familien flytta til Statane at satsinga på friidrett verkeleg tok av. Både tennis og fotball blei lagd vekk, og det var på mellomdistansar at Dybdahl verkeleg tok steg.

Dei siste to åra på high school (tilsvarande ungdomsskulen) blei han delstatsmeister på engelsk mil (1609 meter)

Ifølge Aftenbladet blei friidrettstalentet tilbode løpestipend frå fleire skular, og valet fall på Universitetet i California (UCLA).

Et skilt på campus hvor det står "UCLA - Go bruins"

CAMPUS: Dybdahl valde å studere ved UCLA og deira friidrettslag «Bruins».

Foto: AFP

– For mange norske friidrettsfans er du ganske ukjent. Kva har du av mål for karrieren?

– Ja, eg dukka berre opp, smiler han.

– I fjor sommar sette far min og eg meg ned, og ønskte verkeleg at eg skulle komme meg på laget til U20-EM. Eg er verkeleg glad for at det har skjedd. Nå vil eg sjå kor langt eg kan nå i karrieren min. Forhåpentleg kan eg springe på dei største arenaene, og kanskje ein dag også i Los Angeles-OL, seier Dybdahl vidare, vel vitande om at campusen på UCLA skal huse OL-landsbyen.

Los Angeles Colosseum

NESTE: OL om tre år blir arrangert i Dybdahls heimby Los Angeles.

Foto: Reuters

Og norskkunnskapane har han som mål å heve ytterlegare enn å telje til ti. På universitetet har han meldt seg opp i norsk som valfag.

– Målet er definitivt å kunne ha ein samtale på norsk. Eg er ikkje i nærleiken av det nå. Men éin dag. Neste år, seier Dybdahl sjølvsikkert.

Her skårar keeperen frå 80 meter: – Har du sett for ei skåring!? 00:39

Publisert 15.08.2025, kl. 10.17

Read Entire Article