Mens vaktmeistrar, parkvesen og teknisk tenester i kommunen får arbeidskleda dei treng, må mange barnehagearbeidarar betale for det meste frå eigen lomme.
– Urettferdig, meiner Amalie Bråten (33) som er barnehagepedagog i Erikstad barnehage i Fauske i Nordland.
Men kommunen har vore på Robek-lista i årevis, og er endeleg i ferd med å få balanse i budsjettet.
Skule- og oppvekstsjefen forstår irritasjonen frå barnehagearbeidarane, og lover å sjå på å gi meir stønad til klede snart.
Utdanningsforbundet lokalt meiner årsaka til at kommunen snart går i balanse nettopp er fordi dei har kutta nettopp posten for arbeidstøy for barnehagetilsette frå budsjettet. Dei og arbeidarpartipolitikarar meiner kommunane bør punge ut.
– 1500 kr rekk ikkje langt
Tillitsvalt og pedagog Amalie Bråten er ute og leiker med ungane i Erikstad barnehage i Fauske.
– Ein gjer jo det same som ungane. Det blir kryping på kne og klatring i tre. Då er det klart kleda våre blir fort slite og vi ofte må kjøpe nytt, seier ho.
Likevel får ho og kollegaene berre 1500 kr i året til å kjøpe kleda dei treng. Det meiner ho er langt frå nok.
– Det rekk ikkje langt. Du er heldig om du får ei bukse, ei jakke eller eit par sko.
Dei siste ti åra tør ho ikkje tenkje på kor mykje ho har brukt av eigen lommebok for å fylle klesskapet på jobben.
– Eg må jo berre bruke mine eigne pengar. Det er jobben min å vere ute med ungane, så eg må ha klede til det.
Barnehageyrket er ganske åleine med å måtte bla opp frå privat lommebok, meiner Bråten.
– Eg synest ikkje det er greitt. Yrket er underprioritert frå før, kanskje fordi det er eit kvinnedominert yrke? Dei mannsdominerte yrka er flinkare til å seie ifrå når dei treng ny bukse, seier ho og legg til:
– Tenk om fiskarar eller industriarbeidarar måtte gjere det same.
Ulikt privat og offentleg
Men ikkje alle barnehagetilsette i kommunen manglar jobbklede.
Berre ein kort køyretur unna Erikstad barnehage ligg Medås gardsbarnehage. Det er ein del av Læringsverkstedet sine barnehagar og er difor privat.
– Her får nytilsette ei pakke med klede når dei startar. Rundt rekna brukar vi om lag 4–5000 kr på det per tilsett, seier styrar i barnehagen, Jim Frode Hansen.
Dei tilsette hos ham får difor ikkje ein sum i året. I staden kjøper barnehagen inn nytt om det gamle blir slite. Yttertøyet blir også igjen i barnehagen om dei tilsette sluttar.
– Kvifor meiner de at bedrifta og ikkje dei tilsette bør ta denne utgifta?
– Arbeidsklede må ein ha når ein skal yte ein jobb. Dei tilsette sine klede skal ikkje setje avgrensing på når vi kan dra på tur og ikkje til dømes.
Utdanningsforbundet: – Tatt bort med eit pennestrøk
Anita Helgesen, leiar i Utdanningsforbundet på Fauske synest det er trasig at kleda barnehagetilsette treng ikkje blir prioritert av kommunen.
– Det er viktig at dei trivst i jobben. Det gjer ein ikkje om ein frys eller ikkje har det utstyret ein treng.
Helgesen fortel at det allereie har låge inne eit forslag i kommunen om å gi dei tilsette kleda dei treng.
– Det blei tatt bort ved første pennestrøk for at budsjettet skulle kome i balanse.
Kva kommunar vel å bruke på klede til barnehagetilsette kan variere frå ingenting til 7000 kr, ifølge ei undersøking gjort av Utdanningsnytt.
Arbeidsmiljøloven seier nemleg ikkje noko konkret om arbeidstøy.
I dag er arbeidstøy for tilsette i kommunane regulert i ein særavtale med kommunanes arbeidsgivarorganisasjon KS. Der står det at «behovet blir avgjort av partane lokalt».
Kommunen: – Anerkjenner ulik praksis
Men for kommunen er det ikkje like lett å gjere noko med dette, ifølge Hans Fredrik Sørdal, kommunalsjef for oppvekst og opplæring i Fauske kommune.
– Vi anerkjenner den utfordringa, og gjennom budsjettarbeidet har vi jobba med å finne løysingar på dette, seier han.
Men kommunen har i årevis låge på Robek-lista. Først no ser dei ein veg ut. Då blei det ikkje råd til å prioritere arbeidsklede på dette budsjettet, ifølge Sørdal.
– Tekniske tenester i kommunen får arbeidsklede, kvifor er det forskjell på dei og barnehagetilsette?
– Vi anerkjenner at det er ein ulik praksis. Det er ein del av det vi skal jobbe med no saman med fagformingane for å finne ein fullgod løysing for dei tilsette i barnehagen.
Ønsker seg arbeidsklede til arbeidsplassen
Barnehagetilsett Amalie Bråten meiner det optimale hadde vore å få det ein treng til jobben, i kommunal sektor som i privat.
– Det er same yrke i same kommune. No er det på eit vis litt urettferdig.
Helgesen i Utdanningsforbundet kjem til å jobbe for ei slik framtida i Fauske kommune.
– Ein arbeidsavtale med arbeidsklede ville vore det beste for alle.
Og om helsepolitikarane i Arbeidarpartiet får det som dei vil, kan betalt arbeidstøy for barnehagetilsette bli framtida for enno fleire.
– Det er ein fundamental urett som vi har lyst til å rette opp, seier politikar Truls Vasvik (Ap) som sit i helse- og omsorgskomiteen på Stortinget.
Han vil sjå på moglegheita til å legge inn eit krav om at riktig arbeidstøy blir dekt av arbeidsgivar i arbeidsmiljøloven. Det skal bli diskutert på neste års landsmøte.
Fagforbundet organiserar omkring 30.000 barnehagetilsette rundt om i heile landet.
- Det er ein forskjell som vi meiner er blodig urettferdig, seier Mette Nord, forbundsleiar i Fagforbundet.
Difor jobber også Fagforbundet no for at arbeidstøy til barnehagetilsette skal bli del av arbeidsmiljøloven.
Publisert 15.11.2024, kl. 21.47