– Alle blei nok litt overraska

1 month ago 24



Samstundes som Ukraina gjekk inn i Russland med stridsvogn og soldatar, fekk ukrainske soldatar opplæring av den norske hæren i å bruke stridsvogn i kamp.

 Robert Reinlund / TV 2
TRENING: På ein militærbase ein hemmeleg stad i Polen fekk ukrainske soldatar opplæring i å bruke stridsvogn av instruktørar frå Telemarksbataljonen. Foto: Robert Reinlund / TV 2

Publisert 21.08.2024 23:03

– Eg håpar vi vil rykke framover med desse stridsvognene til neste år. Eg håpar vi vinn og overlever, slik at vi kan møte familiane våre igjen.

Ukrainske Sergii har kjempa i krigen sidan annekteringen av Krim i 2014. 

No har han vore i Polen og fått opplæring av det norske forsvaret i å bruke stridsvogn. 

 Robert Reinlund / TV 2
LEOPARD 2: Ukrainske Sergii er blant dei ukrainske soldatane som er i Polen for å lære om å bruke dei nye Leopard-stridsvognene som Ukraina har fått donert frå fleire land. Foto: Robert Reinlund / TV 2

– Det vi lærer her, er det vi får bruk for på slagmarka. Vi lærer om sjølve stridsvogna, om taktikk og korleis vi skal handle i kamp, seier Sergii.

TV 2 fekk vere med inn på militærbasen og møte dei om lag førti soldatane som på berre fem veker skulle lære seg å meistre avanserte Leopard 2-stridsvogner. 

 Robert Reinlund / TV 2
TRENAR PÅ KAMP: – Vi trena på å bekjempe ein fiende, uavhengig av om fienden angrip eller kva han gjer. Korleis ukrainarane vel å bruke stridsvogna, er opp til dei, seier Kim. Han er styrkesjef i den norske hæren og har hatt ansvaret for opplegget i Polen. Foto: Robert Reinlund / TV 2

Fleire av dei var sivilt rekrutterte soldatar, som hadde lite eller ingen erfaring med militært utstyr før dei blei rekruttert til å skulle kjempe i krigen. 

– Samanfatta kan ein seie at nokon av oss aldri hadde sett ei stridsvogn eller køyrd ein vanleg bil før. No er vi blitt vognførarar, mekanikarar, skyttarar, seier Sviatoslav, ein annan av soldatane på opplæring. 

–  Vi er blitt meir sjølvsikre. I alle fall sjølvsikre nok til å dra tilbake til Ukraina. 

 Robert Reinlund / TV 2
KLOKKEMAKAR: Ukrainske Sviatoslav jobba som mekanikar og klokkemakar heime i Ukraina. No er han blitt vognkommandør på ei stridsvogn. Foto: Robert Reinlund / TV 2

Ukrainsk offensiv 

6. august overraska Ukraina både Moskva og ekspertar då dei gjekk inn i regionen Kursk i Russland med stridsvogner og soldatar. 

Titusenvis av russarar har flykta frå heimane sine.

Ukraina hevdar å ha tatt kontroll over 1000 kvadratkilometer i regionen. Russarane hevdar det gjeld halvparten. 

– Alle blei nok litt overraska over det Ukraina gjorde i den regionen, langt unna frontlinja, seier forsvarssjef Eirik Kristoffersen. 

 Kristin Grønning / TV 2
VIKTIG BIDRAG: Forsvarssjef Eirik Kristoffersen seier opptreninga av ukrainske soldatar berre er eitt av fleire viktige bidrag Noreg har i krigen. Foto: Kristin Grønning / TV 2

– Operasjonen er ikkje med eit mål om å halde russisk territorium. Det er for å skape dynamikk langs ei frontlinje som har vore veldig låst. 

Ingen konsekvens

Norge har så langt donert store mengder militært utstyr til Ukraina, mellom anna Leopard-stridsvogner, luftvern og ammunisjon. Regjeringa har sagt de vil donere seks F-16-jagarfly i løpet av året. 

Norske instruktørar bidrar også med å trene opp ukrainske soldatar i å bruke utstyret dei får donert.

 Robert Reinlund / TV 2
MOTIVERTE: Dei ukrainske soldatane går gjennom intensive kurs for å lære mest mogleg på kort tid. Foto: Robert Reinlund / TV 2

Forsvarssjefen seier støtta til Ukraina er ei av dei største operasjonane det norske forsvaret har stått i på lenge. 

– No står ukrainske soldatar på russisk territorium. Er det problematisk med tanke på dei operasjonane Norge driv?  

– Nei, det er det ikkje. Ukraina har all rett til å angripe russiske basar og forsyningslinjer. Vi skal fortsette å støtte Ukraina med det dei treng støttast med, seier forsvarssjef Eirik Kristoffersen.

 Robert Reinlund / TV 2
DONASJONAR: Ukraina har fått donert fleire stridsvogner av typen Leopard 2. Dei ønskjer seg enno fleire. Foto: Robert Reinlund / TV 2

Han seier den ukrainske offensiven kom som ei overrasking. 

Han meiner både Noreg og andre allierte land kan og bør gjere meir for å hjelpe Ukraina, for å hindre at Russland vinn fram. 

 Robert Reinlund / TV 2
INTENSIV: På berre fem veker skulle klokkemakarar, direktørar og musikarar lære seg å bruke stridsvogn i kamp. Foto: Robert Reinlund / TV 2

– Vi kan bidra med veldig mykje meir. Vi kunne ha gjort enda meir før 24. februar 2022. Vi kan ikkje komme i ein situasjon der vi om eit par år vil seie at vi kunne gjort meir etter også.

– Regnar rakettar

Frå militærbasen i Polen har Sergii, Sviatoslav og dei andre soldatane følgd nøye med på utviklinga i krigen.

– Eg ser positivt på det. Eg trur framrykket gir moglegheiter til å svekke dei russiske styrkane. Det gir oss tid til å førebu hæren, seier Sviatoslav. 

– Dette er ein stor motivasjon. I teorien kan vi bytte territorier, deira mot våre. Det kan bringe oss nærmare fred, seier Sergii.

 Robert Reinlund / TV 2
NORSK BIDRAG: Til ei kvar tid er over 300 norske instruktørar involvert i opplæring og trening av ukrainske soldatar, opplyser forsvarssjefen. Foto: Robert Reinlund / TV 2

Dei ukrainske soldatane er ferdige på kurset i Polen og skal no snart kjempe med stridsvogn i krig. Dei seier dei framleis har stort behov for hjelp frå Vesten. 

– Luftvern er viktigast. Folk må beskyttast, for det regnar rakettar på dei. Styrkane på slagmarka treng stridsvogner og F-16-fly, seier Sergii.  

 Robert Reinlund / TV 2
TAKKSAME: Dei ukrainske soldatane seier dei er takksame for donasjonane og treninga dei får frå Noreg. Foto: Robert Reinlund / TV 2

Han vil samstundes rette ein takk for donasjonane dei har fått. 

– Utan det ville vi kanskje ikkje klart oss. Nytt utstyr har hjelpt på motivasjonen til å kjempe mot fienden. 

– Men den viktigaste motivasjonen er barna våre.

Read Entire Article