Det er sjeldan eg seier dette om bøker, men ungdomromanen “Keisar Augustus” kunne vore litt lenger.
Publisert: Publisert:
Nå nettopp
Peter F. Strassegger: “Keisar Augustus”. Ungdomsroman. 154 sider. Det Norske Samlaget.
Peter F. Strassegger har tidlegare skrive to ungdomsromanar om ungdommar som på ulike måtar har kome skeivt ut. Flytting, utanforskap, rus, vald og ungdomskultur går igjen i både “Aleksander den store”, “Kvil i fred” og “Keisar Augustus”. Til saman utgjer dei tre romanen ein trilogi, utan at ein nødvendigvis må lese dei i rekkefølgje.
I “Keisar Augustus” flyttar August og mor hans frå Austlandet til Vestlandet. Ut frå det faktum at August tidleg i romanen stel ei farsa frå butikken, kan ein nok gå ut frå at dei har flytta til Jæren, kanskje til og med Bryne der Strassegger sjølv bur?
Både August og mora hans har tidlegare fått problem både på skulen og med ordensmaktene, så flyttinga skal bli ein ny start, men som så ofte elles blir nissen med på lasset. August blir kjent med gutar som bruker rusmiddel og er ein del av eit røft ungdomsmiljø. Han får tydelege åtvaringar mot å henge med desse gutane, og som han sjølv reflekterer over i romanen: “[Eg] lurar på kvifor alle har nokon ein må halda seg unna i denne bygda.”
I seg sjølv er handlinga og bodskapen i romanen enkel: Det handlar om å ta dei rette vala, og prøve å ikkje la fortida prege notida og framtida. Sånn sett er boka relevant i ei tid kor ungdomskriminalitet og førebygging står høgt på den politiske agendaen.
Dessverre blir òg forteljarmåten litt vel enkel nokre gonger. Det er først og fremst eksposisjonen som skrantar. Det er knapt å røpe noko å skrive at mora tidlegare har brukt og seld marihuana, for dette kjem fram nesten i første kapittel. Når dei flyttar, i bilen under flyttinga, kjem det ei mediesak om at det er eit røft ungdomsmiljø der dei flyttar til. Til og med i ein ungdomsroman blir dette overtydeleg, og det verkar som om Strassegger ikkje har tru på eigne lesarar. Eg trur at ved hjelp av litt fleire sider og gode forteljargrep kunne dette vore noko lesaren forstod utan å bli fortalt i store bokstavar.
Det er først mot slutten av romanen at Strassegger verkeleg briljerer. Han viser at han kan hinte om ting og la lesarane trekke sine eigne slutningar. Når siste side er lesen, sit eg igjen med ei kjensle av at denne romanen var altfor kort, for eg vil gjerne vite meir om kva som skjedde med August.
Publisert:
Publisert: 11. februar 2025 10:53