Den ulykkesutsette E6-strekninga mellom Sørelva og Borkamo ventar framleis på å bli utbetra.
Lastebileigarforbundet krev oppstart på prosjektet allereie i år. Derfor arrangerer dei i morgon ein aksjon for å kome i gang med utbetringa av vegen, saman med NAF, NHO, NLF og Fellesforbundet.
Den rundt 20 kilometer lange strekninga ligg inne i siste planperiode av Nasjonal Transportplan, og det er derfor knytt mykje usikkerheit til kva tid utbetringa faktisk skal skje.
Rådgivar i Noregs Lastebileigarforbund, Frank Lauritz Jensen, seier det er umogleg å akseptere at Noregs ryggrad har så dårlege moglegheiter til å kome seg fram som dei har opplevd denne vinteren.
Ifølge han har det vore trafikale stans i vinter kvar einaste gong det har kome snø i området.
– Talet stengingar er ein trussel for fraktinga av menneske og gods på strekninga, seier han i ei pressemelding.
– Vi krev at det blir oppstart på prosjektet allereie i år med dei midlane som Statens Vegvesen disponerer fritt, så får storting og regjering vedta stortingsproposisjon og stadsbudsjett slik at dette blir realisert.
Statens vegvesen har tidlegare sagt til NRK at dei gjerne vil kome i gang med utbetringa, men at dette er ei politisk styrt sak.