I løpet av få dagar i august i fjor okkuperte Ukraina eit område på over 1000 kvadratkilometer i Kursk fylke i Russland.
Målet med offensiven var ifølge president Volodymyr Zelenskyj å styrke posisjonen i landet ved moglege fredsforhandlingar med Russland.
Viss Ukraina okkuperer område i Russland, kunne dei byte dette mot område Russland okkuperer i Ukraina, var tankegangen.
Men nå ser det ut som Ukrainas okkupasjon er over, sjølv om ukrainske myndigheiter nektar for at dei har blitt pressa ut av Russland, ifølge Reuters.
– Dei tok ein risiko. Det fungerte ei god stund, og så skar det seg.
Det seier Russland-ekspert ved Forsvarets forskingsinstitutt Tor Bukkvoll.
Var den ukrainske offensiven i Kursk verdt det? Og kva kan skje vidare?
Dette trenger du å vite
- Kva skjedde i Kursk-regionen?
Kursk er ein russisk region som ligg på grensa til Ukraina.
Ukrainske styrkar angrep Kursk 6. august 2024. Det var første gong Ukraina sende soldatar inn i Russland.
I løpet av nokre veker tok Ukraina kontroll over meir enn 1000 kvadratkilometer av russisk territorium, ifølge nyheitsbyrået AP. Det er meir enn fire gonger større enn Oslo kommune.
- Kvifor angrep Ukraina Kursk?
Ukrainske myndigheter gav fleire grunner til offensiven.
På den eine sida håpte Ukraina at Russland skulle trekke styrkar ut frå ukrainsk territorium for å forsvare Kursk.
Samtidig ville Ukraina bruke russisk territorium som eit pressmiddel i framtidige fredsforhandlingar.
Ukrainas president Zelenskyj sa dei var villige til å bytte okkuperte område i Kursk, mot område som Russland okkuperer i Øst-Ukraina.
- Kva er det siste som har skjedd?
I løpet av februar og mars i 2025 gjennomførte Russland fleire store angrep mot ukrainske styrkar i Kursk-regionen.
Det førte til at ukrainske styrkar måtte trekke seg tilbake. Ukraina har nå mista over 70 prosent av områda dei tok i august, ifølge AP.
I midten av mars skal Russlands president Vladimir Putin sjølv ha besøkt område som russiske styrkar gjenerobra.
- Kan tapet av Kursk påvirke fredsforhandlingane?
Ukraina ønska å bytte områda dei tok i Kursk mot område som Russland okkuperer i Aust-Ukraina.
Tapet av dei okkuperte områdea i Kursk kan bety at Ukraina nå stiller svakere i moglege fredsforhandlingar med Russland.
Dette har skjedd
Onsdag besøkte Russlands president Vladimir Putin Kursk fylke for å oppmuntre soldatane sine. Dei skulle ta heile regionen tilbake, slo Putin fast.
Russland hevdar nå å ha pressa Ukraina ut av 29 landsbyar i Kursk, inkludert byen Sudzja, ifølge Reuters.
Med det skal ukrainske styrkar nå vere nesten heilt pressa ut av russiske område, melder nyheitsbyrået.
Video delt av russiske myndigheter skal vise øydelagt ukrainsk militærutstyr i Kursk-regionen.
Reuters/Russlands forsvarsdepartementPå sosiale medium er tilbaketrekkinga tydeleg.
Øydelagde stridsvogner og våpen ligg igjen etter at ukrainske styrkar har trekt seg tilbake dei siste dagane.
Ifølge internasjonale faktasjekkarar skal ukrainske styrkar ha mista meir enn dobbelt så mykje militært utstyr som Russland i Kursk den siste månaden.
Russlands president Vladimir Putin skal sjølv ha besøkt Kursk 12. mars.
Foto: HANDOUT / AFP / NTBTilbaketrekkinga frå Kursk har også ein effekt inne i Ukraina.
Fleire landsbyar på grensa blir nå evakuerte etter dagar med russiske bombeangrep, ifølge guvernøren i Sumy fylke, Volodymyr Artiukh.
Og russiske sabotasjegrupper skal ha prøvd å krysse grensa fleire stader, melder guvernøren.
– Kampane har intensivert. Russland har henta fram store reservar her, seier han.
Tor Bukkvoll
Sjefsforsker ved Forsvarets forskingsinstitutt (FFI).
– Vi veit at byen Sudzja er tatt av russiske styrkar, som var omtrent det einaste Ukraina hadde igjen, seier Tor Bukkvoll.
– Det er rimeleg å seie at den ukrainske okkupasjonen av delar av Kursk fylke er over, konkluderer han.
Byen Sudzja som Ukraina tok i fjor, er nå tatt tilbake av Russland.
Kva vil Russland?
Russlands offensiv i Kursk skjer samtidig som det går føre seg forhandlingar om ein våpenkvileavtale mellom Russland og Ukraina.
– Det var ein katastrofe for Vladimir Putin at Ukraina klarte å ta område i Kursk, seier Kari Aga Myklebost.
Myklebost meiner at ei full gjenerobring av Kursk vil vere ein strategisk siger for Kreml.
Ifølge ho ønsker Russland full kontroll over Kursk for å styrke forhandlingsposisjonen sin under våpenkvileforhandlingane.
Kari Aga Myklebost
Professor i historie ved Norges arktiske universitet (UiT).
– Russland vil ha Ukraina ut av Kursk for å styrke forhandlingsposisjonen sin og eliminere moglegheita for at Ukraina kan krevje eit landsbyte, seier ho.
Putin drar ut forhandlingane for å sikre mest mogleg kontroll før han inngår ein avtale, meiner Myklebost.
Tidlegare Moskva-korrespondent Gro Holm: – Putin seier nei på ein mjuk måte.
Den russiske presidenten uttalte torsdag at han er open for ei våpenkvile. Samtidig har han komme med fleire krav.
Russland krev full kontroll over fire ukrainske regionar, melder Reuters.
Landet ønsker også at Ukraina reduserer den militære kapasiteten sin og at dei ikkje blir medlem av Nato, ifølge Reuters.
Dei ønsker heller ikkje internasjonale fredsstyrkar, har den russiske utanriksministeren Sergej Lavrov uttalt, melder AFP.
Kva kan konsekvensane vere for Ukraina?
Ifølge Tor Bukkvoll er tapet av Kursk eit nederlag for Ukraina.
Likevel trur han ikkje at det er ein avgjerande faktor i krigen.
– Det kan ha svekt Ukrainas forhandlingsposisjon, men det er ikkje ein katastrofe.
Bukkvoll viser til at Ukrainas offensiv mot Kursk ikkje hadde den effekten landet kanskje håpa på.
Russiske soldatar går gjennom ruinane av byen Sudzja i Kursk-regionen. Ukraina blei pressa ut av byen etter sterke russiske angrep.
Foto: HANDOUT / AFP / NTBHan viser til at andre faktorar, som forseinkingar i amerikansk våpenstøtte, har hatt meir å seie for Ukraina.
Ukrainas offensiv mot Kursk hadde også avgrensa effekt på russiske styrkar i Aust-Ukraina, ifølge Institute for the Study of War.
Og Russland trekte ikkje vekk store styrkar frå Aust-Ukraina for å forsvare Kursk.
– Politisk er det lite sannsynleg at Kursk kan brukast som eit forhandlingskort nå, seier Bukkvoll.
Sidan fullskalainvasjonen av Ukraina starta i 2022, har landet fått etterretning frå USA. Denne informasjonen har vore avgjerande for Ukrainas evne til å identifisere og slå til mot russiske mål.
Det har forskarar meint er alvorleg.
– Ukraina er antakeleg avhengig av amerikansk etterretning for å få eit forvarsel når Russland fyrer av missil mot ukrainske byar og industrielle tyngdepunkt, har Tormod Heier, professor ved Forsvarets høgskole, tidlegare uttalt til NRK.
Var offensiven verd det?
Bukkvoll meiner at offensiven gav god moral til ukrainske soldatar om å kjempe vidare, og pressa nokre russiske styrkar bort frå Donbas.
– Hadde Ukraina ikkje inntatt Kursk, kunne Russland hatt ein større framgang der, seier Bukkvoll.
Russiske soldatar fotograferte i byen Sudzja i Kursk.
Foto: Social Media / Reuters / NTBUkraina har stabilisert fronten i nokre område, trass i tapet av Kursk, meiner Bukkvoll.
Når det gjeld framtida meiner han at ei våpenkvile kan vere mogleg, mens ein fredsavtale ligg langt framme.
Russland-professor Myklebost meiner at gjenerobringa av Kursk har vore ein strategisk siger for Kreml, spesielt sett opp mot fredsforhandlingane.
– Putin bruker dette til å svekke Volodymyr Zelenskyj og relasjonane mellom Ukraina og Vesten.
Ho legg til:
– Putin har kontakta den ukrainske opposisjonen for å undergrave Zelenskyjs autoritet.
Interessert i utanriks? Lytt til podkasten til utanriksredaksjonen her:
Publisert 14.03.2025, kl. 23.04