DEBATT: Ope brev til sjefredaktøren i Stavanger Aftenblad.
- Magnhild Meltveit Kleppa - Hjelmeland 
Publisert: Publisert:
Nå nettopp
 Debatt
Debatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.
Ein gong i veka sender sjefredaktøren i Aftenbladet ein e-post til lesarane om noko me bør merka oss.
17. oktober handla om to dagar i Sverige i lag med leiarane i dei største mediehusa i Norge og Sverige, alle eigde av Schibsted. Tema var ny bruk av teknologi, og dessutan nye måtar å fortelja eller å samla folk på. Det er eit mål at journalisten skal bruka meir tid til å snakka med fleire folk.
Sjefredaktøren skriv vakkert om å vera regionen sitt samlingspunkt og i framtida. Ho skriv også om kor viktig det er for det å vera menneske og leva mellom den kontrasten det er å motta mange inntrykk, delta i sosiale samvær og kunna trekkja seg tilbake og finna ro til å tenkja nye tankar.
Det provoserer meg
Eg opplever det provoserande at ho på den eine sida skriv så forklarande, nærast stolt om dette, samstundes som Aftenbladet utan eit oppslag, ja, bokstavleg talt utan ei linje i avisa, har gjennomført den største sentraliseringa av avisdistribusjonen i nyare tid.
Me opplevde omlegginga her på Hjelmeland, paradoksalt nok veka før valet, ei veke der mange les papiravisene ekstra nøye. Det viste seg raskt at Aftenbladet hadde varsla dette. I ein e-post utsendt 20. august melde dei at avisa skulle koma annankvar måndag, elles kvar dag. Praksisen som vart innført, er aviser tre gonger i veka dersom du framleis vil ha alle seks. I desse dagar kan e-posten definerast inn i debatten som løgn, svart på kvitt! Det seier seg sjølv at få er tente med å lesa måndags- og tysdagsavisa om onsdagen.
Hjelmeland ligg ein time med bil frå Stavanger. No har eg høyrt at abonnentar i Strand, rett over fjorden for Stavanger, er utsette for det same.
Kva skjedde eigentleg?
Mange spørsmål melder seg:
- Kor store område i Aftenbladet sitt nedslagsfelt er råka av denne omlegginga?
- Kvifor skjer dette? Er det ingen som vil køyra rundt med aviser lenger?
- Skjedde det så fort at dei tilsette på sentralbordet ikkje visste om det?
- Var det dialog med andre avisredaksjonar som blir råka av det same «Helt hjem» eigd av Schibsted, og som også no kan venta nedgang i abonnenttalet?
- Fanst det i det heile nokon diskusjon rundt andre løysingar internt eller eksternt?
- Spurde Aftenbladet lesarane sine om kva dei gjer i ei tid der fagfolk åtvarar mot auka skjermbruk?
- Vart det undersøkt om me abonnentar kanskje vil betala meir for å få papiravisa?
- Drøfta de kva denne omlegginga gjer med lokaldemokratiet?
- Eller er rett og slett Stavanger Aftenblad så fullstendig underlagt Schibsted at dei har mista si eiga handlekraft?
Jau då. Det er mange denne omlegginga ikkje betyr noko for. Eg har møtt folk som har eit digitalt abonnement, dei blikkar gjennom avisa på skjerm og er nøgd med det.
Svar i papir fredag eller laurdag
Samstundes har eg faktisk fått takk for at eg har teke dette opp gjennom tidlegare innlegg. Reaksjonane har kome både på SMS, e-post og Facebook, og også på torsdagskonsert i Stavanger konserthus og på daglegvareforretninga på Hjelmeland.
Eg trur ikkje Aftenbladet styrkar målet sitt om å binda regionen meir saman ved å tilby folk å lesa papiravisa to gonger per veke. Mange prøver å bruka mindre skjerm, andre har ikkje ein gong tilgang.
Akkurat no er Aftenbladet fylt av kommunebudsjetta til Stavanger og Sandnes. Viktig nok for dei det gjeld. Godt tiltak for å styrka lokaldemokratiet. Men, det ville vore på sin plass å bruka nokre avissider for å forklara grundig kva i all verda det er som no har hendt med Aftenbladet og kvifor. Dei av oss som kanskje sjekka avisa som snarast på nett om kvelden for å sjå kva me skulle fordjupa oss i neste dag, ville setja pris på det, og også mange andre.
Men det må vera i fredags- eller laurdagsavisa. Dei andre avisene når dessverre langt frå alle abonnentane lenger.
Publisert:
Publisert: 31. oktober 2025 10:39

.png) 7 hours ago
                        1
                        7 hours ago
                        1
                    
















 English (US)  ·
                        English (US)  ·