AFP: Det kvite hus bekreftar at journalist fekk hemmeleg informasjon ved feil

2 weeks ago 16



Det kvite hus bekrefta måndag kveld at dei ved ein feil blei inkludert i ei tekstgruppe der USAs forsvarsminister Pete Hegseth og andre planla eit angrep i Jemen. Det melder AFP.

Det var sjefredaktør Jeffrey Goldberg i avisa The Atlantic som sjølv avslørte at måndag at han ved ein feil blei lagt til i ein gruppechat på med fleire prominente politikarar i Trump-administrasjonen.

– Leiarar for USAs nasjonale sikkerheit inkluderte meg i ein gruppechat om dei kommande militære angrepa i Jemen, skreiv Goldberg.

Ein gruppechat for angrep mot Houthiane

– Vi gjennomgår korleis eit tilfeldig nummer blei lagt til i kjeda, sa Brian Hughes, talsmann for det nasjonale tryggingsrådet, melder nyheitsbyrået AFP.

Temaet for gruppechatten var eit planlagt angrep mot Houthi-militsen i Jemen 15. mars i år.

Pete Hegseth

Forsvarsminister Pete Hegseth.

Foto: Carlos Barria / Reuters / NTB

Visepresident J.D. Vance, forsvarsminister Pete Hegseth og nasjonal sikkerheitsrådgivar Michael Waltz var nokre av medlemmene som skreiv meldingar i chatten.

– Eg trudde ikkje det kunne stemme. Så begynte bombene å falle, fortsett Goldberg.

Illustrasjon av meldingsappen Signal.

Illustrasjon av meldingsappen Signal.

Foto: DADO RUVIC / Reuters / NTB

Samtalen gjekk føre seg på plattforma Signal, som er ei kryptert meldingsteneste.

Sjefredaktøren skildrar korleis ein konto med namnet «Pete Hegseth» oppdaterte dei andre medlemmane i gruppa med detaljert informasjon om kva slags våpen som skulle bli nytta når det skulle skje og kva for mål som skulle bli råka.

Denne informasjonen meiner han potensielt kunne ha blitt brukt til å skade amerikansk etterretningspersonell viss den hadde hamna i feil hender.

Interessert i meir utanriks? Lytt til utanriksredaksjonen sin podkast:

Publisert 24.03.2025, kl. 18.59 Oppdatert 24.03.2025, kl. 19.27

Read Entire Article