700.000 liter dyremøkk trugar nærliggande vatn

4 days ago 8



Både brannvesen og politiet reiste i dag ut til eit gardsbruk i Gjesdal etter melding om ein gjødselkjellar som hadde kollapsa.

Ingen dyr eller personar skal ha blitt skadd.

Møkkakjeller Gjesdal

Foto: Hanne Høyland / NRK

Fleire jobbar med opprydding

Det er endå ikkje avklart korleis kjellarstrukturen har kollapsa.

Politiet har no kopla på kommunen i arbeidet med opprydding av dei fleire hundretusen literane med dyremøkk.

Noko av gjødsel skal ha spreidd seg til det nærliggande Limavatnet.

– Eg kan ikkje seie kor alvorleg det er, men det som vi er bekymra for er dyrelivet, for vi vil ha minst mogeleg ut i vatnet, seier innsatsleiar frå brannvesenet, Petter Valvik.

I innleiande fase blir det arbeida med å avgrense utsleppa frå kjellarkollapsen.

Møkkakjeller Gjesdal

Foto: Hanne Høyland / NRK

– No vil vi halde fram med å rydde opp her også skal vi i kontakt med kommunen og Statsforvaltaren om kva vi skal gjere vidare, seier Valvik til NRK.

Kommunen stiller med gravemaskinar

Kommunalsjef for Kultur og Samfunn i Gjesdal, Hilde Gunn Bjelde, seier at dei no er på staden saman med brann- og redning.

Vi er der no med gravemaskin for å prøve å demme opp mot vatnet.

Det blir no gjort løpande vurderingar på om dei skal lense for å beskytte det nærliggande vatnet.

Møkkakjeller Gjesdal

Foto: Hanne Høyland / NRK

Gjødsel oppfører seg på ein litt annan måte enn olje, held ho fram.

Ho seier dei no har løpande kontakt med forureiningsstyresmaktene, statsforvaltar, mattilsyn og brannredning.

– Vi gjer løpande det som er nødvendig å gjere for å prøve å forhindre forureining i størst mogleg grad, avsluttar ho.

Publisert 19.11.2024, kl. 10.04 Oppdatert 19.11.2024, kl. 10.55

Read Entire Article