182 drepne i Libanon: – Folk er veldig redde

2 weeks ago 8



Det israelske forsvaret (IDF) gjekk måndag morgon ut med ei åtvaring til sivile sør i Libanon. IDF ber dei om å evakuere, særleg dersom dei bur nær område der Hizbollah-militsen lagrar rakettar eller tidlegare har brukt som utgangspunkt for angrep.

Innbyggjarane i området har fått meldingane formidla via telefon. Ifølgje det libanesiske teleselskapet Ogero har det komme meir enn 80.000 slike meldingar frå Israel måndag.

Mens eksplosjoner går av i bakgrunnen pakker en mann sammen strandsakene sine.

Mens eksplosjonar går av i bakgrunnen pakker ein mann saman strandsakene sine.

Foto: Aziz Taher / Reuters/NTB

Ein av dei som har fått meldinga, er informasjonsminister Ziad Makary, ifølgje libanesiske medium.

Ifølgje IDF har Israel så langt måndag angripe 300 Hizbollah-mål i Libanon. Det libanesiske nasjonale nyheitsbyrået NNA skriv at israelske kampfly gjennomførte meir enn 80 angrep i løpet av ein halvtime i Nabatieh-området.

Fleire landsbyar sør og aust i Libanon skal vere utsette for angrep, ifølgje augevitne.

Talsperson for IDF, Daniel Hagari, sa like før klokka 14 at alle hus dei har angrepet i Libanon inneheldt våpen brukt av Hizbollah, blant anna rakettar og dronar.

– Me kjem til å angripe Hizbollahs strategiske våpen i Bekaadalen-området. Sivile der bør evakuere, seier han ifølge Reuters.

– Folk er veldig redde

Claudio Feo er landsdirektør for Norsk Folkehjelp i Libanon. Han oppheld seg no i hovudstaden Beirut.

– Me er framleis i sjokk. Folk er veldig redde, og fryktar for eigne og familiemedlemmer sine liv. Dei er usikre på kva som skjer vidare no. Folk veit ikkje om dei kan dra på jobb eller sende barna på skulen i morgon, seier Feo.

Claudio Feo frå Norsk Folkehjelp

Claudio Feo frå Norsk Folkehjelp.

Foto: Privat

Han trur at dødstala kjem til å auke og fryktar at fleire sivile liv vil gå tapt.

– Israel visar at dei har tråkka over ei grense, både geografisk og militært, seier Feo.

Måtte stenge kontor

Norsk Folkehjelp har kontor i Beirut vest i Libanon og den sørlege byen Tyr, som ligg i nærleiken av grensa til Israel. Totalt har organisasjonen 94 tilsette i Libanon. Dei aller fleste av dei jobbar i Tyr.

Ifølgje Feo har Israel bomba så nært som ein kilometer frå kontoret deira der.

– Me måtte stenge kontora på grunn av angrepa, av omsyn til sikkerheita for dei tilsette. Kontoret i Tyr stengde me i går. I dag måtte me også stenge kontoret i Beirut, fordi det går rykte om at Israel vil angripe også her, seier Feo.

Nyttar skular som tilfluktsrom

Hundrevis av sørlibanesiske familiar er no på flukt frå bombene, ifølge lokale styresmakter, skriv Reuters.

Mange biler på veiene i Sidon sør i Libanon.

Mange flyktar i bil frå Sidon sør i Libanon.

Foto: Mohammed Zaatari / AP/NTB

Det libanesiske helsedepartementet ber sjukehusa sør og aust i Libanon om å innstille alle operasjonar som ikkje hastar, slik at dei skal kunne ta seg av såra frå kampane. Skulane blir stengde i to dagar. Dette gjeld også skular i sørlege forstader til Beirut.

Libanesiske styresmakter vil nytta skular som tilfluktsrom i det austlege og sørlege Libanon, samt i Beirut og Tripoli. Det skriv Reuters.

– Opptrapping

Avisa Haaretz melder at flyalarmen har gått nord i Israel, nær grensa mot Libanon.

Jørgen Jensehaugen, seniorforsker ved Institutt for fredsforskning.

Jørgen Jensehaugen.

Foto: Amanda Iversen Orlich / NRK

– Når Israel ber sivile evakuere, er det heilt klart ei opptrapping av konflikten, eit teikn på at dei planlegg å bombe kraftigare, seier Midtausten-ekspert og seniorforskar ved fredsforskingsinstituttet Prio, Jørgen Jensehaugen.

– Vi kan ikkje sjå bort frå at Israel er villig til å sende nokre soldatar inn i Libanon for å sikre grensa mellom landa. Det vil i så fall vere ei kraftig eskalering, seier han.

FNs generalsekretær António Guterres åtvarar mot å gjere Libanon til «eit nytt Gaza».

– Det verkar openbert at ingen av partane ønskjer våpenkvile der, seier han med adresse til Israel og Hizbollah-militsen.

Daniel Hagari er talsperson for IDF.

Daniel Hagari.

Foto: GIL COHEN-MAGEN / AFP

– Vil gjere det som trengst

Daniel Hagari fekk spørsmål om Israel har planar om ein bakkeinvasjon inn i Libanon. Han svarte då at dei er villige til å gjere det som trengst for å sikre områda nord i landet.

– Det Israel nok ønskjer å gjere, er lage ei buffersone sør for Litanielva i Libanon, slik at israelarar kan flytte tilbake til Nord-Israel. Problemet er at ein då skaper ein situasjon der Hizbollah blir tvinga til å svare, og så står ein plutseleg i ein alvorleg krigssituasjon der Hizbollah bruker meir langtrekkjande rakettar i angrepa sine, seier Jensehaugen.

Lebanon Mideast Tensions

Røyken stig opp frå landsbyen Kfar Rouman etter angrep måndag morgon.

Foto: Hussein Malla / AP

Utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) seier han er uroa over opptrappinga i Midtausten dei siste dagane.

NRK møtte han i New York søndag, der han skal delta på FN si hovudforsamling.

– Israelske styresmakter har sagt at dei ønskjer å opne ein nordleg front. Og det har dei jo gjort blant anna med angrepa sine inn mot Libanon. Og då kjem det angrep tilbake frå Hizbollah inn mot Israel, og det eine tar det andre. Og det verkeleg store spørsmålet er jo om Iran blir involvert, sa Eide.

En mann leter etter overlevende i ruinene etter helgens angrep.

Ein mann leitar etter overlevande i ruinane etter israelske angrep i helgen som var.

Foto: Hassan Ammar / AP

– På randa av katastrofe

Etter angrepet for ei veke sidan, der personsøkjarar som Hizbollah-medlemmer bruker eksploderte, har angrepa og uroa mellom partane auka. Natt til søndag skaut Hizbollah over 100 rakettar inn i Israel, som svarte med å skyte fleire rakettar inn i Libanon.

Smoke billows over southern Lebanon

Røyken ligg tungt over Sør-Libanon måndag morgon etter nye angrep frå Israel.

Foto: Aziz Taher / Reuters

Den israelske forsvarsministeren, Yoav Gallant, sa søndag at landet kjem til å halde fram med angrepa i tida som kjem.

Samtidig sa FN sin spesialkoordinator i Libanon, Jeanine Hennis-Plasschaert, at regionen er på «randa av umiddelbar katastrofe» og at ein større militærinnsats berre vil gjere situasjonen verre.

Meir frå Utanriksredaksjonen:

Publisert 23.09.2024, kl. 08.28 Oppdatert 23.09.2024, kl. 14.59

Read Entire Article