Då Magne Endre Barlund forsvann frå Førde sentralsjukehus i september, gjorde naudetatar, frivillige og familien omfattande søk.
Etter tre veker var dei framleis utan spor etter 77-åringen.
– Vi gjorde våre eigne søk og Norske Redningshundar la inn ein formidabel innsats, fortel niesa til den forsvunne mannen, Oddfrid Barlund Stensvoll.
Onkelen Magne var i ferd med å bli ein del av den dystre statistikken. Ifølgje Kripos var 1465 personar sakna per 1. oktober. Mange av dei har vore sakna i mange år.
Men søket etter Magne Barlund skulle til slutt gi resultat..
Dei gode kreftene
Den 77 år gamle sunnfjordingen forlét Førde sentralsjukehus på eiga hand for ein månad sidan. Dette var tredje gang han forsvann frå sjukehuset under eit kortare tilsynsopphald.
Han var tynnkledd, hadde demens og dårleg helse. Tre dagar etter han forsvann leitte dei etter han som antatt omkomen.
Laurdag 19. oktober vart Magne funnen omkomen i utkanten av Førde av redningshundar.
– Vi fekk verkeleg sjå dei gode kreftene vi har rundt oss. Politiet, frivillige og kollegaer ynskte alle å gje oss dei råd dei hadde for korleis vi burde gå fram, fortel Stensvoll.
Ei brikke i eit stort spel
Vanlegvis gjer Norske Redningshunder søk etter oppfordring frå politiet, men denne gongen gjorde dei eit søk på eige initiativ.
Dei hadde fått eit heilt spesielt tips.
– Vi bestemte oss for å vere litt meir open for det alternative, så vi kontakta ein klarsynt, fortel Stensvoll.
Innspela frå den klarsynte blei brukt til å kartlegge kvar dei kunne gjere ytterlegare søk.
Stensvoll trur desse var sentrale for å finne onkelen hennar.
– Skildringane den klarsynte gav oss, i tillegg til kompetansen frå Norske Redningshundar, rettleia kvar Helene kunne leggje opp ei god rute førre helg, seier Stensvoll.
Helene Sæterdal er hundeførar og beredskapsansvarleg for Norske Redningshunder Sogn og Fjordane. Ho leia søket etter Magne Endre Barlund.
– Vi brukte mange timar på å leite etter den sakna, spesielt dei fire første dagane. I tillegg kjem dei tallause timane vi brukar på å trene med hundane fleire gonger i veka, seier Sæterdal.
Ho ynskjer ikkje å kommentere korleis dei brukte innspelet frå den klarsynte, men fortel at tips frå familien motiverte dei til å ta initiativ til å halde fram med søket.
– Det er sjeldan vi gjere søk på eige initiativ, men vi hadde eit stort ynskjer å gje familien svar. Det er jo det vi trenar for, seier Sæterdal.
Takksame
– Vi følte at både politiet og redningshundane dei tok i mot alle innspel vi kom med, sjølv dei som var litt alternative. Dei såg at det var viktig for oss å få svar på kva som hadde skjedd, seier Stensvoll.
NRK har vore i kontakt med Vest politidistrikt om korleis dei forheld seg til tips frå klarsynte. Dei ynskjer ikkje å kommentere dette. Likevel understrekar at dei ikkje har særskilde rutinar for tips frå klarsynte og alltid tek i mot tips i alle saker, som dei vurderer fortlaupande.
Fredag 25. oktober blei Magne Endre Barlund gravlagd i heimstaden hans, Eikefjord i Sunnfjord.
– Vi føler vi har fått den hjelpa vi hadde behov for gjennom heile prosessen, seier Atle Barlund, bror til Magne.
Publisert 29.10.2024, kl. 17.14