Brannmeister Jon Rune Lillebø seier dei har begynt å legge ut brannslangar i terrenget, og på ingen måte har kontroll.
– Det er eit kjempestort område som brenn, seier han og legg til:
– Vi har ikkje kontroll på brannen.
Han seier dei har kalt ut alt tilgjengeleg mannskap og at dei no arbeider for å sikre fleire nærliggande hytter.
Klokka 17.33 melder politiet at dei no går rundt og sjekkar om det er folk i hyttene, for å be dei forlate området.
Politiet ber no hyttefolk om å forlate området.
Foto: Remi Sagen / NRKDet er stor brannfare i Midt-Noreg - og det er sett inn eit ekstra brannhelikopter som står i beredskap på flyplassen Vigra utanfor Ålesund.
Dette helikopteret blir no sett inn i brannen.
Klokka 17.20 oppdaterer brannsjef Sindre Egeness med at det er risiko for fleire hus i området.
– Vi er redd for at det kan spreie seg til busetnaden, seier han.
Mange hus i området
Det er svært tørt i området og mange bustadhus like ved området der det no brenn i Ålesund.
– Det er massevis, seier brannmeister Jon Rune Lillebø.
Han legg til at dei ikkje har kapasitet til å orientere utfyllande om sløkkingsarbeidet, men at dei no har kalt ut ekstramannskap frå andre brannlag rundt Ålesund.
Det har vore ei rekkje brannar i Midt-Noreg den siste tida.
Brannen måndag ettermiddag har oppstått omlag 25 kilometer unna Sukkertoppen, i den andre enden av Ålesund.
– Ser masse røyk
Røyken frå staden blir sett på lang avstand.
– Eg ser masse røyk og mange brannbilar. Det er ei voldsom røykutvikling, seier ein nabo til NRK måndag ettermiddag.
Like før klokka 17.00 melder politiet at brannvesenet har starta sløkkingsarbeidet. Det er opne flammar på staden.
Publisert 20.04.2026, kl. 16.57 Oppdatert 20.04.2026, kl. 17.55













English (US)