Det startar med ein smell. Ein skorpion kvervlar over videoen på bakveggen, og reglane for (skode)spelet vert introduserte: Velkommen til ei verd der det ikkje finst dommarar, inga lov, ingen orden.
Den konkrete cowboyverda møter virtuelt texas i «Skorpionens spill». Det fungerer godt – og leiken blir fort til alvor. Men framsyninga viser og at det kan gå bra.
Maja Moan / RiksteatretAlle gjør som de vil, og det er hver mann for seg selv. Med andre ord: Velkommen til Riksteatrets Roblox.
Populær plattform
Frode Gjerløw og Håkon Dalsbø har nok ein gong laga ei framsyning basert på gaming. Minecraft-framsyninga «Det mørke fortet» vart ein stor suksess, og trefte mellomtrinnet godt.
Her måtte borna forklara dei vaksne mykje av det som hende på teaterscenen, borna var ekspertane. Det var deira kvardag som utspelte seg, men med intrigar dei vaksne òg kunne forstå.
Medan Minecraft kjennest trygt for vaksne (det vert jo til og med brukt i skolen), er Roblox ein jungel med om lag 40 millionar tilgjengelege spel som kven som helst kan designa. Og det er det ikkje alle som likar: nyleg saksøkte Los Angeles Roblox-plattforma, og for kort tid sidan måtte nettuniverset fjerna eit spel som var basert på Utøya-terroren i 2011.
Mie Korsbakken Christensen spelar den 12-årige spelutviklaren Gaia. Snart vert ho lasso-bunde på hender og føter av Axel, som utnyttar ho i gaming-verdas ville vesten.
Foto: Maja Moan / RiksteatretVenskapen mellom Gaia (Mie Korsbakken Christensen) og Amalie (Albertine Lundgren) vert sett på prøve når Gaia vert vikla inn i spelutviklinga. Dei to har eit sprudlande venskap.
Foto: Maja Moan / RiksteatretGaia (Mie Korsbakken Christensen) og faren (Tom Styve) har ein nær relasjon. Men den krakelerer når Gaia viklar seg inn i ei gamingverd der ho snart mistar kontrollen.
Foto: Maja Moan / RiksteatretAxel (Tevje Espeland) er ikkje så lett å seia nei til, då. Han seier alle dei rette internett-frasene til rett tid, og er en sjarmerande arbeidsgjevar. Ei stund, i alle fall.
Foto: Maja Moan / Riksteatret
Like fullt: Roblox er mykje meir enn dette, og ei populær plattform med 144 millionar brukarar dagleg.
Men korleis nytta dette i teateret? Riksteatret har gjort det einaste rette: Designa sitt eige spel, «Skorpionens spill». Og laga ei framsyning som handlar om nett dét: Å utvikla eit spel.
Visuell fest
I den smarte fargefesten av ein scenografi er ein diger gaming-sofa sentralt plassert. Der sit seks skuegamarar (barn frå den lokale speleplassen) saman med gaming-sjefen Mie Omholt. Det er dei som speler «Skorpionens spill».
Plasseringa midt på scenen skapar forventningar til at det som hender i sjølve spelet vert meir sentralt i denne framsyninga. Men slik eg ser det, speglar hendingane i spelet meir den historia som allereie er etablert i fortellinga som speler seg ut på scenen.
Det er her det blir komplekst og litt rotete.
Det tettar seg til. Får dei spelet ferdig i tide? Og er Axel grei eller ikkje? Noko er i alle fall ikkje heilt som det skal, merkar Gaia.
Maja Moan / Riksteatret«Skorpionens spill» handlar om 12 år gamle Gaia, som er god på å laga spel. Den handlar og om den 15 år gamle rikmannssonen Axel, som hyrer Gaia til å laga eit spel for han.
Eller: ho trur dei skal gjera det i lag, men han utnyttar ho. Det endar med hemmelegheiter, trugslar, utpressing og fortviling. Venskap blir sett på prøve, og det er ikkje lett å vera Gaia i alt dette.
Alvorlege tema er pakka inn i eit lekkert visuelt landskap, slåande videodesign og eit karikert, fartsfylt univers. Det treffer nok 10-12-åringen godt. Seksåringen bør nok halda seg heime.
Yee-haa!
Framsyninga har tre lag: Dataspelet, den verkelege verda og pappaen til Gaia si teikneserieverd. For han lagde ein gong ein cowboy-teikneserie, og denne vert spelt ut som eit slags bindeledd mellom «Skorpionens spill» og det som hender i røynda.
Cowboy-universet er kopla til speluniverset, og gjer, slik eg ser det, speluniverset mindre naudsynt og mindre avgjerande for handlinga – noko som igjen gjer framsyninga mindre stram.
Og om ein ikkje heilt skjønar kva alle laga er, kan ein berre lena seg tilbake. For historia om Gaia og Axel er underhaldning nok i seg sjølv.
Det vert ville vesten når Riksteatret og Teater Ibsen lagar teater om Roblox. Framsyninga er ein miks mellom dataspel og god, gammaldags cowboyunderhaldning.
Foto: Maja Moan / RiksteatretMie Omholt er skuegamar-sjef, og har med seg seks gamarar i kvar framsyning. Dei er plasserte midt på scena, sentralt i spelet, og kan kroa seg godt i sofaen. Scenografien er ved Mari Lotherington.
Foto: Maja Moan / RiksteatretGaia går frå å få teikneserie-cowboy-godnatthistorie av far til å designa eigne ville vesten-spel. Det blir villare enn ho skulle ønska seg. Frå venstre: Tevje Espeland, Tom Styve, Mie Korsbakken Christensen, Albertine Lundgren.
Foto: Maja Moan / RiksteatretNår spelet blir verkeleg, må ein finna ut av kva som er det viktigaste for ein sjølv. Frå venstre: Tom Styve, Albertine Lundgren og Mie Korsbakken Christensen.
Foto: Maja Moan / Riksteatret
Grepet med cowboyane er visuelt festleg og veldig konkret, noko som kler framsyninga. Frynsene daskar rundt, hattane svingar, og musikken gjev eit godt driv.
Tevje Espeland sin Axel spelar på sjølvoptimaliserande typar du har møtt på internett, han er eit skal av ein type som lirar av seg frasar og trur han er fantastisk.
Karakterbygginga både av han og faren til Gaia (Tom Styve) er god, men samstundes bikkar framsyninga mot karikaturen. Noko eg trur barna kjenner godt att frå den typen historieforteljing på nett der alt må seiast kjapt – då vert det fort typete og karikert.
Artig då at ungane ler like godt av Styve sine små komediepåfunn – godt gammaldags teaterhandverk, rett og slett.
Vaken i verda
Og nett det viser at det går an å foreina internettkultur med teater om ein berre gjer det smart nok. Gjerløw og Dalsbø får fram ei anerkjenning av noko som er ein viktig del av mange barn sine liv, og får samstundes sagt noko viktig om å vera vaken i verda.
Sjølv om framsyninga ikkje er like stram som i Minecraft-universet, har ho absolutt noko føre seg – noko som barna truleg må forklara dei vaksne.
Nett det er framsyninga si styrke: At barn og vaksne må finna ut av noko saman.
Meldinga er basert på urpremieren som fann stad 18. februar i Oslo.
Publisert 20.02.2026, kl. 14.54












English (US)