Varslar ekstremvêr i Vestland – i morgon kjem «Jakob»

3 weeks ago 6


– Vi ventar lokalt opp mot 180 mm nedbør, seier statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid.

Ekstremvêret som treff Vestland torsdag har fått namnet «Jakob».

Varselet vil gjelde frå natt til torsdag til natt til fredag og vil treffe midtre og indre strøk i Vestland.

– Vi hadde eit ekstremvêr i Møre og Romsdal og Trøndelag i 2022, som var litt den same situasjonen. Den gav veldig mykje regn over to døgn. Denne gangen er det litt meir intens nedbør, seier Fagerlid.

I tillegg til raudt farevarsel for regn, er det og oransje farevarsel for flaum og skred.

Det er venta at ekstremvêret vil gje store konsekvensar for reisande.

– Det er stor fare for stengde vegar og/eller overvann ved bekke- og elveløp. Mange reiser vil kunne få lenger reisetid, heiter det i varselet.

Ved eit ekstremvarsel er det venta ekstreme konsekvensar som følge av vêret. Det vil vere stor fare for at liv går tapt, og det kan bli store øydeleggingar på eigedom og infrastruktur.

Myndigheiter og folk i råka område bør utføre tiltak og minske ferdsel der ekstremvarselet gjeld.

  • Hans CossonEide NN nynorsk byline

    Varmare, våtare og villare

    Klimaendringane har allereie endra kor, kor ofte og kor kraftig verda opplever flaum, og kan føre til fleire og meir alvorlege skred, ifølge FNs klimapanel.

    Det er blant anna fordi Europa og andre delar av verda har opplevd mykje ekstremnedbør dei siste åra. Menneskeskapte klimaendringar aukar allereie sjansen for at regnet blir så ekstremt.

  • Fare for flom

    Lars Tore Endresen / NRK

    Kva har skjedd så langt?

    Når temperaturen aukar, fordampar det meir vatn, og atmosfæren kan halde på meir vatn. Det gjer at nedbøren blir meir konsentrert og intens, ifølge klimapanelet.

    Dei seier at vårflaumane kjem tidlegare enn før, og at flaumar kjem oftare og kraftigare enn tidlegare mange stader i verda.

  • Sørpeskred i Kvæfjord. Vegen blir stengt til tirsdag morgen på grunn av skred og skredfare. Statens vegvesen tar en ny vurdering tirsdag 30.1 kl 09.00.

    Statens Vegvesen

    Kva veit vi om jordskred?

    Auka nedbør og smelting av snø og isbrear kan også auke faren for jordskred, særleg i bratte fjellområde.

    I tillegg til at klimaet endrar seg, er befolkningsvekst og turisme også noko som gjer jordskred meir sannsynleg i framtida, fordi det blir meir press på naturen.

  • Kan vi gjere noko med det?

    Jo mindre klimagassar verda slepp ut dei neste åra, jo mindre oppvarming får vi. Då vil også faren for ekstremvêr knytt til vatn auke mindre.

    I tillegg finst det tiltak som varslingssystem og betre planlegging av infrastruktur, som kan avgrense dei verste skadane.

    Landa i verda har lova å prøve å avgrense oppvarminga til 1,5 grader. Med dagens politikk ligg vi an til 2,8 graders oppvarming, ifølge UNEP.

Publisert 30.10.2024, kl. 09.59 Oppdatert 30.10.2024, kl. 10.18

Read Entire Article