I fleire år har svigersonen Per Ole Røed jobba for å oppfylle draumen til svigermora Målfrid Vartdal om å halde småbruket ho vaks opp på i familien.
Det var broren til Målfrid som budde i huset, og han hadde ingen etterkomarar.
– Ho har mange barnebarn og oldebarn, så det var dei ho tenkte på då ho bestemte seg for å ta garden på odel, seier Pel Ole Røed.
Eternittplatene dett av veggane på huset på Lauvstad.
Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRKVindaugskarmane ber preg av dårleg vedlikehald.
Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRKBadet treng ei oppgradering.
Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRKDet er sopp mange stader i huset.
Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRKEit av kjøkkena i huset på Lauvstad.
Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRKKommunen meiner golvet er beint og fint og at huset dermed kan bergast.
Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK
Då broren døydde, testamenterte han småbruket på Lauvstad i Volda kommune til ein annan i bygda.
Kommunen gav den nye eigaren fullstendig og varig fritak frå buplikta fordi dei meinte huset var ubebueleg.
- Det er store variasjonar frå kommune til kommune når det gjeld buplikt.
Kommunen snudde
Men då Målfrid gjekk til sak for å få garden på odel og kjøpte ut han som arva den, snudde kommunen.
Dei gjev ikkje fritak frå buplikta, og meiner huset kan bli fiksa og brukast som bustad.
Volda kommune er ein av fleire kommunar i landet som strammar inn på handheving av buplikta, fordi dei har problem med at hus står tomme og berre blir brukte til feriehus.
Det har tatt lang tid å få odel på garden, og deretter søke om fritak frå buplikt. Målfrid Vartdal (95) bur no på Vartdal helsetun.
Foto: Kari Anne Vartdal RøedTre år etter at kommunen gav førre eigar fritak frå buplikta, gjorde dei dette vedtaket då Målfrid Vartdal søkte om det same:
Enten må Målfrid Vartdal bu på garden sjølv i fem år, eller ho må finne nokon andre som kan bu der i åtte år.
Familien klaga på vedtaket, men kommunen held på sitt: buplikt.
Per Ole Røed og Arne Ole Vartdal på garden svigermor og mor eig.
Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRKPer Ole Røed kan ikkje skjøne korleis dei kom til den konklusjonen. Han trur det vil vere dyrare å renovere huset enn å bygge nytt.
– Vi meiner huset må rivast. Det vil også bli dyrt. I tillegg er det to vårfjøs som har ramla ned oppi dalen her, og mykje anna rot på garden. Planen vår no er å få rydde opp i dette.
Det er heller ingen driftsbygning på garden – den datt ned for mange år sidan. Jorda har vore dyrka av naboen i lang tid.
Huset ligg like ved nabogarden, fjøsen tilhøyrer naboen som tek seg av dyrkamarka.
Foto: Øyvind Sandnes / NRKHar stramma inn
Ordføraren i Volda, Sølvi Dimmen (Sp), seier det er svært viktig for dei at det bur folk i bygdene i kommunen.
Ho seier dei difor har stramma inn på reglane for buplikt.
– Så vil eg også legge til at grendelaget er svært glade for at vi står fast på buplikta i denne saka.
Sølvi Dimmen, ordførar i Volda (Sp) vil at det skal vere lys i husa og folk på bygdene.
Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRKKommunen vektlegg også at huset ligg på ein fin plass, og at det er normalt at ein må renovere når ein overtek eldre gardshus.
Dei har gitt Målfrid Vartdal tre år utsett buplikt for å sette i stand huset - men etter det må det bu folk i huset, ellers kan småbruket bli lagt ut for tvangssal.
- Meiner Airbnb skaper problem i distrikta – vil ha strengare reglar.
Gir ikkje opp
Per Ole Røed er samd i at huset på Lauvstad ligg på ein nydeleg plass.
Han er derimot ikkje samd i at huset er til å bu i.
– Vi har fått nokre takstar på det. Ein seier null, ein annan seier det er verdt 250 000. Men etter kvart som vi avdekker og ser kor gale det er, så meiner eg det ikkje håp for huset. Det må rivast, seier han.
Per Ole Røed meiner det einaste rette er å rive huset, og få rydda opp på garden.
Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRKHan legg til at garden også har to klargjorde tomter, som dei gjerne sel for ein grei pris til folk som eventuelt vil busette seg i bygda.
No er det statsforvaltaren som skal avgjere om huset på småbruket faktisk er i så dårleg stand at det ikkje er mogeleg å gjere noko med det, eller om det er råd å fikse det og bu der.
Per Ole Røed og Arne Ole Vartdal framfor huset på Lauvstad.
Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRKPublisert 21.04.2025, kl. 15.36