– Eg tenker at det er ei veldig spesiell oppleving, seier turist Eric Hu mens han står i kraftig motvind.
Han og reisefølget frå Kina kom seg ikkje over Gimsøystraumbrua i Lofoten på måndag på grunn av sterk vind.
Vêromslaget har dei siste dagane ført til utfordrande køyreforhold i store delar av landet med innstillingar og forseinkingar.
Reisefølget frå Kina har derfor køyrt svært varsamt på dei glatte vegane.
– Vi har lege i 20 kilometer i timen, og køyrt veldig sakte, seier Hu.
Det er mange turistar i regionen om vinteren.
Ifølge NHO reiseliv har talet på utanlandske overnattingar i Nord-Noreg har auka med 78 prosent frå november 2023 til november 2024.
Det bekymrar Utrykkingspolitiet.
– Det har blitt mange fleire turistar på vegane, og også fleire utforkøyringar i samband med det, seier assisterande distriktsleiar i UP Nord, Yngve Widding.
– Har ikkje køyreferdigheiter
Søndag køyrde ein Latvisk turistbuss av vegen i Lofoten og fleire blei lettare skadd.
Utrykkingspolitiet er bekymra for om beredskapen er god nok når vintertrafikken aukar.
– Vi erfarer at vegnettet i Nordland og Troms har blitt veldig mykje tettare med utanlandske turistar. Og vi ser også at nokre av dei har kanskje ikkje dei køyreferdigheitene vi ønsker dei skulle ha.
Det merkar også bilbergar i Lofoten, Nikolai Moltumyr.
– Eg merkar ein veldig kvass auke i oppdragsmengda.
Det gjeld spesielt utforkøyringar.
– Når det gjeld utforkøyringar, så er det flest turistar. Det er blant anna fordi dei køyrer køyretøy dei gjerne ikkje er kjente med.
Ein annan grunn, ifølge Moltumyr, er at dei ikkje har følgt godt nok med på vegen, eller ikkje er vande til å køyre på snødekte og sporete vegar.
– Også har dei eit heilt anna forhold til bil, og særleg til trafikk, enn det vi har her oppe. Mange av dei kjem gjerne frå plassar der du har firefelts motorveg. Vi har kanskje ein sti i forhold til det dei er vande med, seier bilbergaren.
Vegane i Lofoten er svingete, trong og uoversiktleg, noko som gjer det ekstra utfordrande.
– Turismen har auka veldig dramatisk, og det trur eg veldig mange kjenner på, seier Moltumyr.
– Lage ein infrastruktur som er god nok
Derfor meiner assisterande distriktsleiar i UP Nord, Yngve Widding at vegnettet må bli betre i regionen.
– Dei bør lage ein infrastruktur og vegvedlikehald som er godt nok. Men så må dei også tenke på å informere turistane om kva som trengst for å kunne leige bil og køyre bil.
Han meiner også førebygging kan vere løysinga.
– Vi skjønner at det er krevjande å nå alle turistar på alle språk, men førebyggande med å kunne gi turistar råd, kanskje gjere dei med opplysningskampanjar, vil nok vere ei god løysing.
Ei anna løysing på problemet kan vere å ikkje tillate turistane å leige bil.
Dagleg leiar i Lofoten Bilutleie AS, Vegard Robertsen seier til Lofotposten at han har nekta turistar å leige bil.
– Ja, det har skjedd. Då er det gjerne ein kombinasjon av utfordrande vêr, sjåførar som ikkje har erfaring med vinterføre, og som gir uttrykk for at dei er usikre.
I dag er det ingen andre formelle krav til leigetakarane enn at dei har eit gyldig førarkort, ifølge avisa.
Robertsen meiner det hadde vore tryggare for alle om det var litt strengare regulert.
– Det ville vore tryggare for alle, men det er noko som må vere eit nasjonalt initiativ, seier han til Lofotposten.
Publisert 15.01.2025, kl. 05.34