Ullevål-avdeling for alvorleg skadde raserast: – Fleire vil døy

1 week ago 8


Vi kan ikkje garantere at pasientane vil få den behandlinga dei skal ha, seier Iver Anders Gaski.

Han er tillitsvald for overlegane som jobbar på traumeavdelinga.

Traumesenteret på Ullevål sjukehus er landet største.

Hit kjem dei mest alvorleg skadde etter mellom anna trafikkulykker, fallulykker, skyting, knivstikking og vald.

Senteret på Ullevål sjukehus har ansvaret for Austlandet og Sørlandet (Helse Sør-Øst).

Kvart år tar dei imot og behandlar rundt 2000 pasientar.

Traume er den vanlegaste dødsårsaka i aldersgruppa 1–45 år.

I sommar slo leiinga alarm.

Nå blir situasjonen verre.

Krevjande jobb

Joakim Jørgensen er overlege på Ullevål sjukehus. Han er karkirurg, men har spesialutdanning i traumekirurgi. Han jobbar halvparten av tida på traumeavdelinga.

Som traumekirurg har han overordna ansvar for behandling av dei mest alvorleg skadde pasientane.

Han går gjennom alle røntgenbilde av nye pasientar og koordinerer kva slags behandling dei skal få.

I tillegg har han bakvakt. Når nye pasientar kjem inn, går alarmen. Då blir han tilkalla.

Jørgensen meiner han har ein veldig spennande jobb. Men samtidig ein jobb som krev veldig mykje av ham.

Vi står jo med kanskje nokon av dei sjukaste pasientane som vi ser i Noreg, som kjem hit.

Bildet viser en mann uten hår som ser inn i kamera. Han har på seg en grønn skjorte.

Joakim Jørgensen er overlege i karkirurgi. Han jobbar 50 prosent som traumekirurg.

Foto: Hallgeir Braastad / NRK

Jørgensen stortrivst i jobben. Men nå er han uroa.

Det er ingen nye traumekirurgar på veg for å erstatte dei som er borte. Det tar lang tid å lære opp folk, så dette er alvorleg.

Gode resultat

Denne ordninga som Jørgensen er ein del av, vart oppretta i 2013.

Då hadde det tatt fleire år å bygge ho opp.

Det har gitt resultat.

Dødelegheita hos alvorleg skadde pasientar som er avhengig av blodoverføringar, vart nær halvert etter at ordninga kom på plass.

Bildet viser døren inn til traumestuen på Ullevål sykehus. 
På døren står det "traumestue" og gjennom et lite vindu kan man se inn på stuen.

Inne på traumestua er det tre behandlingsplassar.

Foto: Hallgeir Braastad / NRK

Traumesenteret på Ullevål har ein viktig posisjon.

Dei er det leiande traumesenteret i landet med eit stort regionalt og nasjonalt ansvar.

Og dei blir lagt merke til i utlandet.

Ullevål har eit system som traumesenter i fleire andre land ser til for å lære av, rett og slett, seier Joakim Jørgensen.

– I ferd med å havarere

Men traumeavdelinga har slite lenge med å halde på traumekirurgane og rekruttere nye.

Dei tilsette har mellom anna jobba ekstra for å dekke opp bakvakter på kveldar, netter og i helgene.

Nå er heile traumekirurg-ordninga i ferd med å bryte saman.

Eigentleg skal dei vere ti. I dag er dei sju. Frå 1. februar neste år er dei berre fem.

Bildet viser to menn som ser bekymret ut.

Dei to overlegane Joakim Jørgensen og Iver Anders Gaski er uroa for traumesenterets framtid.

Foto: Hallgeir Braastad / NRK

Ingen nye er på veg inn.

Joakim Jørgensen meiner traumeavdelinga er i ferd med å bli rasert.

Dette er i ferd med forvitre og havarere.

Det handlar om manglande tilrettelegging av arbeidsforholda for overlegane som jobbar i to avdelingar samtidig.

Traumeavdelinga har lagt fram fleire forslag for å løyse problema.

På bildet ser vi en mann med kort, mørkt hår som ser inn i kamera. Han har på seg en grønn skjorte.

Iver Anders Gaski er tillitsvald for overlegane på traumeavdelinga. Han er spesialist i gastrokirurgi og jobbar 37 prosent som traumekirurg.

Foto: Hallgeir Braastad / NRK

Vi har bedt leiinga om hjelp til at dei nødvendige tiltaka blir gjennomført, seier Iver Anders Gaski.

Har ikkje halde det dei lova

Allereie for tre år sidan vart det påpeikt at traumekirurg-ordninga ved Oslo universitetssjukehus var trua.

Det skjedde i forbindelse med at fagfolk frå heile landet var på besøk i regi av Nasjonalt senter for traumatologi.

Dei meinte at utfordringane måtte løysast på overordna leiingsnivå.

Då besøket vart avslutta, fekk dei eit løfte frå øvste hald på sjukehuset.

Då dei kom på nytt besøk i mai i år for å kontrollere at organiseringa og pasientbehandlinga er i tråd med Nasjonal Traumeplan, var problema framleis ikkje løyst.

Dei andre traumesentera meinte det var på tide å innfri løftet.

– Fleire vil døy

Per Oretorp i Personskadeforbundet er brukarrepresentant i fagrådet for traumatologi ved Oslo universitetssjukehus.

Per Oretorp i Personskadeforbundet

Per Oretorp er assisterande generalsekretær i Personskadeforbundet og brukarrepresentant i fagrådet for traumatologi ved OUS.

Foto: Personskadeforbundet LTN

Han meiner situasjonen etter nyttår blir dramatisk.

Fleire vil døy, og pasientar som overlever, vil ikkje få sjansen til å bli så bra som pasientane får i dag.

Deler bekymringa

NRK har sendt ei rekke spørsmål om saka til administrerande direktør Bjørn Atle Bjørnbeth ved Oslo universitetssjukehus.

Vi har ikkje fått svar frå han, men frå leiar for akuttklinikken, Øyvind Skraastad.

Klinikkleder Øyvind Skraastad ved Akuttklinikken på OUS. Skraastad står inne på et rom med medisinske maskiner. Han har på seg en hvit legefrakk med svart antrekk under. Han har kort, krøllete lyst hår. Skraastad ser rett inn i kameraet.

Øyvind Skraastad er leiar for akuttklinikken på Oslo universitetssjukehus.

Foto: Bård Nafstad / NRK

– Vi deler bekymringa for situasjonen og erkjenner at vi foreløpig ikkje har klart å finne gode nok løysingar på dette.

Ifølge Skraastad skjer det no eit målretta arbeid på tvers av fleire fagmiljø for å sikre verksemda på kort og lang sikt.

Her arbeider vi under eit tidspress. Oslo universitetssjukehus er landets fremste akutt- og beredskapssjukehus, og vi kjem til å levere på oppdraget vårt, seier Skraastad.

Helseministeren må engasjere seg

Per Oretorp i Personskadeforbundet meiner situasjonen ved traumeavdelinga er eit organisasjon- og leiingsproblem som er løysbart.

Men han har sendt ei bekymringsmelding til Helsedepartementet.

Vi ventar at helseministeren faktisk engasjerer seg og bidrar til at vi faktisk reddar det traumesystemet som vi har i dag.

Traumeavdelinga på Ullevål har også eit ansvar for opplæring av støtte i den nasjonale og regionale beredskapen. Dette vil også bli råka, påpeiker Oretorp.

Derfor har han også sendt bekymringsmelding til Justis- og beredskapsdepartementet, og Forsvarsdepartementet om situasjonen ved traumeavdelinga etter nyttår.

Då vil vi stå langt dårlegare rusta i tilfelle ein krig eller katastrofe, seier Per Oretorp i Personskadeforbundet.

Publisert 11.11.2024, kl. 06.41

Read Entire Article