– Etterspurnaden etter Noreg er stor blant kundane, men eg rår dei til å reise til andre land, seier Max Schröder.
Han er dagleg leiar og driv Feelgood Reisen. Som er eit tysk familieeigd reiseselskap.
Det mellomstore reiseselskapet har hovudkontor i Mölln i Nord-Tyskland og har sidan 2002 drive med motorsykkelreiser i Europa. Sidan 2017 har Schröder fokusert på miljøvenlege og flyfrie reiser til England, Sverige og Finland.
Han fortel at komfortable togturar på blanke skjener, og flotte landskap som susar forbi, er et mål for mange turistar.
Schröder har tatt turen til Bodø, som er siste stopp på Nordlandsbanen. Målet var å utvide med fleire togreiser i Noreg. Men etter å ha oppdatert seg på stoda på togtilbodet på Nordlandsbanen, meiner han toga er for upålitelege.
UPÅLITELEG: Tog på Nordlandsbanen bruker gamle lokomotiv.
Foto: SJ NorgeOg det gjeld ikkje berre denne jernbanestrekninga. I fjor var berre to av tre persontog i Noreg i rute, ifølge tal frå Bane Nor.
– Sjølv er vi berre i startgropa på noko vi trur har eit stort potensial. Vi er ikkje aleine om å meine dette. Eg har snakka med andre operatørar også. Få har tru på framtida for tog i Noreg, seier Schröder.
Turoperatøren Fjord Tours er ein av dei største aktørane i Noreg som nyttar kollektivtransport som reiseform for turistar.
Nordlandsbanen mellom Trondheim og Bodø er ikkje med i rundturane til selskapet, så dei har unngått alle problema der.
Men det har vore utfordringar i form av kanselleringar, forseinkingar, ras og solslyng, opplyser Kristian B. Jørgensen, som er administrerande direktør i Fjord Tours.
– Blir det forseinkingar eller kanselleringar, løyser dette seg ved at togoperatøren set opp buss for tog om nødvendig, seier han til NRK.
Noreg er eit attraktivt land – som er vanskeleg å anbefale
Buss for tog er ikkje eit tilfredstillande tilbod til kresne turistar, mener Max Schröder.
– Om ikkje toga går, og turistane blir reisande med «buss for tog», møter ikkje selskapet forventningane til kundane. Det får konsekvensar for oss.
Han forklarer at dei tek ein stor risiko ved å booke turar på norske jernbanar, fordi turane dei marknadsfører lover kundane ei spektakulær togreise.
Max Schröder er dagleg leiar og driv det familieeigde tyske reiseselskapet Feelgood Reisen: – Eg torer ikkje å satse på Bodø og Nordlandsbanen på grunn av jernbanekrisa, seier han.
Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK– Akkurat no vil eg heller investere pengane i Finland eller Skottland. Eg kan ikkje marknadsføre eit reisemål der eg veit vi kjem til å få problem, seier Max Schröder.
– Ei reise for eit ektepar gir oss 6.000–7.000 euro i omsetning. Når me ikkje får billettar, forsvinn dei pengane.
Tapt omsetning
Max Schröder meiner at Noreg prioriterer fly over miljøvenlege togreiser.
– Tenk om ein flyplass vart øydelagd og ikkje fungerte på eit år, det hadde ikkje vore akseptabelt. Men når toga ikkje fungerer, bryr ingen seg, seier Schröder.
UPÅLITELEG: Toget på Nordlandsbanen bruker gamle lokomotiv. SJ Nord er såpass usikker på korleis hausten på Nordlandsbanen blir, at de ikkje tør å selje togbillettar frå 1. oktober.
Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRKOg aller verst er situasjonen på Nordlandsbanen. Her har tilbodet vore avgrensa etter den dramatiske ulykka oktober i fjor, kor ein lokførar mista livet og lokomotivet vart kondemnert.
Det har snart gått eit år sidan ulukka, men togselskapet SJ slit framleis med drifta. Nattoget på Nordlandsbanen går for eksempel framleis ikkje på strekninga. Dei manglar heilt enkelt lokomotiv.
Direktør for kommunikasjon og marknad, Randi Ness, i SJ Noreg, forstår at situasjonen skapar usikkerheit og frustrasjonen blant dei reisande og reiseselskapa.
Ho forklarar at dei gjer så godt dei kan med dei lokomotiva dei har.
Randi Ness, SJ Noreg.
Foto: SJ Norge– I sommar har vi hatt fulle tog på Nordlandsbanen, vi ser at folk ynskjer å ta tog. Det er gledeleg for oss som togselskap. Derfor er det frustrerande at vi ikkje har nok lokomotiv, seier Ness.
– Er de redd for at dette kan ha ein varig effekt på omdømet til toga i regionen?
– Det er klart at omdømmet til jernbanen er viktig å arbeide med, jo større problem ein har, desto større risiko er det for at omdømet til jernbanen fell. Så skal me gjere alt me kan for at me får tilbake kundar på toget, fortel Ness i SJ.
Max Schröder tykkjer Nordlandsbanen er eit godt eksempel på eit systematisk og nasjonalt problem som Norske Tog AS, Bane Nord og politikarane har ansvar for å ordne opp i.
Jobbar for å betre situasjonen
Avdelingsleiar for reiselivsutvikling i Innovasjon Noreg, Audun Pettersen opplys til NRK at dei jobbar saman med togselskapa, Norske Tog og Bane Nor for å betre situasjonen for reiseselskap og turistar som vil nytte tog i Noreg.
KLUSS FOR TOG: At det går buss i staden for tog på Nordlandsbanen er blitt ganske vanleg det siste året.
Foto: Ola Helness / NRK– Først og fremst er det beklageleg at transport med tog oppfattast som eit upåliteleg transportmiddel i Noreg. I Innovasjon Noreg sin turistundersøking for 2024, oppgir 8 prosent av dei utanlandske feriereisande at dei brukte tog på reise i Noreg.
Han legg til at det er vanlegare å bruke tog når ein fyrst har kome med fly til Noreg, enn om ein kjem med andre transportmiddel.
Jernbanedirektoratet opplyser at punkllipunktlegheita er betre enn i fjor.
– Me ser ein betring i leveransekvaliteten, og for 1. tertial er punktlegheit for persontog på 88 prosent, som er tett oppunder målsettinga på 90 prosent, seier Kristian B. Helgeland, rådgivar i Jernbanedirektoratet.
Han fortel at det er det beste resultatet på fleire år.
For Nordlandsbanen er ikkje tala like bra. Nedgangen kjem av kjem av i hovudsak manglande tilgang på lokomotiv etter ulykka i 2024.
Men trass i forseinkingane. Turistane NRK møtte i Bodø er godt nøgd.
Frans van der Ham, frå Nederland, elska togturen frå Trondheim til Bodø. – Det var ein nydeleg tur, eg elska det. Ni timar med fjell, fjord, steinar og mykje vatn, seier han.
Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK– Kritisk, meiner Solberg
NRK møtte Erna Solberg (H) på togstasjonen i Bodø. Solberg kallar situasjonen på Nordlandsbanen for kritisk, og seier det er viktig at man får på plass brukbare lokomotiv.
Men for statsministerkandidaten er det ikkje dei tyske turistane som er viktigast. Ho synast det er viktigare at toget liggar til rette for nordmenns kvardagsreiser.
Sandro Vattioni frå Sveits har reist i ti dagar med tog frå Sveits til Bodø. Siste del av togturen var eit av høgdepunkta. – Eg er ein stor tilhengar av tog, om eg måtte ta ein buss i staden hadde det vore synd seier, sveitsaren.
Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRKDet er trass alt sånn at jernbane er et ganske sterkt subsidiert tiltak i Noreg. Et sterkt offentleg finansiert tiltak. Da er det kvardagsbehova folk har som må vere aller viktigast. At til dømes pendlarane kjem seg av garde, forklarar Solberg.
Erna Solberg bryr seg mest om kvardagsreisene til nordmenn.
Foto: Melissa Ipek Frantzen / NRKPublisert 28.08.2025, kl. 16.31