Saka tar opp spørsmåla:
- Kva har skjedd?
- Kva har Israel og Hamas blitt einige om?
- Kva kan vere fallgruver?
- Kva skjer framover?
Kva har skjedd?
Natt til torsdag kunngjorde USA sin president Donald Trump at Israel og Hamas er einige om første del av ein fredsavtale for Gaza.
Hamas og Israel stadfestar at dei er einige om avtalen, som blei forhandla fram i Egypt.
Fredsplanen er eit første steg i ein plan for Gaza.
På noverande tidspunkt handlar ikkje planen om ein varig fred i Midtausten.
Kva har Israel og Hamas blitt einige om?
Det er til no få detaljar som har blitt offentleggjort.
Dette er kjent i fredsplanen:
- Hamas skal frigi 20 gjenlevande israelske gissel
- Israel skal frigi 2000 palestinske fangar
- Utvekslinga av gislane skal skje innan 72 timar frå avtalen trer i kraft
- Det israelske militæret skal gradvis trekke tilbake sine styrkar
- Minst 400 lastebilar med naudhjelp skal sleppe inn i Gaza dei første fem dagane, med ein gradvis auke
- Fordrivne palestinarar får vende tilbake til Nord-Gaza og Gaza
– Dette er kjempeviktig og eit heilt avgjerande skritt for å komme vidare med dei breie og langsiktige spørsmåla.
Det seier Tor Wennesland, tidlegare spesialkoordinator for fredsprosessen i Midtausten, til NRK.
Samstundes trur Wennesland at punkta i fredsplanen vil vere utfordrande å få til.
– Når det gjeld å få gjennomført dette, er det komplisert. Gaza er i komplett kaos, annonseringa fører ikkje til at det plutseleg er orden i Gaza, seier Wennesland.
Mennesker drept siden 7. oktober 2023
Sist oppdatert: 9.10.25
Kilder: Hamas-kontrollerte helsemyndigheter i Gaza / FNs kontor for koordinering av humanitær innsats (OCHA) / Israelske myndigheter
Forbehold: Tall fra Hamas-kontrollerte helsemyndigheter i Gaza skiller ikke mellom sivile og stridende, og kan periodevis være forsinket. Tallene fra israelske myndigheter viser at rundt 1200 sivile og soldater ble drept i forbindelse med Hamas-angrepet på Israel 7. oktober 2023. 466 israelske soldater har blitt drept siden 27. oktober 2023. Ingen av tallene er bekreftet av uavhengige kilder. De palestinske tallene oppdateres daglig. Tall fra Israel oppdateres minst to ganger i uken.
Kva kan vere fallgruver?
Wennesland understrekar viktigheita av at partane no held seg til sin del av avtalen.
– Dette har vi ikkje fått til sidan krigen byrja. Det hadde ikkje skjedd dersom presidenten hadde nærmast skremt partane til forhandlingsbordet. Vi får håpe at dette ber.
Wennesland peikar på Hamas som ein utfordrande forhandlingspartnar.
– Hamas forhandlar med ryggen mot veggen. Dei har ikkje støtte i folket. Dei har ingen brei internasjonal støtte i det heile tatt. Det dei forhandlar om er å få ei ordning for seg sjølv slik at dei overlever.
Det er også fleire punkt i Trump sin fredsplan som gjenstår å diskutere.
Det gjeld punkta om:
- Ei avvæpning av Hamas
- Korleis Gaza og Vestbreidda skal bli styrt
Kva skjer framover?
Det neste som vil skje er at Israel si regjering skal stemme over og godkjenne fredsplanen.
Etter ei godkjenning av planen vil israelske gissel og palestinske fangar bli lauslatne og naudhjelp skal komme inn i Gaza.
– Det som har skjedd dei siste timane er eit veldig positivt skritt framover når det gjeld moglegheita om å få ein våpenkvile mellom Israel og Hamas.
Det seier tidlegare toppdiplomat Kåre Reidar Aas til NRK.
– Vi er på veg i riktig retning, legg han til.
Interessert i meir utanriks? Lytt til redaksjonen sin podkast:
Publisert 09.10.2025, kl. 08.39 Oppdatert 09.10.2025, kl. 08.53