Store flyselskap har avlyst flygingar til Israel og Libanon.
Fleire land evakuerer no diplomatane sine og ber borgarane sine reise frå Beirut.
USA sender ekstra kampfly og krigsskip til Midtausten.
Frykta for full krig i regionen aukar, og Libanon kan vere i frontlinja.
For sjølv om Libanon ikkje er i direkte konflikt med Israel, er den libanesiske Hizbollah-gruppa det.
Dei er støtta av Iran, og saman førebur dei seg på å svare Israel etter at dei fekk seg to harde slag på kort tid førre veke.
- Kvelden tysdag 30. juni blei Hizbollahs militære leiar Fuad Shukr drepen i eit israelsk droneåtak i den libanesiske hovudstaden Beirut
- Morgonen etterpå blei Hamas' politiske leiar Ismail Haniyeh drepen i eit israelsk droneåtak i den iranske hovudstaden Teheran
No held regionen pusten medan dei ventar på Irans motåtak.
Kan kome innan eit døgn
USAs utanriksminister Antony Blinken skal ha sagt til dei andre utanriksministrane i G7-landa at eit iransk åtak mot Israel kan starte så tidleg som måndag.
Det skriv Axios basert på lukka kjelder.
– Dei sit på etterretning, så det viser at trugselen er prekær, seier PRIO-forskar Jørgen Jensehaugen.
Ifølge kjeldene til Axios, skal ikkje Blinken ha sagt noko om korleis dei trur det venta motåtaket vil sjå ut.
Iran har sjølv sagt at dei ikkje kjem til å varsle ei gjengjelding på førehand, slik dei har gjort tidlegare.
Jensehaugen trur vi kan sjå føre oss alt frå eit rakettåtak til eit koordinert åtak frå Hizbollah, houthiane og Iran.
– Det er eit spel med høg risiko for alle partar no, seier han.
Iran støttar den libanesiske militsen Hizbollah og den jemenittiske opprørsgruppa houthiane som ein del av sitt regionale maktspel. Du kan lese meir om denne «motstandsaksen» her:
Balanserer på ein knivsegg
Israels statsminister Benjamin Netanyahu sa søndag kveld at Israel allereie kjempar ein krig på fleire frontar mot Iran.
Men både Israel, Hizbollah og Iran har sagt at dei ikkje ønsker ein krig.
Ein talsperson for den iranske regjeringa seier måndag morgon at dei ikkje ønsker ei opptrapping, men at dei «er nøydde til å straffe Israel».
– Straffa skal hindre meir ustabilitet, seier talspersonen, ifølge Reuters.
Men Hizbollah balanserer på ein knivsegg, forklarar Jensehaugen.
Samstundes som dei vil unngå krig, må dei vise styrke overfor Israel.
– Du kan vere så tilbakehalden du berre vil, men så lenge du er med på ei valdseskalering, vil det på eit eller anna tidspunkt tippe over likevel, seier Jensehaugen.
Han trekk fram rakettåtaket mot Majdal Shams i dei okkuperte Golanhøgdene i slutten av juli som eit døme. 12 barn blei drepne då ein rakett trefte ei fotballbane.
Israel har skulda Hizbollah for å stå bak.
– Det viser at risikoen er så stor at du kan skape ei eskalering som du kanskje ikkje sjølv har lyst på.
Korleis Hizbollah og Iran vel å svare på dei to åtaka førre veke, er eitt usikkerheitsmoment. Eit anna er korleis Israel vel å svare på det igjen.
– Dei kjem til å betale dyrt for det om dei vågar å angripe oss, skreiv Israels forsvarsminister Yoav Gallant på X i går.
Fleire land forsøker å roe ned
Samstundes som USA sender meir militært utstyr til Israel, forsøker dei å legge press på både Israel og Iran for å unngå ei eskalering i konflikten.
Fleire arabiske og vestlege land går no inn med tungt diplomati for å roe situasjonen.
Jordans utanriksminister Ayman Safadi var i Teheran på søndag for å diskutere situasjonen med sin iranske motpart Ali Bagheri Kani.
Det er første gong på over 20 år at ein høgståande jordansk politikar offisielt besøker Iran.
Jordan er nemleg nært alliert med Vesten. Då Iran sende 300 missil og dronar mot Israel i april, hjelpte jordanarane til med å skyte dei ned.
– Uproporsjonal krigføring
Frykta er at Israels krig mot palestinske militante i Gaza skal utvide seg til ein større regional krig. Krigen byrja i oktober i fjor, etter terroråtaket mot israelske sivile 7. oktober.
I åtaket blei meir enn 1200 israelarar drepne, og 111 blei tatt med til Gaza som gissel.
Israels følgande militæroffensiv mot Gaza har kosta minst 40.000 palestinarar livet og fordrive nesten 2 millionar menneske frå heimane sine, ifølge dei lokale helsestyresmaktene og FN.
– Det er eit generelt mønster med Israels krigføring. Han er veldig uproporsjonal i tala, seier Jensehaugen.
Han trur det same vil gjelde for ein krig mellom Hizbollah og Israel.
– Israel vil slå hardt ned på alle eskaleringar. Det vil gå hardt utover Libanon.
Krigen held fram på Gazastripa
Søndag gjennomførte det israelske militæret fleire samtidige åtak mot to skular der palestinske flyktningar oppheldt seg.
Ein journalist frå Al Jazeera var der då åtaka skjedde, og rapporterte at blant dei minst 30 drepne, var dei fleste barn.
IDF stadfesta åtaket mot skulane Al-Nassr og Hassan Salama på Telegram, og hevda at militante frå Hamas gøymde seg der.
Attentatet mot Ismail Haniyeh kan sette ein stoppar for forhandlingane om ei våpenkvile på Gazastripa.
Det var nemleg Haniyeh som representerte Hamas i forhandlingane med Israel.
Publisert 05.08.2024, kl. 11.57